Teknologi

«Dampmaskinen til Thomas Newcomen vart til ved rein prøving og feiling i 20 år.»

James Watt utvikla dampmaskinen, medan Sadi Carnot forklarte han teoretisk. Maskinen du ser på biletet, er ein sein versjon av Watts dobbeltverkande maskin. Det er berre å reisa til den tekniske skulen i Madrid for å sjå han.
James Watt utvikla dampmaskinen, medan Sadi Carnot forklarte han teoretisk. Maskinen du ser på biletet, er ein sein versjon av Watts dobbeltverkande maskin. Det er berre å reisa til den tekniske skulen i Madrid for å sjå han.
Publisert

Det er den årlege botsøvinga for bachelorstudentane våre. Dei skal høyra meg messa i to timar om den hypotetisk-deduktive metoden, som ikkje spelar noka særleg rolle i røynda deira. Eg har gjort dette i ti år og vel difor å spela inn førelesinga ein gong for alle.

Dei skal få den beste presentasjonen min nokosinne, og det seier ikkje lite. For å motivera dei byrjar eg med eit klassisk sitat frå Ove Arup, som mellom anna var ingeniør for operahuset i Sydney: «Ingeniørfag er ikkje ein vitskap. Vitskap studerer spesielle hendingar for å finna generelle lover. Teknisk design brukar lovene for å løysa spesielle praktiske problem. I dette er teknisk design nærare knytt til kunst eller handverk.»

Ta til dømes atombomba. På slutten av 1930-åra fann ei rekkje fysikarar ut at det var mogleg å få til ein kjernefysisk kjedereaksjon, og dimed var det teoretiske grunnlaget for atombomba lagt. Å laga ho kosta mykje meir. Tyskarane gav nærast opp før dei kom i gang, då dei trudde det ville ta om lag tjue år å omsetja bomba frå teori til praksis.

Dei allierte, derimot, kombinerte teori med praksis i Manhattan-prosjektet. Med produksjonskrafta i amerikansk industri klarte dei på nokre få år å laga to atombomber.

Dampmaskinen er endå eit eksempel på samspelet mellom teori og praksis. Den fyrste dampmaskinen til Thomas Newcomen vart til ved rein prøving og feiling i 20 år. Neste steg tok James Watt. Han gjorde maskinen snøggare ved å kjøla den brukte dampen i ein kondensator. Siste steg var å bruka høgt trykk.

James Watt var motstandar av det. Han var nok den fyrste HMS-ingeniøren i verda som laga ein regulator på maskinen slik at han kunne halde jamn og relativt låg fart. På andre sida av kanalen sat franske vitskapsmenn og rekna på maksimal effekt frå dampmaskinen. Med Sadi Carnots syklus vart termodynamikken fødd, og han legg grunnlaget for alle termiske maskinar frå bensinmotorar til kjøleskåp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement