Teknologi

33 1/3 RPM

«Det handlar om nostalgi og lengten tilbake til den analoge verda.»

Platespelar frå vinylens gullalder på syttitalet. Technics SL-2000 er ein prisgunstig direktedriven platespelar som framleis gler eigaren sin.
Platespelar frå vinylens gullalder på syttitalet. Technics SL-2000 er ein prisgunstig direktedriven platespelar som framleis gler eigaren sin.
Publisert

Wow og flutter. I ungdomen nilas eg tekniske spesifikasjonar på HiFi-utstyr for å få det beste til lågast mogleg pris. Eg skjøna knapt kva eg las, men hovudregelen var dess lågare dess betre, med unntak av signal/støy-forholdet, som måtte vera høgast mogleg.

Wow og flutter handlar om ujamn fart skapt av avspelingsutstyret som får det til å lyda falskt. Eg gjekk for ein direktedriven platespelar, Technics SL-2000, der likestraumsmotoren, som berre brukar 5 W og er ljodlaus, sit direkte på tallerkenen og vert fartsregulert med eit servosystem. Servosystemet er bygd opp rundt ein liten integrert krins. Denne konstruksjonen er så enkel at spelaren etter 50 år framleis spelar og er mykje betre enn det som i dag vert tilbode til budsjettpris.

Nyårsaftan 1999 hadde eg nevøen min på besøk. Han såg undrande på platespelaren, som med stroboskopljos lyste opp tilværet. Sjølv hadde han MP3-spelar. Han jubla då det kom lyd ut idet stiften trefte plata. Han såg på meg med undrande auge: «Korleis verkar dette, onkel?»

Vel, det byrjar med plata. Lyden er fysisk prega inn i rillene som mikroskopiske ujamnskapar. Ein får stereo ved å la kvar sidevegg vera ein kanal. Djupe tonar gjev langsame store utsving i rilla, medan høge tonar gjev raske mindre utsving.

Det viktigaste ved ein platespelar er stiften. Han vert sliten i møtet med plater og bør skiftast etter ei fartstid på om lag 1500 timar. Slitasjen gjer stiften butt i enden og kan øydeleggja platene.

Ved hjelp av vibrasjonar overfører stiften den mekaniske energien til elektriske signal når ein spelar plata. Den vanlegaste og billigaste måten å gjera det på er å kopla stiften til to magnetar, ein for kvar kanal, som kan røra seg i spolar. Når magnetane rører seg, vert det magnetiske feltet rundt dei endra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement