Reportasje
50 års kamp for lyngshesten
For 50 år sidan heldt lyngshesten på døy ut her i landet. Det var mellom 50 og 100 hestar att av rasen, og situasjonen var kritisk.
Lyngshesten tek seg fint fram gjennom laussnøen, her med Rita Solberg ved taumane.
Foto: René Johansen
Heldigvis fanst det entusiastar, og Geirmund Vik frå Fykse var ein av dei. Han kom til Nord-Troms for 50 år sidan og sette i gang arbeidet med å berga lyngshestrasen. Takka vera den store innsatsen som er lagd ned, finst det i dag mellom 2000 og 2500 lyngshestar spreidde over store delar av landet. Geirmund Vik har fått kongens fortenestemedalje for innsatsen, men framleis er det ingen grunn til å kvila på laurbæra.
– Legg ein saman talet på alle dei nasjonale hesterasane, det vil seia lyngshestane, fjordingane og dølahestane, er det om lag like mange som det er islandshestar her i landet, fortel Birgit D. Nielsen.
Ho er gift med Geirmund Vik, og begge har dei synt stort engasjement for å gje lyngshesten ei framtid. Dei er busette på eit småbruk på Storslett i Nordreisa i Nord-Troms, og der har dei ti lyngshestar. No har fleire satsa på lyngshesten, og folk skjønar at lyngshesten er ein viktig del av kulturarven. I dag er han å finna over heile landet, men entusiastane ønskjer at interessa skal verta endå større.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.