Den svenske abonnenten

Åsa Moberg (70) vert omtalt som ein viktig opinions-dannar i Sverige. I nesten femti år har ho synsa, skrive og uttalt seg om mangt og mykje.

I nesten femti år har Åsa Moberg (70) sett sitt preg på den svenske samfunnsdebatten.
I nesten femti år har Åsa Moberg (70) sett sitt preg på den svenske samfunnsdebatten.
Publisert

Både i Aftonbladet og Dagens Nyheter har Åsa Moberg vore kommentator, og ho skriv framleis i Dagens Samhälle. Ho står bak meir enn tjue bøker i ulike sjangrar. Ho har skrive biografi om Florence Nightingale og bok om Simone de Beauvoir. Denne hausten summerer ho opp sitt eige liv i biografien Livet. I forordet nemner no sin norske «favorittidning» – Dag og Tid. Moberg har abonnert sidan tidleg på 1980-talet, og ho er blant dei som held fram. Eit par gonger har ho vore innom redaksjonen, og Moberg hugsar godt at ho vart presentert som «den svenske abonnenten».

– Eg vonar at me er fleire no, seier ho og ler, når eg møter henne til frukost på Hotel Gothia Tower i samband med bokmessa i Göteborg.

Det heile byrja med at Dag og Tid fekk tilgang til abonnementsregisteret til Sirene. Moberg fekk spørsmål om ho ville abonnera, og ho takka ja, og det vart til eit forhold som har vart i meir enn tretti år. Den gongen visste Moberg svært lite om Noreg. Ho visste knapt nok at det fanst to norske språk, men hadde høyrt at nynorsk var umogleg å lesa. Moberg las Dag og Tid, og ettersom ho ikkje visste at ho las nynorsk, var det ikkje vanskeleg i det heile.

I 1967 var Moberg praktikant i motefirmaet Mah-Jong, som var populært blant dei venstreradikale. Ho var svært politisk aktiv og omtalar denne tida som eit grunnkurs i maoistisk revolusjonslære og marxisme, men ho vart aldri overtydd.

Året etterpå – under det store ungdomsopprøret – skaut karrieren fart. Moberg var berre tjue år, men brått vart ho kommentator i Aftonbladet. Dette var under Vietnamkrigen, og ho var sambuar med ein fotograf og dokumentarfilmskapar. I eit innlegg i Dagens Nyheter oppmoda professor og sosialdemokrat Gunnar Myrdal folk om dra til Vietnam og kjempa i staden for å demonstrera i dei svenske gatene. Moberg skreiv eit svar og viste det til sambuaren. Han meinte at ho burde freista å få det inn i Dagens Nyheter. Det gjorde ho, men innlegget vart ikkje møtt med jubel. Sjølv om avisa hadde teke inn eitt dårleg innlegg, var ikkje det grunn god til å ta inn eit til, sa redaktøren. Moberg gjekk til Aftonbladet med det, og dei trykte det med tittelen «For ein sann soldat er det aldri for seint å døy». Nokre dagar seinare fekk ho tilbod om jobb i tabloidavisa. Det var få jenter i redaksjonen, og ho fekk eit stort bylinebilete som synte ei vakker jente med langt, mørkt hår som rakk heilt ned til livet.

– Brått visste heile nasjonen kven du var?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement