Mat
Det eg snakkar om når eg snakkar om potetsalat
Eg forstår at folk går i butikken og fiskar med seg ei pakke ferdig potetsalat. Men sanninga er at du enkelt kunne laga han så mykje meir sexy sjølv.
Fine fennikelfrø gir god anissmak.
Foto: Dagfinn Nordbø
Det er sommar og grilltid. Særleg i TV-ruta. Skrur eg på ein fotballkamp, må eg lide meg gjennom ein brottsjø av reklamefilmar om kjøt. Det er liksom ingen ende på kjøtsvolten, ein skulle tru me var i eit eventyr av Asbjørnsen og Moe.
Det er svin og det er lam, og det er storfekjøt i så himmeriks lange banar at dei stakkars vegetarianarane sikkert føler for å gå i hi. Og ferdige marinadar. Alt skal liksom vere så lett, men eg kan ikkje hugse sist eg kjøpte ein marinade eller, gud forby, ferdig marinert kjøt.
Eg skyr det som pesten, fordi det ikkje gir meg noka glede. Ja, eg veit at ikkje alle har tid til alt, særleg ikkje når me bur i eit land der me ikkje veit om grillvêret om ein halvtime vert erstatta av ei torebye.
Det eg saknar, er litt meir fokus på at det du lagar sjølv, alltid smakar så mykje betre. Det gir deg glede. Og ja, eg forstår at folk heller går i butikken og fiskar med seg tiltygget til grillmaten, til dømes ei pakke ferdig potetsalat. Sanninga er at du enkelt kunne laga han så mykje meir sexy sjølv.
Poteten er jo eit eventyr av ein knoll. Eg hadde fine små mandelpotetar på kjøl, og no skulle EM-kampane byrje, så då var det tid for gjengen for å samle seg framfor skjermen. Vi som vanlegvis ser fotballkampar i den engelske ligaen, kan igjen kome saman, lyge, skryte, prate skit og få i oss enkel husmannskost, denne gongen pølser. Til og med grille dei utandørs.
Så kom meldinga om dei sedvanlege regnbyene, og heile arrangementet måtte flyttast inn. Men det er ikkje noko problem om du berre har ei grillpanne. Med den kan du grille heile året, og eg investerte for nokre år sidan i ei av støypejern. Ho er god som gull! Og potetsalaten er jo det morosamaste å lage, så her får du oppskrifta på den eg laga denne gongen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.