Teknologi
Automatiske nyhende
Automatisert nyhendeskriving er i ferd med å verte eit viktig trekk ved nyhendeproduksjonen.
Når oppgåva er å rapportere objektivt om hendingar og resultat i ein fotballkamp, som her mellom Start og Molde i 2015, kan ein algoritme vere like god som reporteren Davy Wathne i TV 2. Men Wathne kan noko ingen algoritme gjer etter han, han kan referere subjektivt.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
I førre veka kunne VG rapportere frå ein engelsk fotballkamp mellom Derby og Brentford. I sanntidsoppdateringa deira står det: «Mål! Brentford FC får et straffespark som Ivan Toney setter i mål på Pride Park Stadium. Stillingen er dermed 0–1.» Dette ser ut som ein tekst som ein sportsjournalist kunne skrive, men han er faktisk skriven av ein algoritme.
Automatisert nyhendeskriving er i ferd med å verte eit viktig trekk ved nyhendeproduksjonen. Norsk Telegrambyrå (NTB) har truleg kome lengst med slik teknologi i Noreg. Dei har i mange år alt laga automatiserte meldingar om fotballresultat, valresultat og kjøp og sal av eigedom. Men alle dei store mediehusa er i dag med på leiken.
Det trengst ikkje menneskelege journalistar til dette, for skrivearbeidet vert gjort ved hjelp av uttrekk av fakta frå databasar, algoritmar som lagar tekstar, og presentasjonsverktøy som viser rapportane. Rett nok er det menneske som har laga systema, og ein vaktsjef eller redaktør vil ofte sjå gjennom autonyhenda før publisering, men forteljinga vert faktisk sett saman heilt utan hjelp frå menneske.
Denne typen nyhende er vanlegast for sjangrar som sportsreferat, valresultat og eigedomsnytt. Slike tema er i utgangspunktet velordna, og det er relativt lett å lage dataprogram som handterer dette.
Det dreier seg til dømes om 22 fotballspelarar som deltek i ein aktivitet der ein har data om ei avgrensa mengd hendingar (corner, frispark, scoring, utvising etc.) i ei tidsramme som er gitt på førehand (2 x 45 minutt, eventuelt med ekstraomgangar).
Dagens løysingar for slike automatiske nyhende er basert på at dei dataa som vert brukte, er godt strukturerte. All relevant informasjon kan finnast i ein strukturert database der viktige element i det ein vil skrive, er lagra. Til dømes hendingar, tidspunkt og involverte i ein fotballkamp, eller lokasjon, pris, storleik for eit bustadsal. Slike databasar finst offentleg tilgjengeleg for bustadsal, og på kampar som den som vart nemnd over, er det heilt sikkert folk som sit og registrerer viktige hendingar. VG abonnerer nok på slike hendingsdata og kan derfor bruke desse dataa i den automatiske rapporteringa frå kampen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.