Auka røynd (AR)
Omaha Beach i Normandie i Frankrike og det same strandområdet sett gjennom ein AR-app som viser den allierte landgangen i 1944.
Foto: Nils Wendelbo Nyre / Illustrasjon: Gunnar Liestøl.
Ny teknologi dreier seg ofte om å lage opplevingar for folk. Det vert stadig vanlegare med augmented reality (AR) på mobilen. Slik teknologi gjev deg eit ekstra lag av informasjon utanpå den røynda du opplever med eigne sansar. Det kan til dømes vere at ei gammal steinbru vert sett inn att i landskapet når du ser ned på elva gjennom kameraet på mobilen din.
På nynorsk kunne slik teknologi kallast «auka røynd» (AR), men denne nemninga er diverre ikkje i allmenn bruk.
Lesebriller hjelper deg å sjå lita skrift skarpare, og teleskop hjelper deg å sjå langt ut i verdsrommet, men dei hjelper deg ikkje til å sjå noko anna enn det som alt er der.
Å «augmentere» er å forsterke røynda, gjere ho meir verdfull, mangfaldig eller intens ved å leggje til tekst, lydar og bilete som ikkje er der i røynda/ ikkje er der no. Til dømes kan slik teknologi vise deg både namn og høgd på fjell i omgjevnadene dine, og i prinsippet kan alle slags historiske og fysiske fakta bringast inn i sansefeltet og forsterke opplevinga di.
Augmented reality kan gjere brukaren til eit slags sansemessig supermenneske, og det er i mange samanhengar ein taktisk fordel. Militæret er alltid tidleg ute, og eit av dei fyrste bruksområda for AR var å støtta pilotane i jagarfly med viktig informasjon på ein gjennomsiktig skjerm.
Når piloten skal sikte på eit mål, kan AR-visinga kompensere for vind og andre forhold, og piloten kan sikte «rett på» målet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.