Teknologi

Attende til framtida

Det gjer ingenting at noko er gamalt, så lenge det verkar.

Hjå Glomma industrier har dei orden i sysakene.
Hjå Glomma industrier har dei orden i sysakene.
Publisert Sist oppdatert

Eg står på baksida av eit industriområde på Årnes. Google Maps har ført meg hit. Eg leitar fortvilt etter Glomma industrier. Websida deira såg fantastisk ut, og det var også tilbodet me fekk for å trekkja om alle møblane me har i selskapslokalet. Har me vorte lurte?

Plutseleg ser eg ei lita dør i ein stor port og ovanfor den eit lite skilt som fortel meg at me har kome rett. Innsida er eit syn for gudar. Hundrevis av møblar som anten er ferdige eller skal få sitt møte med møbeltapetseraren. Dette er ikkje noka «mann og kone-bedrift». Her ville Adam Smith ha gråte av glede av effektiviteten som arbeidsdelinga gjev.

Det tek til med at nokon tek stoff og gamal stopping av møblane. Med utgangspunkt i dei gamle stoffbitane vert det laga nye. Og midt i rommet står Jørund Skjalg Svendsen og svarar på kvifor Glomma industrier er så konkurransedyktig på pris: ein kuttemaskin frå Lectra. Han ser ut som ein gedigen skrivar, men har knivar i staden for penn. Jørund fortel at kuttemaskinen er meir enn tjue år gamal og kosta nokre millionar i byrjinga av dette hundreåret. Eg gløymer fullstendig kvifor me kom.

Heldigvis er Ingebjørg med, og ho vel ein strålande farge i gudbrandsdalsstoff medan eg peprar Jørund med spørsmål. Då eg er fargeblind, er jo ikkje fargar mitt departement. Jørund startar forklaringa med å hefta stoffbitar på ei tavle han har spraya med lim. Så held han ei digitaliseringsmus i neven og markerer ei rad med punkt langs stoffranda. Det held med eit par punkt, så fyller datamaskinen ut resten. Eg ser bort på datamaskinen og vert nostalgisk. Programmet har eit herleg brukargrensesnitt med store knappar og gilde fargar i ekte Windows 2000-stil. Det gjer ingenting at noko er gamalt, så lenge det verkar.

Så går Jørund og eg bort mot kuttemaskinen. Der er det ein ny datamaskin som sorterer bitane slik at ein får optimal utnytting av stoffet. Jørund trykkjer på ein knapp, og opp sprett det eit speedometer. Etter få sekund er bitane klare til å verta skorne ut på best mogleg måte. Jørund kan òg gå inn og endra korleis bitane ligg, dersom det er ønskeleg eller naudsynt.

Så tek me ein titt på kuttaren, og Jørund forklarer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement