Reportasje
Der folk treng fly og ferje og ferje og fly treng folk
STORNOWAY: Eg byrjar ferda gjennom dei skotske øyrika lengst borte, på Ytre Hebridane, som var norsk i berre 500 år. Di nærare eg kjem Vestlandet, di meir medvitne er øybuarane om den norske kontakten, meir enn vi.
Teikning: Mirjam Clement
Vêret riv i propellflyet som går ned mot Stornoway. I vest er det ope hav til Amerika. I sør står snøkvite fjell. Under meg her i nord ser eg eit flatt landskap med sauer, som Jæren, men våtare, brunt av torvmyr og svart av tjern. Av dei 27.000 innbyggjarane på Ytre Hebridane har 21.000 samla seg nord i øyriket.
Busskuret utanfor lufthamna er ein lukka glasboks mot vêr og vind. For å koma rakt inn i kvardagen og det offentlege rommet nyttar eg helst offentleg transport, men i dag går ingen flybuss. Eg ringjer etter drosje. Nei. Eg ringjer eit anna drosjeselskap. Nei. Og eit tredje.
Det er sundag. På Ytre Hebridane i 2022 er kviledagen heilagare enn han var på Sørlandet i 1962. Alt er stengt i Stornoway, den største, i røynda den einaste byen på Ytre Hebridane, øyriket som skottane kallar Vestøyane av di det ligg lengst i vest, og som norske erobrarar kalla Sørøyane av di det ligg sør for andre øyrike me erobra, Orknøyane og Shetland. Dit fer eg etter Ytre Hebridane, som ei ferd heimover – geografisk, klimatisk, historisk, kulturelt, språkleg. Ytre Hebridane heldt me i berre 500 år, til 1266, Orknøyane og Shetland i et par hundreår til og vel så det.
– Det kjem ikkje mykje folk hit på denne tida av året, fortel den pensjonerte sjåføren som valde å bryta sundagsfreden for å henta meg i lufthamna.
Folketal og flatemål
Er det noko i Noreg å samanlikna øyrika med? Ja, dei tre øyrika svarar til tre norske øyrike, både i flatemål og i folketal. På Ytre Hebridane, Orknøyane og Shetland bur i alt kring 75.000 menneske, og det gjer det òg i øyrika Lofoten, Vesterålen og på Ytre Troms-øyane Senja og Kvaløya. Ikkje berre det: Den samla geografiske distansen over land frå sør til nord er om lag den same, kring 60 landmil, rett nok med meir hav mellom dei skotske øyrika enn mellom dei norske. Og ikkje berre det: Dei tre skotske øyrika og dei tre nemnde norske øyrika har sams samla flatemål, kring 5500 kvadratkilometer – som Vänern, Palestina og Bali, om ein treng andre referansar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.