Reportasje

Å lage mat med sommarfuglar

Gardar i Romania er dei minste i EU, men har det største artsmangfaldet. Er det noko her vi bør ta med oss inn i framtida?

Kveldsturen heim: Kyrne i Viscri går saman på beite heile dagen, og når kvelden kjem, vender dei heim kvar til sin gard.
Kveldsturen heim: Kyrne i Viscri går saman på beite heile dagen, og når kvelden kjem, vender dei heim kvar til sin gard.
Publisert

Ved fyrste augekast kan det sjå ut som tida står stille i den romanske landsbyen Viscri. Gata som går gjennom landsbyen, er gruslagd. Husa langs begge sider er tradisjonelle, med store, stengde portar mot gardsrommet innanfor. Vatnet renn i vasstrau som er uthola trestokkar, og kvinnene som kjem ut frå portane, har skaut på hovudet, mennene har heimelaga stokkar.

Men tida går sjølvsagt her òg. Nett no nærmar ho seg åtte, sola kjem med kveldslyset sitt, og stadig fleire portar opnar seg. Bjøller byrjar å ringe i det fjerne. Nokre djupe og langsame, andre lettare og raskare. Nei, det er ikkje kyrkjeklokker. Det er beitedyra som kjem heim: Kvar morgon opnar folk portane og slepper kyr og geiter ut i gata, der dei går saman til eit felles beite. Kvar kveld vert dei førte heim att og kjem spaserande inn i landsbyen nøyaktig klokka 20.00. Slik dei har gjort kvar dag i overskodeleg fortid.

Og her kjem dei, akkurat i tide. Fyrst ei, truleg sjefen sjølv. Ho snusar litt, men legg i veg, og har ein heil gjeng etter seg. Kyrne luntar sakte oppover gata, stoppar for ein sup vatn i drikketrauet, før dei ei etter ei svingar av – og luntar inn porten der dei høyrer heime.

Desse kyrne veit kor dei bur, og kor dei må gå for å verte mjølka for hand og sette i hus for natta. Ei etter ei forsvinn dei, det er eit fantastisk syn.

Og dette høver jo godt med biletet vi har av Romania: eit land som ligg litt etter i utviklinga, som framleis heng att i ein kvardag prega av sjølvberging og byteøkonomi. På mange måtar er det sant.

Nærare ein tredjedel – 32 prosent – av dei registrerte gardsbruka i EU ligg i Romania. Det utgjer over 2,9 millionar gardar. Dette er igjen ei av årsakene til at gjennomsnittsgarden i EU er mindre enn til dømes gjennomsnittsgarden i Noreg. Medan snittet i Noreg er drygt 26 hektar, er snittgarden i EU ikkje større enn drygt 17 hektar. Og mediangarden er endå mykje mindre, berre 5,5 hektar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement