Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Bitcoin-­eksperimentet

El Salvador er det einaste i landet i verda der kryptovalutaen bitcoin er offisiell valuta. Folk flest bruker amerikanske dollar i kvardagen, medan staten kjøper éin bitcoin kvar dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Organisasjonen Bitcoin Beach vart skipa med mål om å få innbyggjarar og verksemder til å bruka bitcoin som om det var «vanlege» pengar.

Foto: Morten Søberg

13880
20250103
13880
20250103

Bitcoin-reportasjane

Morten Søberg skriv om fenomenet bitcoin på tvers av landegrenser.

Tidlegare: Sulitjelma og Hongkong

Landsbyen El Zonte ligg rett ved Stillehavet, cirka fem mil sør for hovudstaden San Salvador. I 2019 utløyste ein anonym bitcoindonasjon (mest sannsynleg frå USA ein plass) eit sosialt og økonomisk eksperiment her. Organisasjonen Bitcoin Beach vart skipa med mål om å få innbyggjarar og verksemder til å bruka bitcoin som om det var «vanlege» pengar; eitkvart du betaler med, måler verdi i, eventuelt kjøpekraft som du sparer til seinare bruk.

På nettet les eg at El Zonte er ein liten og turistifisert landsby med nokre tusen innbyggjarar (innbyggjartalet er usikkert). Sjølv vil eg sjå dette bitcoinsamfunnet på nært hald for eiga rekning.

Eg sjekkar inn på Puro Surf Hotel ein laurdag føremiddag og betaler med kredittkort. Eg lærer at eg kunne ha gjort opp for meg med bitcoin om eg ville. Eg måtte då ha hatt ein bitcoinapp på telefonen, skanna ein QR-kode og så overført bitcoin til hotellet som om eg brukte Vipps. I alle høve kostar hotellrommet skjorta. Og alle gjestene er vestlege, for det meste mannlege surfarar frå USA på ferie.

Kontrasten til den lokale kvardagen i El Zonte er ved fyrste augnekast nedslåande. Mellom luksushotella kryr det av rønner og skur og søppel òg. Men rett skal vera rett: Fyrst og fremst merkar eg meg alle skilta til småbutikkar og suvenirsjapper, kafear og restaurantar med bitcoinsymbolet – ein kvit, dollarinspirert B mot oransje bakgrunn.

Her og der inneheld skilta skrift av typen «Bitcoin accepted here», «Pay with real money» og «Framtida er her!» skrive på spansk. Prikken under ropeteiknet er ein reklameplakat for «Bitcoin farmers market» som går av stabelen annankvar sundag i El Zonte.

El Salvador – «frelsaren» på spansk – er den minste republikken i Mellom-Amerika.

Foto: Norsk Allkunnebok Atlas

El Salvador ligg mellom den 13. og 14. nordlege breiddegraden. Klimaet er tropisk: varmt og fuktig. Eg saumfer El Zonte, sveitt og gatelangs, ikledd ei oransje T-skjorte med talet 21 og namnet Satoshi skrive på ryggen. «Bitcoinuniforma» mi fungerer. Ein tilfeldig tyskar spør ropande om eg òg er ein «bitcoinar». Han har nyss flytta til El Zonte for å surfa på bitcoinbylgjene, kjenna seg fri, som han seier, og investera i sjokolade med bitcoinlogo.

Tyskaren fortel at også landsbyen Berlin i El Salvador har ein sterk bitcoinkultur. Eg spør han om det vestlege bitcoinmiljøet i El Zonte. Eg får til svar at det er marginalt, kan henda 50 menneske, dei fleste av dei frå Canada og USA.

Kort tid seinare møter eg ein kar frå Wisconsin som «driv med krypto» og skal bu i El Zonte gjennom vinteren for å sleppa kulde, snø og is. Innehavaren av The Bitcoin Hardware Store har for sin del vakse opp i Toronto. Kanadiaren teiknar og fortel at det konstitusjonelle kongedømmet Bhutan satsar stort på bitcoinproduksjon. Sjølv sel han alskens teknisk utstyr for å mynta bitcoin, og på ein av veggene heng ein «myntautomat» der ein kan kjøpa bitcoin med mobiltelefonen.

Kanadiaren fører òg ei lærebok på engelsk og spansk om bitcoin. Boka har vorte skriven på dugnad av «bitcoinarar» i El Zonte. Forfattarane har no innleidd samarbeid med kunnskapsdepartementet i El Salvador. Bitcoinboka deira har kome på pensum på lærarutdanninga i landet.

Småbutikkar og suvenirsjapper, kafear og restaurantar har bitcoinsymbolet – ein kvit, dollarinspirert B mot oransje bakgrunn.

Småbutikkar og suvenirsjapper, kafear og restaurantar har bitcoinsymbolet – ein kvit, dollarinspirert B mot oransje bakgrunn.

Foto: Morten Søberg

Eksperimentet Bitcoin Beach har skapt ringar i vatnet og ført til medieoppslag verda over. Ikkje minst har forsøket i surfeparadiset ved stillehavskysten påverka pengepolitikken i El Salvador: Den 7. september 2021 tok den nasjonale bitcoinlova til å gjelda. Då vart bitcoin offisiell valuta i landet – jamsides amerikanske dollar. På same tid lanserte styresmaktene ei digital lommebok for å gjera ålmenn bruk av bitcoin lett som berre det. Appen liknar på Vipps og heiter Chivo – «geit» på spansk, men det same som «kul» i El Salvador. I alle høve fekk innbyggjarane som lasta ned denne applikasjonen på mobiltelefonen sin, overført bitcoin gratis til ein verdi av cirka 30 dollar. Same hausten fekk dei òg rabatt dersom dei betalte for bensin og diesel via Chivo.

Bitcoin er gangbar mynt på bondens marknad i El Zonte i El Salvador.

Korleis artar pengestellet i El Salvador seg? Kva skjer med tanke på bitcoin i landet? Eg tek kontakt med den norske ambassaden i Mexico. Der vert eg vist til den norske konsulen i El Salvador. Ho lagar eit eineståande og tilnærma offisielt program med lunsjar og middagar, sightseeing og møte. Sekretæren og sjåføren hennar møter meg på den internasjonale flyplassen oppkalla etter erkebiskop Óscar Romero, jamvel passkontrollen er utkvittert på førehand. Alt går leikande lett.

Eg møter sentralbanksjef Douglas Rodríguez Fuentes til avtalt tid. Han stiller mannsterkt i lag med den kvinnelege visesentralbanksjefen, fire andre medarbeidarar og ein timelang PowerPoint-presentasjon om salvadoransk pengehistorie: Frå hausten 1892 var colón – inspirert av Kristoffer Columbus – pengeeininga i El Salvador. På papiret var pengestellet lenge stabilt. Sentralbanken prenta berre to setelseriar nominerte i colón; den fyrste kom i 1934, den andre i 1997. Men fyrst gradvis, så plutseleg vart El Salvador «dollarisert». I 2001 vart det sett punktum for colón. I staden tok amerikanske dollar til å gjelda som offisiell valuta i landet.

– Alle prisar på varer og tenester i El Salvador er nominerte i amerikanske dollar og cent, seier sentralbanksjefen.

– Det er den grunnleggjande og rådande pengeeininga i landet. På same tid har kvar og ein rett til å gjera opp for seg, inkludert betala skatt og avgifter, med bitcoin. Og kor mykje ein i så fall må ut med i bitcoin, vert avgjort av vekslingskursen på bitcoin rekna i amerikanske dollar.

Pengepolitikken i eit land utan eigen valuta vert ... annleis. Inga styringsrente, inga utferding av korkje setel eller mynt – «berre» registrering, regulering og tilsyn. Eg lærer at bitcoinlova frå 2021 pålegg sentralbanken å føra oppsyn med alle bedrifter som tilbyr veksling mellom bitcoin og dollar. Desse finansføretaka – dei er over 130 i talet i skrivande stund – må også driva i samsvar med lovverk som forbyr kvitvasking, terrorfinansiering og liknande.

Likevel har Det internasjonale pengefondet – IMF – heile tida har vore skeptisk til bitcoin som offisiell valuta i den minste republikken i Mellom-Amerika. I fyrste rekkje fryktar fondet at bitcoin kan medverka til finansiell ustabilitet, som det heiter. Eg spør om faktisk utbreiing og bruk av bitcoin i El Salvador. Svaret i kortform er at sentralbanken ikkje veit.

– Vi har ikkje offisiell statistikk som gjeld bruk og utbreiing av bitcoin i praksis, seier Fuentes.

– Når det er sagt: Kvart år overfører utvandrarar og etterkomarane deira pengar til El Salvador i stort omfang, tilsvarande 20–25 prosent av bruttonasjonalproduktet. Cirka 1–2 prosent av desse overføringane skjer ved hjelp av den digitale lommeboka Chivo, utan at vi veit kva som kjem i dollar, og kor mykje som er bitcoin.

Meir eller mindre apropos fortel sentralbanksjefen at dei nyleg har fått ansvaret for befolkningsstatistikken i El Salvador. Kvifor det? Jo, av di det nasjonale sentrale statistikkbyrået igjen og igjen har kome til kort i det stykket.

El Salvador vart sjølvstendig i 1821. Ordninga med eigen sentralbank er av nyare dato: Banco Central de Reserva de El Salvador vart skipa i 1934. Grunnlaget for skipinga var ein rapport skriven av engelskmannen Frederick Powell, embetsmann i det britiske finansdepartementet, med sekretærhjelp frå Gordon Richdale i Bank of England. Den fyrste sentralbanksjefen lydde namnet Luis Alfaro Dúran og har fått eit museum om salvadoransk pengehistorie kalla opp etter seg.

Sentralbanksjef Douglas Rodríguez Fuentes.

Etter møtet vårt sender den noverande sentralbanksjefen meg Powell-rapporten – skriven på spansk – til vitende. Omsett til norsk er det tale om eitkvart ... ålment. Sentralbankar slektar på einannan på tvers av landegrenser; få pengeeiningar liknar ikkje på nokon. I botn og grunn er bitcoin nett ei pengeeining, ei finkorna ei: Medan 1 colón var lik 100 centavos på konvensjonelt vis, er 1 bitcoin det same som 100 millionar satoshi. Men jamvel i El Salvador er berre dollar og cent i røynda – enn så lenge? – synlege som monetære teikn i tida.

El Salvador grensar til både Guatemala og Nicaragua – og Honduras. I forsvarsmuseet i San Salvador finn eg fram til eit eige rom vigd «fotballkrigen» som El Salvador starta då dei invaderte Honduras 14. juli 1969. Stridshandlingane tok slutt etter berre fire dagar, og krigen braka laus rett etter tre kvalifiseringskampar før fotball-VM i Mexico i 1970: Etter to kampar stod landa likt med éin siger kvar. Samla målforskjell gjorde ingen skilnad. Den avgjerande kampen – på nøytral grunn i Mexico by – vann El Salvador 3–2 på overtid 26. juni. Dinest gjekk det slag i slag – frå heimkalling av ambassadørar til bomber og granatar.

I El Salvador vert det militære åtaket på Honduras kalla «den legitime forsvarskrigen». Sakleg sett botna konflikten i aukande misnøye med at salvadoranske jordlause innvandrarar i Honduras gjennom 1960-talet vart diskriminerte og/eller heimsende utan dikkedarar.

Bitcoin har truleg avløyst fotballkrig som fun fact om El Salvador. Ikkje minst av di president Nayib Bukele har gjort nett bitcoin til ei fanesak. Den statlege nettsida bitcoin.gob.sv er talande i så måte. Ho syner alle Twitter-/X-meldingane til presidenten.Samstundes kan ein sjå eit kontinuerleg oppdatert oversyn over El Salvadors kjøp av bitcoin. Ein figur viser grafisk og lettfatteleg korleis behaldninga veks frå dag til dag, pluss marknadsverdien nominert i amerikanske dollar.

I kvardagen står ein statleg fondskonstruksjon – Agencia Administradora de Fondos Bitcóin (AAB i stuttform) – for denne aktiviteten. Direktøren for bitcoinfondet heiter Nina Bardi de Álvarez. Sjåføren hennar hentar meg på hotellet i San Salvador og køyrer meg til fondslokala i ein liten skyskrapar med utsikt ned mot presidentpalasset.

