Influensa-alarm
I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
Verdas helseorganisasjon (WHO) melder at til no har over 7 millionar menneske døydd av covid-19. Det er alvorlege tal, men langt verre er historia om dei store influensapandemiane, med minst ti gonger så mange daude.
Og der koronapandemien ser ut til å ha ebba ut, har influensaen framleis god vind i segla. No er det mjølkekyr i USA som blir sjuke av høgpatogen fugleinfluensa. Har fugleviruset gått inn for landing, og ser vi starten på ein ny dødeleg pandemi?
Pandemi
Dei store influensapandemiane det siste hundreåret, inkludert spanskesjuka, har alle vore med influensa A-virus. Influensa A-virus kan hoppe mellom ulike husdyrslag og frå dyr til menneske, og blanding av ulike virusvariantar i ein og same vert gjev større risiko for mutasjon til nye og høgpatogene subtypar (som gjev kraftig sjukdom). Den høgpatogene varianten som først dukka opp på ein gåsefarm i Kina i 1996, og som no drep fuglar og andre dyr over heile verda, er eit slikt influensa A-virus, med typenamnet H5N1.
Hos fugl angrip influensavirus tarmen, og smitten blir spreidd med fugleskit, med smitta kjøt eller ved at fuglane døyr og blir etne av rovdyr eller andre fuglar. Hos menneske er det ofte luftvegane som blir hardast råka. Vanleg sesonginfluensa trivst godt i dei øvre luftvegane, spreier seg lett med dropesmitte, men gjev mindre alvorleg sjukdom. Dei høgpatogene influensavirusa har lagt sin elsk på lungevev og kan gje meir alvorleg sjukdom, men spreier seg ikkje like lett i luft.
Alarm
I mars i år blei det slått full smittealarm i USA, grunnen var at høgpatogent fugleinfluensavirus av typen A/H5N1 for første gong hadde blitt påvist hos kyr. Fugleinfluensaen blei funnen i prøver frå tre gardar med mjølkekyr i Texas og Kansas, men er etter kort tid påvist i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.
Forskarar som har granska virusgenetikken, reknar med at smitten blei overført frå fugl til storfe ein stad i Texas ved årsskiftet 2023–2024 og spreidde seg i løyndom til resten av landet før dei første tilfella vart oppdaga i mars. Kyrne har hatt forbigåande og lette symptom, det er ikkje meldt om daude dyr, og berre éin person skal vere smitta etter nærkontakt med sjuke kyr.
Eit umiddelbart og urovekkjande problem med smitte hos kyr er det høge nivået av virus i mjølka. Virus kan spreie seg frå dyr til dyr med mjølkemaskinane, og sjølv om pasteurisering skal drepe eventuelle virus, er det tilrådd å ikkje levere mjølk frå sjuke kyr.
Gardbrukarane blir oppmoda om å vere aktsame både under fjøsstellet og ved handtering av daude fuglar, og landbruksdepartementet gjev no økonomisk støtte til å etablere betre rutinar for smittevern.
Pattedyr
Kva er nytt med dette utbrotet hos storfe? Vi har lenge sett at den høgpatogene fugleinfluensaen kan smitte revar, tigrar, otrar, smågnagarar og ei rekkje andre dyr. Den europeiske mattryggingskomiteen (EFSA) meiner framleis at fugleinfluensaen i stor grad blir spreidd med smitta fuglar, og at det så langt vi veit, er lite som tyder på direkte spreiing av H5N1-influensa mellom pattedyr, inkludert menneske. Samstundes peiker EFSA på at kombinasjonen av befolkningsauke, intensivt husdyrhald og nedbygging av natur fører til stadig høgare risiko for overføring av virus både mellom ville og tamme populasjonar og mellom dyr og menneske.
Og det er fleire urovekkjande sider ved spreiinga av influensa A-virus, til dømes det som skjer i pelsdyrfarmar. Forskarar har funne at mink kan vere vertskap for virus frå både gris, fugl og menneske, med risiko for vidare spreiing av mange typar patogene virus både frå dyr til dyr og frå mink til menneske. Det var grunnen til at danskane fekk panikk og naudslakta mink på grunn av covid-19. I Finland gjorde dei det same i 2022 for å hindre mogleg spreiing av influensavirus til menneske.
I tette populasjonar med sel og sjøløve kan influensaepidemiane halde seg gåande i lang tid.
Foto: Lemnny Ignelzi / AP / NTB
Mareritt
Kraftige og langvarige utbrot av H5N1-influensa i koloniar med marine pattedyr, som sel og sjøløve, er også eit aukande problem. Men det største marerittet for virusforskarar er kanskje utbrot av høgpatogene virus i svinebesetningar. Det er snart 800 millionar grisar i verda, dei fleste står pakka tett saman i skitne og stressande miljø, og ikkje minst: Grisar er allereie kjende for å vere vertskap for mange ulike influensa A-variantar, også frå menneske. I sum gjev dette ein svært høg risiko for kombinasjon av fleire aggressive eigenskapar i eit mogleg nytt pandemivirus.
Kor skremde skal vi bli av det som no skjer i amerikanske fjøs? I første omgang blir det i alle fall eit stort problem for amerikanske storfebønder. Ei vidare spreiing til besetningar i andre land er også sannsynleg. Kva endringar i viruset si evne til å infisere menneske som kan oppstå i dette møtet mellom fuglar, kyr, menneske og andre husdyr, veit vi ikkje sikkert. Kanskje går det over av seg sjølv, i verste fall er vi komne eit lite steg nærare ein ny og alvorleg influensapandemi.
Helsestyresmaktene i alle land blir difor oppmoda til å ha ei aktiv overvaking av influensavirus hos dyr og til å leite etter moglege mutasjonar av virus med betre evne til å formeire seg i luftvegane hos menneske, slik at moglege nye pandemiar kan bli oppdaga så tidleg som mogleg. Det er også viktig å forske på effektive vaksinar mot alle nye høgpatogene virusvariantar.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal