Kultur
50 år med jazz på Voss
Ideen om Vossa Jazz oppstod i Mountreux. Vangsvatnet og Gråsida ville vera like bra kulissar for ein jazzfestival som Genfersjøen og Alpane.
Sommaren 1973 stod to unge bygdegutar på Voss jernbanestasjon. Dei skulle ta toget til Oslo og vidare nedover til kontinentet og Sveits. Målet var jazzfestivalen i Montreux. På programmet den sommaren stod musikarar som Miles Davis, Carole King og Dexter Gordon.
Etter ein av konsertane sette dei to gutane, Asle Haaland og Lars Mossefinn, seg til på ein benk, og der vart dei samde: Om sveitsarane kunne arrangera ein jazzfestival ved Genfersjøen med utsyn mot Alpane, måtte vossingane kunna gjera det same ved Vangsvatnet med fjellmassivet Gråsida i bakgrunnen.
Slike gode idear langt heimafrå vert det sjeldan noko av, men like før jol same året sende dei ut ei pressemelding: Det vert jazzfestival på Voss i mars. Same helga som bygda skulle vera vertskap for verdscupen i slalåm. Jazz og alpint høvde godt saman, meinte dei, og Voss skulle aldri verta det same.
Sjølv var eg elleve år og på besøk hjå besteforeldra mine den helga i mars 1974. Men eg var meir oppteken av å få autografen til alpinisten Piero Gros enn å gå på konsert med saksofonisten Jan Garbarek.
Gros var villmannen som køyrde utan luve, krossa seg på brystet før start og lét det stå til. I motsetnad til hovudkonkurrenten på den tida, italienaren og landsmannen Gustavo Thöni, som køyrde kontrollert og sikkert. 17 år gamle Ingemar Stenmark slo forresten gjennom den helga med andre- og tredjeplass.
Autografen til Gros fekk eg aldri. Heller ikkje den til Franz Klammer, som kom på åttandeplass i storslalåmrennet. Det var kamp om autografane. Tusen menneske var møtte fram då kronprins Harald delte ut premiane ved Vangsvatnet sundagskvelden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.