Essay

Å fly

Publisert

Eg elskar å fly, ikkje alltid, men idet flyet rusar motoren og står klart til å ta av, og eg kjenner at eg får sommarfuglar i magen og ventar på at krafta i dei to motorane skal presse meg tilbake i stolryggen, og idet flyet begynner å få opp farten og alt det som er utanfor forsvinn, og farten blir større og større, tenkjer eg alltid kva om flyet ikkje lettar, kva om det er for tungt, men så merkar eg at flyet lettar og bakken blir borte, og det tek til å riste.

Og så flyg flyet gjennom nokre mørke skyer, og ristinga held fram, og eg hatar det som får flyet til å riste, og eg blir svært uroleg og pressar skoa ned i dørken, som om det hjelper, og held hardt i armlenet heller enn å la meg fly med flyet, så med eitt er flyet over skyene, og eg glanar på sola og skyene som meir og meir minner om ei rar og bølgjete slette av snø, så pussig og snål som runde snøskavlar, og det er ingen, heldigvis, som går på ski, om ikkje eg med eitt får sjå Paulus, med ski og to digre venger og ein lysande ring over hovudet, langt skjegg og på ein prikk lik julenissen.

Eg set meg betre til rette og ventar på flyvertane; dei kjem alltid sist til meg, tenkjer eg, og får lyst på øl og dram, og noko salt, altså nøtter, det sit ei flott dame inntil meg, og ho les Aftenposten, og eg bøyer meg fram for å få opp ei bok frå veska mi som eg har mellom skoa; eg kan høyre at flyvertane er hos dei som er overklassen på flyturen; dei som ikkje betaler for seg sjølv, men får ein eller annan jobb til å betale; eg glanar meir ut av den ovale flyruta, og ser mot ho eg sit inntil, som held fram med å lese Aftenposten, og eg skjønar ikkje at nokon kan lese Aftenposten; som om eg tenkte noko feil, så begynte flyet å riste igjen, og det blei stille der framme hos sossen, dei med billige drinkar og mat, og eg glante ut på slettene av underleg skyer, stadig vekk utan Paulus; eg kunne sjå at dama med Aftenposten ikkje likte seg, ho blei uroleg og la frå seg Aftenposten, og ho steig i vørdnad hos meg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement