Teknologi

Bærplukkarrobotar

All posisjonering og biletanalyse tek tid, så eit opplagt menneske kan sikkert plukke fem–seks bær på den tida det tek for roboten å plukke eitt. Men robotar treng korkje løn, kvile eller karantene.
All posisjonering og biletanalyse tek tid, så eit opplagt menneske kan sikkert plukke fem–seks bær på den tida det tek for roboten å plukke eitt. Men robotar treng korkje løn, kvile eller karantene.
Publisert

Det er snart sesong for å kose seg med norske jordbær. Bæra har fått massevis av sollys i den nordlege sommaren, noko som gjer dei rikare på smak og søtare enn dei drivhusjordbæra vi får frå Nederland resten av året.

Men avisene er fulle av artiklar om jordbærkrise. Koronaen gjer det vanskeleg å ta imot sesongarbeidarar frå Aust-Europa, produksjonen går ned, og prisane går opp. Arbeidslause nordmenn kunne kanskje gjere jobben, men bærplukking er strevsamt og kan vere helsefarleg for uerfarne. I tillegg avheng kvaliteten på jordbæra av at den som plukkar dei, er forsiktig og presis i finger- og handrørslene. Erfaring er heilt essensielt.

No har vi snart robotar til å gjere jobben, og jordbærkrisa vil setje fart i utviklinga. Roboten Thorvald er alt ein slags kjendis i landbruksfaglege miljø. Det er Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Saga Robotics som har utvikla Thorvald.

Han er programmert til å plukke modne jordbær, det vil seie at han kjenner igjen og plukkar raude bær, men lèt dei kvite, umodne bæra stå igjen. Thorvald kan òg sortere bæra etter storleik, hjelpe bonden med å få oversikt over mogningsgraden i avlinga og halde plantane fri for mjøldogg.

Alt dette kan han gjere dersom jordbæra er planta på bord over bakken inni plasttunnelar. Då kan han rulle sakte langs dyrkingsrennene og gjere sin finstemte jobb. Bøndene må altså forandre jordbæråkeren sin dersom dei skal ta i bruk robotar. Alt må leggjast maksimalt til rette for at Thorvald og robotkameratane hans skal kunne gjere ein god jobb.

Plukkerobotar som Thorvald kan byggjast i ulike versjonar for dei fleste landbruksmiljø, slik som opne marker for grønsaker, frukthagar for bringebær og drivhus for tomatar og liknande. Men dyrkingsforholda må i alle tilfelle tilpassast det roboten krev. Då kan denne teknologien ta over dei harde og repetitive oppgåvene knytte til planting, stell, ugrasplukking og innhausting av markens grøde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement