Teknologi
Den enklaste teknologien
Polert neolittisk handøks av jade sett frå ulike vinklar, utstilt på museum i Toulose i Frankrike.
Foto: Didier Descouens / Wikimedia Commons
Bjørnar og Lars møtest stadig for å diskutere kva vi skal skrive om i spalta vår. Og det er mykje å ta av.
Om du ser deg rundt i stova eller på kontoret, er nesten alt du ser, teknologi. Hunden som ligg på golvet, og blomen i potta i vindaugskarmen, kan nok seiast å vere ikkje-teknologi, men kleda du har på deg, målinga på veggene, kaffikoppen, alt dette er teknologi. Nokre teknologiar er ganske enkle, medan andre er ganske kompliserte.
Så langt har vi skrive om konkrete tekniske løysingar som klokker, trykkskjermar og bærplukkarrobotar. Denne gongen vil vi heller invitere lesarane til ein diskusjon som vi har hatt gåande oss imellom ei god stund. Kva er den enklaste teknologien som finst?
Kanskje ei leikeand av plast som duppar i badekaret? Nei, ho er laga av eit komposittmateriale som oppstår i ein lang og komplisert prosess, med oljeutvinning, raffinering og fabrikkproduksjon, og til slutt kan barnet leike med den tilsynelatande smålåtne andefiguren. Kanskje ei seljefløyte som du spikkar til om våren med vakre minne om barndommen? Nei, ho vert laga med ein tollekniv som oppstår i ein lang og komplisert prosess med utvinning av jernmalm, smelting og forming av det glovarme jernet, med mange avanserte prosessar som gjer det til herda og slipt stål. Den tilsynelatande enkle jernkniven er eigentleg svært avansert, og dermed er seljefløyta som du lagar med kniven, i realiteten eit produkt av avansert teknologi.
Somme tenkjer kanskje at ein enkel teknologi har ein enkel funksjon, slik som badeanda, eller ein lettfatteleg funksjon, slik som stovebordet. For å finne ut av spørsmålet må vi bli samde om kva ein teknologi eigentleg er, og kva det betyr å vere enkel.
Bjørnar og Lars småkrangla ei stund og blei etter kvart samde om at ein naturleg gjenstand som vert brukt til noko nyttig, ikkje er ein teknologi. Dersom du slår inn ein spikar med ein stein, er spikaren ein avansert teknologi, medan steinen ikkje er ein teknologi. Når ein sjimpanse klør seg på ryggen med ein pinne han finn i skogbotnen, så bruker han ikkje ein teknologi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.