Teknologi

Blikksporing

Kosmonaut med mobilt blikksporingsutstyr på den internasjonale romstasjonen.
Kosmonaut med mobilt blikksporingsutstyr på den internasjonale romstasjonen.
Publisert

Akkurat no les du denne spalta i Dag og Tid. Auga dine flyttar seg rundt omkring i teksten og illustrasjonane. Blikksporing handlar, som namnet seier, om å spore blikket slik det oppfører seg når ein les tekstar, ser videoar eller generelt responderer på visuelle inntrykk.

Synet er den viktigaste sansen vi har, i alle fall er det den sansen som brukar mest av hjernekapasiteten vår. Og for å forstå omgjevnadane våre best mogleg flyttar vi blikket heile tida. Sidan vi også kan sjå kva andre ser på, kan vi bruke blikket til andre i samspelet oss imellom. Vi stadfestar at vi høyrer på folk, ved å sjå på dei når dei snakkar. Når folk flyttar blikket og festar det ein stad, kan vi vite kva dei er opptatt av. Dette må teknologar sjølvsagt utnytte.

Blikksporing har ei historie som går heilt tilbake til 1800-talet, og då vart teknologien brukt mest til åtferdsforsking. Dei første teknologiane for blikksporing var eit ganske tungt og stort apparat. Testinga gjekk føre seg i laboratorium, og testarane måtte halde hovudet i ro for at utstyret skulle verke. Det vart unaturlege situasjonar, og vanskeleg for forskarane å få verdifulle innsikter. Etter kvart har ein utvikla lettare og meir stabilt utstyr som kan brukast i meir naturlege situasjonar.

Blikksporing vert no også brukt til marknadsføring, til tilpassing av visuell kommunikasjon gjennom brukargrensesnitt og til å gjere det mogleg for sterkt funksjonshemma menneske å uttrykkje seg. Om ikkje lenge er det kanskje slik at smarttelefonen har innebygd blikksporing som gjer det mogleg å styre han med blikket og rørsler du gjer med hovudet og auga. I bilindustrien eksperimenterer ein med blikksporing for å avdekkje om føraren er trøytt.

Sporingsutstyr fangar opp tre eigenskapar ved det menneskelege blikket. Vi kan no førestille oss at du les nettversjonen av Dag og Tid på laptopen din.

1. Blikkpunktet viser det auga ser på akkurat no. Dersom desse punkta er tett på kvarandre over ei viss tid, utgjer det ei fiksering. Du får med deg eit ord eller ein tekstdel mens auget sta°r stille.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement