Kunnskap

Bakrus

Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null.

Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Edvard Munch: «Dagen derpå» (1894).
Publisert

Nordmenn flest veit kva det er tale om. Mange har kjent det på kroppen. Fire av fem har smakt alkohol det siste året, ifylgje Folkehelseinstituttet (FHI). Blant alle smakarane har halvparten drukke meir enn seks einingar på éin kveld, til dømes ei flaske vin, minst éin gong det siste året.

Då har dei mest sannsynleg kjent ein tydeleg bakrus morgonen etter. Diagnosen er enkel. Har du vore på rangel og kjenner deg pjusk neste morgon, kan du rekna med at det er bakrusen som er på ferde. Nokre vil likevel prøva å bortforklåra det heile med finare diagnosar som «sinusitt», «migrene» eller «gastroenteritt».

Dårleg svevn

Dei mest kjende symptoma er at ein kjenner seg turr i munnen, påfallande trøytt og apatisk, irritabel, deppa, søv dårleg og har hovudverk. Om du i tillegg hugsar uklårt eller ikkje i det heile – og lurer på kva som eigentleg hende – tyder det på at du rett og slett har vore skikkeleg på fylla. Verst er plagene utpå morgonkvisten når promillen ligg kring null. Deretter tek det gjerne 8–24 timar før du er heilt i vater.

Kognitive testar etter ein middels rangel viser redusert merksemd, nedsett reaksjonsevne, tregare problemløysing og forståing. Det kan vara i mange timar, lenge etter at alkoholen er ute av blodet. Dårleg svevnkvalitet og lite svevn medverkar sterkt til dei dårlege prestasjonane. Då er det best å lata bilen stå endå nokre timar jamvel om promillen er null.

Kva skjer i kroppen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement