Mat

Carpaccio og Salade Nordboise

Fiks ferdig salat.
Fiks ferdig salat.
Publisert

I høg sommarvarme står vi helst ikkje og sveittar over steikepanner og dampande gryter. Sjølv bur eg i eit hus frå 1890, bygd under boomen i Kristiania. I løpet av ti år auka befolkninga i hovudstaden med 100.000, og byggeboomen kulminerte i eit heidundrande krakk i 1899.

Det er regelrett badstue på sommarstid og huttemegtuhutrande ishus om vinteren, som dei fleste hus her på Skillebekk i Oslo. Svenske entreprenørar og murarmeistrar slo seg laus og bygde opp solide formuar på bygging i bydelen min, Frogner, der delar av området står på pålar etter at dei fann på å fylle att halve Skillebekkbukta; resultatet er setningsskadar som får ein golfball til å trille muntert av garde på alle golv.

Husa er som mange andre på Frogner inspirerte av fransk arkitektur og har Paris som arkitektonisk forbilde, har eg lese. Blant dei prominente leigebuarane i bygarden min var på denne tida handelsattaché Tidemand og fabrikkingeniør Ole Mustad. Eg går ut frå at dei begge hadde råd til å fyre godt og meir enn godt i den kalde årstida.

Men kva åt dei? Ikkje veit eg så sikkert, men sidan dei var vel plasserte i den urbane overklassen, går eg ut frå at det var i orden så lenge det heitte noko fransk. Hadde eg servert ein Salade Niçoise (salat fra Nice), ville nok den seinare fiskekrok- og teiknestiftkongen forsynt seg med glede. For dette er ein verkeleg herleg salat.

Den klassiske niçoise har gjerne tomat, kokt egg, agurk, raudlauk, tunfisk, grøn salat, kokt potet, oliven, kapers og ansjos. Han er klar på eit kvarters tid, og fortvil ikkje om du manglar nokre ingrediensar. Du tar sjølvsagt det du har, og i desse innhaustingstider er det så mange lekre grønsaker i omløp at det einaste du etter mi meining verkeleg må ha, er tunfisken.

Er du i det spandable hjørnet, bruker du fersk tunfisk, som kostar like mykje som høgkarats diamantar. Sist eg prøvde, punga eg ut med 1000 kroner kiloen, og då kan ein like gjerne gå i spiskammeret og hente ein hermetisk variant. Eit spiskammer utan tunfisk på boks er tredjeklasses.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement