Reportasje

Det veks i den fuktige, mørke løa

JÅTTA: Joakim Skarpsno og Ingrid Sandvik fann kvarandre i interessa for sanking og berekraft. No har hylle etter hylle med sopp erstatta mjølkekyr og Angus-oksar.

Ingrid Sandvik viser veg inn i vekstrommet, der ombygde mjølketankar produserer fuktig luft. Blågrå østerssopp og gullskivesopp er klare for hausting.
Ingrid Sandvik viser veg inn i vekstrommet, der ombygde mjølketankar produserer fuktig luft. Blågrå østerssopp og gullskivesopp er klare for hausting.

Første stopp er eit lite, heimelaga laboratorium på Jåtta, like utanfor Stavanger. Gjennom eit vindauge ser me Joakim stå bøygd over små, sylinderforma plastglas. Like etter kjem han ut og fortel om langtidslagring, fermentering og eksperimentering. Det er her det viktigaste skjer. På mikroskopisk nivå må alt gå rett for seg, om han seinare skal stå med hausteklar sopp i hendene.

Før me set oss i bilen for å sjå kor soppen veks, vil Joakim vise eit sideprosjekt. Me blir med inn i hallen bak laboratoriet, til ein blå konteinar med behageleg temperatur og ein låg, jamn dur. Via fjernstyring blir ulike kvite kassar plukka ut og sende ned til oss. Her eksperimenterer Joakim med larveproduksjon. Ein fellesnemnar for både sopp og larvar er at dei kan vekse på det som elles hadde vore avfall. I ei tid der fenomenet berekraft beveger seg frå idealisme til noko naudsynt, kan larvar vise seg å bli nyttige som næringsrikt fôr, men det stoppar ikkje med det. Avfallet etter soppane og larvane kan også bli til andre produkt.

– Akkurat no vil eg sjå om eg kan lage torvfri jord, basert på restane etter både sopp- og larveproduksjonen. Avfall frå larvane har til dømes ein super, velbalansert MPK-verdi, det vil seie svært gode næringsstoff som me gjerne vil ha i jord i landbruket. Landbruket må på sikt omstille seg, og bruken av plantevernmiddel vil etter kvart bli avvikla. Kunstgjødsel vil kunne bli erstatta, men det føreset nytenking.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement