JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Kveldknarrar i måneskin

Songen til «kveldknarren», slik natteramnen også vert kalla, minner noko om grashoppesong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kamuflasjekunsten til natteramnen er finurleg: Han vel ein reirplass som fjørdrakta harmonerer med. Det kan vera sand, visse lauv eller stein.

Foto via Wikimedia Commons

5822
20240927
5822
20240927

Fyrste gong eg møtte natteramn, var ei juninatt i 2020. Vi var tre stykk og gjekk på leit etter nattsongarar – trekkfuglar som syng i dei mørke timane når dei har nådd hekkeområdet sitt. Turen byrja ved Linderud i Oslo. Der spelte det ein natteramn, ein stad oppe på ein skogdekt ås.

Songen hadde vorte høyrd av fleire nattvandrarar frå sletta nedanfor, i nokre somrar på rad: Den uthaldelege surringa som vekslar mellom to hovudfrekvensar, ber langt, opptil ein kilometer.

Vi gjekk sakte oppover bratte bakkar, inn i skogen på gjørmete skogstiar og retta oss etter lyden i mørket. Til slutt kom vi så nær som det gjekk an. Etter at vi hadde stått stilt ei stund, såg vi han, flyktig: Ein skugge som flaug frå ein tretopp til ein annan, før han sette seg og byrja med songen sin att.

Håpet var å få sjå han sitje i ro på bakken (dei andre hadde med seg kamera), men viktigast var det å ikkje forstyrre, og vi nøgde oss med klare lydopptak.

Songen til «kveldknarren», slik natteramnen også vert kalla, minner noko om grashoppesong, men han vert sjølvsagt framført med strupen og ikkje med ytre kroppsdelar. Hannar syng for å hevde revir og signalisere nærværet sitt for hoer i mørket.

I Noreg går hekkinga føre seg i småkupert terreng med open furuskog: Natteramnen må ha plass til å flyge, han ernærer seg i flukt. I paringstida brukar han også vengjene til å lage eigne lydar, som ein del av spelet. Når han rastar eller rugar, er han jordbunden: Natteramnar legg egga sine, to om gongen, i ei grop på bakken. Nokre par får fram to kull. Hoa byrjar i så fall på eit nytt eit medan hannen framleis tek seg av det fyrste, og når desse ungfuglane er sjølvstendige, vert dei andre egga klekte.

Andre gongen eg møter natteramnen, er i september månad på øya Jomfruland utanfor Kragerø. Eg har teke turen dit saman med familien, vi held til på ei DNT-hytte som deler tun med fuglestasjonen. Der har det sidan 1970-talet vore utført standardisert ringmerking og teljingar. Det er seint på kvelden og alt mørkt då vi kjem fram, men eg har meldt besøket vårt til ein av dei lokale ornitologane.

Klokka har nett bikka 22 då det bankar på døra: Der står Sondre Fink Andersen med ein natteramn i handa. Fuglen har nett fått ring og skal sleppast fri. Han er fødd i år, slik detaljar i fjørdrakta røper, men har nådd vaksen storleik og verkar klar til å gje seg ut på trekk. Plutseleg gapar han med nebbet og gustar: Det kjem ein trolsk lyd, heller kattedyr- enn fugleaktig, ut av strupen hans.

Dei har spesialisert seg på nattsvermarar, forklarar Sondre. Gapet er høgt og breitt. Når natteramnen flyg etter næring i dei mørke timane, er han fyrst og fremst på jakt etter store nattaktive svermarar og biller. Beina er korte, fjørdrakta liknar bark eller lauv, nebbet er tynt, gapet vidt, kroppen er avlang og flat: Natteramnen ser ut som ei kryssing av tårnseglar og nattsvermar.

Med den fyrste har han ernæringsmåten til felles. Men den andre ei særeigen evne til å smelte saman med omgjevnadene. Når ein legg egga sine på bakken og veg mellom 50 og 100 gram, er god kamuflasje avgjerande. Kroppslengda er på litt under 30 cm. Med ramn har han lite sams.

Før eg kom til Noreg, kjende eg fuglen under det franske namnet, engoulevent, som tyder «vindsvelgjar». Ifølgje dei siste målingane er natteramnen korkje sjeldan eller truga på verdsbasis, men han er framleis nattleg og gåtefull.

No som innsatsen med ringmerking har auka og sporingsteknologiar er i blom, kan vi vente oss både fleire erkjenningar og nye spørsmål om denne fuglen. At natteramnen har ruga på løyndomar og eggja fantasien, kjem tydeleg fram i det tyske namnet hans, Ziegenmelker (geitemjølkar). Det er ei bokstaveleg omsetjing av det vitskapelege slektsnamnet Caprimulgus, gjeve av Carl von Linné på 1700-talet, som truleg har opphavet sitt i Naturhistoria av Plinius den eldre, skriven kring år 70. Desse fuglane, trudde ein, kunne suge seg fast til geitejur og drikke mjølk av dei.

I dag vert det anerkjent litt under hundre natteramnartar i verda, og slekta Caprimulgus tel nesten førti av dei. Arten som hekkar i Noreg, er Caprimulgus europaeus. Her er vi i nordaustkanten av det vide hekkeområdet hans, og han finst fyrst og fremst i dei sørlege delane av landet.

Hekkeområdet strekkjer seg frå Nordvest-Afrika, Sørvest-Europa, Dei britiske øyane og Skandinavia i vest, til Mongolia og det nordlege Kina i aust, gjennom Midtausten, Iran, Sentral-Asia og Pakistan. Natteramnen er ein trekkfugl, og dei fleste individa overvintrar i Afrika, sør for Sahara. Fuglar som hekkar i Mongolia, har monaleg lengre veg enn dei som hekkar i Europa.

Også trekket går føre seg om natta. Natteramnane flyg anten åleine eller i lause flokkar på opptil tjue individ. Nyare forsking har synt at månefasane påverkar rørslene deira under trekket. I fullmåneskin kan matinntaket til desse nattaktive insektetarane som nyttar synet når dei jaktar, meir enn doble seg. Dette har ein synkroniserande effekt på trekket, som går føre seg i pulsar.

Øya Jomfruland har eit areal på om lag tre kvadratkilometer, og mange av dei fuglane som vert fanga og ringmerkte der, er på gjennomreise. Tru om den unge natteramnen som vert fanga denne septembernatta, er på veg til vinterkvartera? Og åleine?

Vi ser ein flyge i mørket etter svermarar neste natt, det store auga skin som ein liten måne når lyset frå lykta treffer det. Eg spør Sondre og Jørn Helge Magnussen, den andre ornitologen som er til stades denne helga, om arten hekkar her på øya. Det har ikkje vorte påvist, svarar dei, men det finst eldre som fortel om natteramnspel på øya før i tida.

Naïd Mubalegh

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis