Dansk val i eit nytt landskap
Splittinga på borgarleg side styrkjer sjansane for at Mette Frederiksen kan bli attvald.
Statsminister Mette Frederiksen då ho informerte om at det blir nyval 1. november.
Foto: Liselotte Sabroe / NTB
Det er eit interessant tidsspenn i valkampen til statsminister Mette Frederiksen. Ho og det sosialdemokratiske partiet kan bli henta inn av synder frå fortida, men kan òg bli redda av frykta for ei dyster framtid. Derfor satsa ho på eitt ord då ho opna valkampen sist veke: tryggleik. «Valget er skudt i gang – som en folkeafstemning om Mette Frederiksen», skreiv avisa Information. Det vil vere der heile tida, det personlege elementet, som ein skugge: Er det ho som skal styre Danmark gjennom dei store krisene: inflasjon, straumprisar, klima og krig?
Det skal eg komme tilbake til. Først eit anna bod på tidsånda som valet utspelar seg i, eit kritisk blikk på den borgarlege leiren – blå blokk, som det heiter på dansk. Som ein introduksjon til valkampen kom det nyleg ut ei debattbok av historikaren og kommentatoren Christian Egander Skov: Borgerlig krise. Det ideologiske opbrud i blå blok.
Boka har fått mykje merksemd og god omtale i Danmark. Med eit skarpt konservativt blikk skriv Skov om eit borgarleg politisk «trekantdrama» mellom det liberale, det konservative og det folkelege. Tilhøvet mellom desse tre perspektiva blir bretta ut både historisk og som aktuell scene: «det klassiske liberale forsvaret for individets fridom blir framleis prioritert framfor å tilpasse det liberale idégrunnlag til ei tid då fellesskapet og det kollektive er under press», hevdar Christian Egander Skov.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.