Mat

Attende til Egypt

Frukt og søte saker i fleng på buffeten i Sharm el-Sheik.
Frukt og søte saker i fleng på buffeten i Sharm el-Sheik.
Publisert

Eg har tidlegare så vidt nemnt egyptreisa mi her i spalta. Nyleg kom eg over hundretals bilete eg tok under opphaldet, så no skal eg fortelje litt meir. Oppglødd over den såkalla arabiske våren drog eg av garde på impuls. Naiv som eg var, trudde eg opptøyane var starten på ei demokratisk utvikling. Feil. Det gjekk eitrande gale.

For meg innebar reisa likevel ei endring, om enn banal nok – av di eg for fyrste gong oppdaga kva lukke det er for ein velvaksen mann å gå i arabiske mannsklede. Ti drakter kjøpte eg den gongen, og no, ti år etter, går eg sjeldan i anna utandørs når vêret er varmt. Innandørs brukar eg djellabah heile året. Eg har cirka 30 forskjellige i garderoben no, sydd for meg i mange land.

Ein lærer alltid noko nytt når ein reiser langt. Min lærdom var denne gongen at det kanskje ikkje er så smart å sette seg til på balkongen nattetid og hyggje seg med godsaker frå taxfree alt fyrste natta. Det var ei på mange måtar rusande natt. Grashoppene surra i timen før soloppgang, og så fekk eg frå muezzinen i nærleiken høyre morgongrybøna, fajr, som eg synest er den aller vakraste.

Lågt, nesten heilt umerkeleg, smyg ho seg innpå deg, bøna skal byrje halvannen time før soloppgang og må slutte like før sola står opp. To netter sat eg oppe for å høyre, og Mohammed, fred vere med han, tilgir vel at eg skjenkte meg nokre gode glas rom til underhaldninga – eg er jo ein kaffir (vantru) uansett.

Då eg gjekk til lunsj tredje dagen, var det ein norsk sjukepleiar som blei uroa over nokre raude prikkar ho kunne sjå på beina mine. Eg blei overtydd om at det måtte ha vore småkryp i senga på rommet, noko resepsjonisten sa militært og hardnakka nei til. Sjukepleiaren meinte eg måtte ha lege, og slik blei det.

Inn på rommet mitt skreid snart hotellets eigen doktor Nasser, sjølve sinnbildet på ein hotellege med diger brun skinnkoffert, kraftig mustasje, pedagogisk haldning og gebrokken engelsk. Han tok berre et kort overblikk og proklamerte at eg var myggstukken. Saka var ifølge dokter Nasser at eg heilt tydeleg hadde fått ein allergisk reaksjon mot den lokale egyptiske myggen, som han kalla egyptian culex. Han forklarte at denne myggsorten er så smart at han held heilt kjeft der han flyg. Myggen summar ikkje. Difor la eg heller ikkje merke til at eg blei stukken, og tett i tett raudprikkete nedover begge beina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement