JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Gauken og vertane hans

Røyrsongaren tel blant dei vanlegaste vertane for gauken i Europa og toler som oftast gaukeegg i reiret sitt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det er hanngauken som gjel «ko-ko». Både hann og hoe liknar på haukar, med det stripete brystet og den grå overkroppen (eit mindretal av hoer har rustbrun fjørdrakt og liknar heller på tårnfalk eller dvergfalk). Det er uklart kva som er årsakssamanhengen, men dette synest å vera ein fordel for å få tilgang til småfuglreir.

Foto: Mike McKenzie / Wikimedia Commons

5751
20240607
5751
20240607

Det er 17. mai, og for fyrste gong i år høyrer eg gauken gale, der eg sit ved DNT-hytta på Sagvollen i Gran. Han gjel nokre gonger eit stykke unna, frå ein skog eller eit holt bak innsjøen, og teier stilt.

Det går ei stund før eg kjem på å sjekke lommene mine, og eg har mange: I år feirar eg nasjonaldagen stort sett i skogen og går i feltklede. Dei finare kleda skal på seinare, når eg skal ein tur ned til bygda.

Det tek tid å tømme alle dei tolv lommene mine, og eg finn mykje der, men ikkje ein einaste mynt. Slik lyder ordtaket eg har lært av mor mi, og som fleire i Frankrike er kjende med: Dersom du har pengar på deg når du høyrer gauken gale for fyrste gong, vert du rik det året. I bukselommene hadde eg stort sett steinar.

Synske evner

Eg måtte tenkje tilbake på dei pengetomme, steintunge lommene mine på 17. mai då eg eit par veker seinare vart fråstolen utstyret til ringmerking av fuglar. Tjuven hadde fyrst knust bakruta på bilen, med ein stein verka det som, og forsynt seg i all hast med den eine sekken som låg øvst og var smal nok til at han raskt kom gjennom hòlet.

Eit absurd tjuveri, med mindre det finst ein svart marknad for ubrukelege ornitologiske reiskapar. For meg eit stort tap, for ikkje å nemne den knuste bilruta.

«Både hann og hoe parar seg med fleire partnarar.»

Gauken har vore tillagd synske evner i mange kulturar. I Noreg har pengar i lomma lite å seie, men retninga songen kjem frå, er avgjerande for kva slags framtid lyttaren kan håpe på.

Heldigvis kom eg ikkje på å sjekke dette, og dermed var eg frigjord frå fleire tyngande tankar. Men det som var pussig, var at eg brukar det stolne utstyret til å studere ein fugl gauken har med å gjere.

Myrsongaren

Myrsongaren er ein insektetande songfugl som overvintrar i det sørlege Afrika. Den nærmaste slektningen hans heiter røyrsongar. Individ av desse to artane ser såpass like ut at dei ikkje kan artsbestemme kvarandre berre med synet: Det skal song til for at dei skal vere sikre på kven dei har med å gjere. Begge kan verte valde ut av hogauken som vert for gaukeegg.

Men når det gjeld tilhøvet deira til gaukevitjing, er skilnadene mange. Røyrsongaren tel blant dei vanlegaste vertane for gauken i Europa og toler som oftast gaukeegg i reiret sitt. Dette inneber tap av eige kull og ein krevjande sommar for foreldra frå den augneblinken gaukungen er ute av egget.

Myrsongaren på si side er kjapp med å kjenne att gaukeegg i reiret. Då vert framandegget kasta ut, eventuelt etter å ha vorte ete, slik eg såg ein gong i ein tysk dokumentarfilm. «Det som skjer no, vil kanskje overraske til og med dei mest erfarne ornitologane», åtvarar forteljarrøysta, før tilskodaren ser insektetaren myrsongar knuse det tjukke skalet på gaukeegget med nebbet sitt, ete innhaldet og fjerne restane frå den vesle korga av fletta stilkar – reiret.

Ein gaukunge blir mata av ei heipiplerke. Gaukungen veks seg raskt mykje større en fosterforeldra og tiggar stadig etter mat.

Foto: Sveinung Lindaas

Ein luring

Vegen er kort til å konkludere med at myrsongaren er smartare enn røyrsongaren. Og kanskje det er sant at evna til å avsløre gaukelureri har med intelligens å gjere. Men ein skal trø forsiktig her.

Når det gjeld gauken, til dømes, som gjerne vert omtalt som ein luring eller ein djevel, er det slik at han ikkje har mykje anna val enn å finne fosterforeldre for egga og ungane sine. Den einaste «kullparasitten» blant europeiske fuglar vart sentral i arbeidet til Charles Darwin, som med rette føreslo at anane til gauken på eit tidspunkt miste evna til å byggje reir. Slik vart gauken avhengig av å «lure» fosterforeldre.

Vertsartane

Noko av det mest fascinerande i «våpenkappløpet» mellom gauken og vertsartane hans, er kor dynamisk heile tilhøvet, som spelar seg ut på populasjonsnivå, er. Etter kvart som gauken har byrja å bruke ein art som vert for egga sine, finst det fleire vegar framover. Vertsarten utviklar til dømes ei evne til å kjenne att egg som avvik frå norma, og vert betre til å kaste gaukeegg ut av reiret. Då vert hogaukane i sin tur betre til å lage egg som liknar på egga til vertsarten.

Det finst faktisk ulike stammar av hogaukar, som alle har spesialisert seg på éin vertsart: Dei har vorte i stand til å lage egg som liknar veldig på arten dei har spesialisert seg på. Dette skjer over lang tid ved at dei hogaukane som legg betre imitasjonar enn andre, får fram fleire ungar, som sjølv arvar ein passande eggfarge og så vidare.

Ein annan måte å gjere det vanskelegare for gauken på, er å lage kull som er forskjellige frå hoe til hoe i éin og same art, men med egg som er like innanfor kvart kull. Det er slike dynamikkar som ligg til grunn for «våpenkappløpet» og «ko-evolusjonen» mellom gauken og vertane hans.

Heipiplerka

I Noreg er hovudverten heipiplerka. Utover utsjånaden på egga avheng tilhøvet mellom vert og parasitt av spesielle samanhengar i framferda. Hogauken har godt syn og overvaker gjerne fleire reir samstundes, før ho vel eitt der hekkinga ser ut til å vere i eit passande stadium. Så tek ho vekk eit egg og legg sitt eige der i staden, før ho flyg sin veg og gjer det same opp att.

Både hann og hoe parar seg med fleire partnarar. Vaksne gaukar er særs glade i hårete sommarfugllarver, og dei trekkjer til tropisk Afrika i juli. Dei unge trekkjer cirka ein månad seinare.

Etter om lag elleve dagar i fosterreiret vert gaukeegget klekt, og den nakne, blinde kyllingen hiv dei andre egga ut av reiret. Igjen skal ein ikkje vere for rask med å namngje dette trekket ved gaukungen: Han har ei særs kjenslevar sone på ryggen, og alt som kjem i kontakt med denne, forårsakar ei uuthaldeleg smerte...

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

naid.mubalegh@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis