Teknologi

Betalingsterminalar

Butikksjefen for Vinmonopolet på Oslo S., Jetmund Ringstad, informerer kundar om at dei berre får tatt imot kontantar 16. mai, då kortterminalar over heile landet var nede.
Butikksjefen for Vinmonopolet på Oslo S., Jetmund Ringstad, informerer kundar om at dei berre får tatt imot kontantar 16. mai, då kortterminalar over heile landet var nede.
Publisert

Den 16. mai i år var det ei «lita krise» i landet i eit par timar. Sentrale datamaskiner hos Nets fungerte ikkje, og 130.000 betalingsterminalar slutta å verke. Folk fekk ikkje tak i den drikka dei trong til 17. mai-feiringa utan å betale med kontantar, men kven har vel kontantar no til dags?

Betalingsterminalar er ein teknologi vi har full tillit til, og det verkar meiningslaust å drasse med seg pengesetlar og myntar. Difor vart det kjempelange køar framfor minibankane – ein teknologi vi nesten har gløymt finst.

Ein tenkjer gjerne ikkje så mykje over kva som gjer det mogleg å betale for ei flaske vin berre med å halde eit lite kort nær eit lite apparat på disken. Betalingsterminalar er ei kjede av teknologiske løysingar og verksemder, og første ledd i denne kjeda er kunden.

Ein har eit bankkort med kontoinformasjon som namn og kontonummer og noko som heiter tenestekode. Tenestekoden er ikkje noko vi brukarar kjenner så godt til, men han fortel kvar kortet kan brukast og kva tenester det har tilgang til. Ein legg kortet borttil terminalen, tastar inn pinkoden og stadfestar med det kjøpet av vinen.

Det neste leddet i kjeda er kjøpmannen som har kortterminalen, vanlegvis kopla til kassasystemet i butikken. Deretter handterer ein aktør informasjonen om kortbruken som vert send frå terminalen. Nets er ein slik aktør. Den 16. mai slutta systemet for å handtere kortterminalar å verke, og ingen fekk kontakt med aktøren. Nets har ansvar for å verifisere brukaren og sende pengane til kjøpmannen. Aktørar som Nets vert gjerne kalla innhentarar. Det finst fleire innhentarar, men det er Nets som dominerer på marknaden i Noreg.

Innhentaren brukar eit kortskjema til først å sende ein pinkode og deretter sende pengekravet til den rette kortutferdaren. Kortskjemaet fortel korleis kommunikasjonen fram til og tilbake frå ein kortutferdar skal gå føre seg. Kortskjema er definerte av BankAxept eller kredittkortfirma som Visa. BankAxept er heilnorsk og tar seg av direktebetaling frå alle norske bankkort. Visa definerer korleis pengeflyten skal gå om vi brukar eit Visa-kort.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement