Reportasje
Drivhuseffekten i Ryfylke
Frå kaldhus og slit til rosa lys, bryllaup og treningsstudio. Drivhusbransjen er ikkje det han ein gong var.
Er noko utanomjordisk i ferd med å skje, arrangerer nokon raveparty, eller handlar det om tomatar?
Foto: Pål Hausken
Ein gong i 2004 var kystbussen på veg til Bergen. Inni sat eg og plukka opp brosjyren i lomma framføre meg. Det var ein reklame for Ryfylke, og her stod det at Finnøy og Rennesøy, mi heimøy, utgjorde heile tre fjerdedelar av tomatindustrien i Noreg. Trass i at eg på den tida hadde tomatar langt opp i halsen, kjente eg på at dette var noko som sette oss på kartet.
Når to små øykommunar med om lag 6000 menneske til saman kunne produsere så mykje tomatar, var det ikkje rart at drivhus var ein del av kvardagen vår. Viss du ikkje kom frå eit gartneri sjølv, var sjansen stor for at du hadde ein nabo som kunne fikse deg plukkejobb i plantene.
Så kan ein byrje å lure: Kvifor skulle dei akkurat dyrke tomatar her, i blesten i vest? Ein gartnar fortel meg at nettopp vinden gjorde at bøndene byrja å pakke veksten sin inn. Fyrst grønsakene under plast, og så tomatane i glashus. Takka vere Golfstraumen er også klimaet her stabilt, med korte vintrar og lange haustar.
Kaldhus, varmhus og sesong
Foreldra mine hadde eitt kaldhus og to varmhus. Til saman var husa nærare to mål, noko som var vanleg drivhusstorleik på 1990-talet.
Temperaturen i kaldhusa var styrt av klimaet. Ulempa var at tomatane her voks seinare og sesongen vart kortare enn i husa med tilsett varme. Plantinga gjekk føre seg i mai, og så kunne me hauste tomatar frå juli til oktober.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.