«Forskinga avslører stadig nye bragder som viser uthaldet og styrken til trekkfuglane.»
Hjå vassfuglar kan skilnadene i fjørdrakt vera store innanfor éin og same art. Hjå lappspoven har hekkedrakta eit varmt rustbrunt skjær. Nebbet er svakt oppoverbøygt.
Foto: Sveiniung Lindaas
I oktober har dei aller fleste langdistansetrekkjarane forlate nordiske marker. Ein del av dei som har kortare rute, er igjen: stærar, finkar, trastar, piplerker. Dei flyg i flokkar på veg til det europeiske kontinentet eller Nord-Afrika.
Før trudde ein at fuglar som forsvann om vinteren, framleis var til stades, men forvandla seg til andre livsformer eller gjekk i dvale under bakken. Raudstjertar vart til raudstrupar, svaler grov seg ned i gjørma.
Desse hypotesane kom frå Aristoteles i det fjerde hundreåret før Kristus. Idear om forvandling eller dvale levde eit langt liv, nokre av dei fram til 1800-talet i Europa.
«Fleire individ har i dei siste åra vorte spora med GPS – dei har lagt bak seg avstandar på meir enn 11.000 kilometer, i ubroten flukt over Stillehavet.»
Spyd i halsen
Ei avgjerande hending for forståinga av kvar det vart av desse fuglane gjennom den nordlege vinteren, var då ein stork kom til bygda Klütz i Nord-Tyskland 21. mai 1822. Storken som landa den dagen, hadde eit langt spyd i halsen, og spydet synte seg ut frå handverket å vere laga i Afrika sør for Sahara.
I seinare tiår vart over tjue tilfelle av «pilstorkar» (Pfeilstörche) registrerte i Tyskland. Desse pilene slo sprekkar i førestillingane om dvale eller forvandling på tvers av artsgrenser, men opna for eit nytt spørsmål: Korleis makta fuglane å flyge fleire tusen kilometer med noko gjennom halsen?
Nonstopflyging
Forskinga avslører stadig nye bragder som viser uthaldet og styrken til trekkfuglane. Lappspoven er ein mellomstor vadefugl som i det siste har skilt seg ut som verdsmeister i nonstopflyging. Han veg mellom 200 og 600 gram.
Variasjonen er stor. Det har med kjønn å gjere – hoer er i snitt større enn hannar – men også med bestand og tidspunkt på året.
Hekkeområdet er arktisk og strekkjer seg mellom Nord-Noreg og Alaska, langs mykje av den russiske nordkysten. Ifølgje dei siste estimata ligg verdspopulasjonen på litt over éin million individ. I Europa er hekkebestanden vurdert til mellom 7000 og 18.000 kjønnsmodne fuglar. Forskarane reknar med fleire underartar, ut frå opphaldsstad, kva tid trekket går, og trekkruter.
Lappspoven har det vitskapelege namnet Limosa lapponica. Det var den svenske naturforskaren Carl von Linné som gav fuglen dette namnet, på 1700-talet. Limosa tyder «som er knytt til gjørme» på latin, og viser til miljøa lappspoven og dei tre andre artane i Limosa-slekta trivst i: mudderflater ved tidevassoner og våtmark. Som andre vassfuglar har dei ganske høge bein og eit langt, tynt nebb som er godt eigna til å grave i mudderet med. Takk vere spesielle reseptorar er det kjenslevart: Lappspoven føler heller enn ser seg fram til føda.
Overvintring
I Noreg hekkar underarten Limosa lapponica lapponica i Finnmark og Troms. Vaksne, kjønnsmodne fuglar kjem til hekkeplassane i mai. Hausttrekket byrjar i juli–august. Vaksne som ikkje har hekka, kan reise før, medan nokre ungfuglar kan halde seg langs den norske kysten fram til oktober.
Dei ulike populasjonane av lappspove overvintrar i kystområde i Vest-Europa og frå Afrika til Australia og New Zealand, ved Asiakysten og på øyer i Søraust-Asia. I maorikulturen heiter dei kuaka. Når hausten kjem til den sørlege halvkula, trekkjer dei nordover i store flokkar. Lyden av tusenvis av lappspovar som lettar og flyg, har vore knytt til sjelene til dei døde.
Lappspoven
Ungfuglane vert fyrst kjønnsmodne i toårsalderen og held seg gjerne i dei såkalla overvintringsområda til dess. Lappspovane som hekkar i Alaska, har ei lang trekkrute og held verdsrekorden i nonstopflyging: Fleire individ har i dei siste åra vorte spora med GPS – på eit tital dagar har dei lagt bak seg avstandar på meir enn 11.000 kilometer, i ubroten flukt over Stillehavet.
Dei flyg frå Alaska og landar i Australia eller New Zealand. I månaden før ferda, som skjer i september–oktober, et lappspovane så mykje at kroppsvekta deira kan auka med 60 til 70 prosent. Ein god del av inntaket vert lagra i form av feitt, som fuglar gjerne brukar som drivstoff. Lappspoven kan også krympe indre organ: Lever, nyrer og tarm kan verte opptil 25 prosent mindre under trekket. Samstundes aukar storleiken på både hjartet og flygemusklane. Når dei er framme på overvintringsplassane, byrjar ei omvend forvandling.
«Pilstorken» som landa i Nord-Tyskland i 1822 med eit afrikansk spyd i halsen, var eit viktig ledd i den moderne forståinga av fugletrekket.
Foto via Wikimedia Commons
Øydelegging av tidevassoner
Lappspovar som hekkar i Noreg, har kortare veg enn artsfrendar som pendlar mellom Alaska og Australasia, og dei som hekkar i Sibir. Mange av desse trekkjer til Vest-Afrika, men rastar og fyller opp undervegs. På stader som Vadehavet, langs kysten av Danmark, Tyskland og Nederland, møtest lappspovar frå ulike populasjonar og underartar.
På høgdepunktet for hausttrekket kan mellom 150.000 og 200.000 individ samlast der. Nokre vert verande og overvintrar, andre trekkjer vidare sørvestover, til vestkysten av Europa eller Afrika. Sporing av individ som hekkar i Finnmark, har ganske nyleg synt at Irland er eit viktig overvintringsområde for den norske hekkebestanden. Men sjølv denne meisteren til å halde ut blir i dag rekna som nær truga både i Noreg og i verda.
Det er dei bestandane som nyttar den aust- og australasiatiske flygevegen, som for tida opplever størst nedgang. Særs trugande er øydelegginga av viktige tidevassoner langs ruta, særleg i Gulehavet, mellom Kina og Sør-Korea. På den andre sida av utbreiingsområdet, nærmare Noreg, vart Vadehavet peikt ut som Unesco-verdsarv i 2009. Dette er ei anerkjenning av kor viktig det store tidevassystemet er for millionar av levande vesen, og av arbeidet som har vorte lagt ned for å verne det. No vil det vidare krevje stor innsats å unngå at det forsvinn heilt når havnivået stadig skal stige.
NAÏd Mubalegh
Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.