Direktøren viser meg rundt, eg helsar på alle i leiargruppa hennar, vi vert sitjande ein skuletime for at eg skal læra det sentrale: Bitcoinfondet vart skipa i oktober 2023 i samhøve med ei ny lov vedteken av parlamentet i januar same året. Misjonen/visjonen til AAB er å fremja utviklinga av marknader for digitale eigedelar generelt og bitcoin som offisiell valuta spesielt.

Så langt har dette statlege bitcoinfondet fyrst og fremst kjøpt bitcoin med statlege midlar. I skrivande stund eig fondet rundt 6000 bitcoin, og desse fondsmidlane er verde om lag 600 millionar amerikanske dollar.

– Vi kjøper éin bitcoin kvar dag på den opne marknaden, seier Nina Bardi de Álvarez.

– Ved oppstarten av fondet fekk vi overført cirka 1200 bitcoin, som var kjøpte inn og eigde av presidentens kontor. På same vis som sentralbanken eig valutareservar, byggjer vi opp bitcoinreservar på vegner av staten. I dag er El Salvador blant dei nasjonalstatane i verda som eig flest bitcoin.

Eg skjønar det slik at dei ikkje siktar seg inn mot ei viss mengd; fondet skal auka i omfang og verdi utan noko punktum i sikte. Før den tid har ikkje fondet tenkt å realisera eventuelle gevinstar ved å selja bitcoin; oppbygginga av fondet kostar pengar, men gjev ingen inntekter til landet; eg tenkjer at vi mest av alt talar om ei form for statleg sparing som liknar på oppkjøp og lagring av gull – eitkvart verdifullt som ikkje gjev opphav til verken renteinntekter eller andre former for kontant avkastning. Enkelte av Twitter/X-meldingane til presidenten handlar om nettopp bitcoinfondet. Han brukar det aktivt for å marknadsføra både El Salvador og landets rolle som eit monetært føregangsland når det gjeld kryptovaluta.

Dagen etter møtet i San Salvador har de Álvarez invitert meg på sein lunsj. Ho hentar meg på hotellet mitt i El Zonte i sjåførkøyrd suv i lag med både væpna livvakt og ektemannen Diego Álvarez. Han høyrer til dei segnomsuste 14 familiane, slektene som i si tid eigde mesta all jorda i El Salvador og tente seg styrtrike då alt handla om dyrking og eksport av kaffi for meir enn hundre år sidan no.

Vi fer til Beto’s Restaurante nokre mil unna med storfelt utsikt mot Stillehavet. Sjømaten eg får servert, er kortreist så det held. Fritert småfisk til forrett, dinest signaturretten fiskesuppe. Utsøkt kvitvin. Frankrikes ambassadør til El Salvador kjem bort til bordet vårt; ho tenestegjorde tidlegare i Singapore. Eg lærer at Nina Bardi de Álvarez nyleg er utnemnd til ny salvadoransk ambassadør til same asiatiske bystat.

– Singapore er særmerkt av finansindustri. Målet til El Salvador er å læra av dei og freista få til noko liknande her med tid og stunder. Bitcoinpolitikken vår er ein del av denne strategien. Det handlar om å setja El Salvador på kartet på nytt vis, seier den komande sendekvinna.

Kompasset skal markera eitkvart geografisk sentrum i El Salvador.

Erkebiskop Óscar Romero vart drepen i 1980 av høgreekstreme i byrjinga av borgarkrigen som herja i El Salvador gjennom tolv år fram til 1992. I 2018 vart Romero kåra til helgen av pave Frans. I nasjonalkatedralen i det historiske sentrum i San Salvador ser eg eit digert målarstykke av mannen. Eg er på synfaring saman med kommunikasjonssjefen i det statlege bitcoinfondet.

Han viser meg så det nye, gilde og imponerande nasjonalbiblioteket som ligg rett attmed – delvis finansiert med kinesiske midlar.

Det er kveld lokal tid. Og trygt og roleg. Den bestialske gjengkriminaliteten i landet er avløyst av hardhendt lov og orden. Vi går ein fem–ti minutt bort frå katedralen og biblioteket til vi kjem til eit digert kompass som er «montert» midt i ei gate. Det liknar på ein kunstinstallasjon. Det skal markera eitkvart geografisk sentrum i El Salvador. «Her er òg eit midtpunkt», heiter det på poetisk nynorsk. Her vert det skrive ny og annleis pengehistorie i sanntid på spansk.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis