Kunnskap

Appendicitt

Ubehandla vil sjukdomen vera dødeleg i over 50 prosent av tilfella.

Kikholskirurgi eller gamaldags open kirurgi er standardbehandling ved appendicitt.
Kikholskirurgi eller gamaldags open kirurgi er standardbehandling ved appendicitt.
Publisert

Det har faktisk hendt eit par gonger at kirurgar har fjerna sin eigen blindtarm, eller rettare sagt sitt eige blindtarmsvedheng. Første gongen, for vel 100 år sidan, ville kirurgen visa at inngrepet kunne gjennomførast utan narkose, med berre lokalbedøving. Det gjekk bra.

Andre gongen, på ein ekspedisjon i Antarktis, var det ein russisk kirurg som opererte og kurerte seg sjølv for blindtarmsbetennelse.

Den eigentlege blindtarmen, den første delen av tjukktarmen, ligg på høgre side av magen. Og på denne blinde tarmen er det eit knapt 10 cm langt vedheng som kan likna ein liten orm – appendix vermiformis – ein struktur som først vart påvist og teikna av Leonardo da Vinci.

Dette vedhenget til blindtarmen er det som i daglegtalen blir kalla «blindtarmen». Det er usikkert kva funksjon organet har – ein kan leva like godt utan, har det synt seg. Kanskje spelar det ei rolle for immunforsvaret, sidan me finn påfallande mange immunceller i området, kanskje er denne tarmstumpen eit reservoar for «snille» tarmbakteriar?

Dersom vedhenget tettarseg til med tarminnhald, kan det bli irritert, betent og raudt. Då har du fått ein akutt blindtarmsbetennelse: appendicitt. Tarmveggen svulmar opp og kan sprekka dersom blodsirkulasjonen blir forstyrra.

Betennelse i blindtarmsvedhenget, akutt appendicitt, er ein tilstand som årleg råkar nær 5000 her i landet. Sjukdomen er ei av dei vanlegaste årsakene til akutte magesmerter. Pasientane kan vera i alle aldrar, men er oftast mellom 10 og 30 år gamle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement