Reportasje

Der Langfjella rivnar

LESJA: Mangt har eg sett i livet, men i heile Langfjella, med tusen tjern og vatn, ja, i heile landet, finst berre ein einaste bifurkasjonssjø: Lesjaskogsvatnet.

Einar Morken, leiar i Lesja historielag, syner staden på Lesjaverk der Lesjeskogsvatnet har det austre utlaupet sitt, Gudbrandsdalslågen.
Einar Morken, leiar i Lesja historielag, syner staden på Lesjaverk der Lesjeskogsvatnet har det austre utlaupet sitt, Gudbrandsdalslågen.
Publisert Sist oppdatert

Det vatnet vil eg sjå. Frå Hjerkinn (1017 moh.) tek eg Dovrebanen sørover ein halvtime til Dombås (659 moh.), der eg går av og om bord på Raumabanen, som nyttar ein ny halvtime til Lesjaverk (633 moh.). Frå stasjonen er det kort veg å gå til Lesjaverk kyrkje (616 moh.) og austenden av Lesjaskogsvatnet (611 moh.).

Heilt vest i Innlandet ligg Lesja kommune med grense til Rauma og Møre og Romsdal. Folketalet er 2000, nær éin lesjing per kvadratkilometer. Åtte av ti kvadratkilometer ligg kring 1000 moh. og høgare, for det meste i nasjonalparkar. To av ti kvadratkilometer ligg kring 600 moh., og der bur dei 2000 lesjingane, med landbruk som viktigaste næring og Senterpartiet som største parti.

Sentrum i den sirkelforma kommunen, og i denne reportasjen, er det smale Lesjaskogsvatnet. I kvar ende ligg to bygdesentrum – Lesjaskog i vestenden og Lesjaverk i austenden. Mellom dei er det ei mil.

Lesja har eit levande historielag, og tre lokalhistorisk aktive lesjingar syner meg rundt. Som vegvisar i Lordalen og Lorkverna ei mil i aust har eg Rolf Sørumgård, som dessutan utforskar ein gamal og gløymd ferdsleveg over fjellet til Lom i Ottadalen. Historikaren og eldsjela Arnfinn Kielland gjev meg ei omvising på Sagelva Vasskraftsenter ei mil i vest. Historielagsleiaren Einar Morken syner meg det som ligg mellom, det eitt mil lange og mystiske Lesjaskogsvatnet.

Vatn. Foss. Kvern. Sag. Soga om Lesja og Langfjella er soga om fallhøgda frå båe sider av vasskiljet, med andre ord soga om Noreg, ikkje minst det moderne Noreg. Det er soga mi òg, vaksen opp som kraftgut, ved saltvasskysten, rett nok, langt frå Langfjella, men ved eit smelteverk i enden av eit vassdrag derfrå.

Lesjaverk og Lesjaskog

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement