JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

6342
20240510
6342
20240510

I slutten av april drog eg frå Oslo til Lindesnes for å treffe ornitologar frå alle landsdelar. Då eg steig ut av bilen, flaug ei linerle over hovudet på oss, med sine skarpe, tvifalde fluktrop: «Tsitsi-tsitsi!» No var tida verkeleg inne for å skrive om henne…

Ho hadde alt vore i Sør-Noreg ei stund, og ein informant i Harstad hadde nyleg sett henne for fyrste gong i år. Då eg høyrde henne over oss, spurde eg den eine av reisefellane mine, som var komen frå Nord-Troms, om linerla var på plass der òg. Neppe, der og i Finnmark låg snøen framleis djupt. Vårtrekket er ein lang prosess, sett frå eit land så utstrekt som Noreg.

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat. Dette veit til dømes fiskeørneksperten Rune Aae, som fleire gonger har funne linerlereir i høge strøk, inne i reir til fiskeørn. Der et linerla gjerne insekt som beiter på fiskerestar.

Men vanlegare er det andre plassar i bygd og by, langs vassdrag, så lenge det finst holrom og sprekkar å byggje reir i, og virvellause dyr – gjerne tovengjer – å ete. Også i nærleiken av menneske kan linerla vere kreativ når det gjeld reirbygging: Større køyretøy som står stille, og der det finst rom mellom hjul og karosseri, kan verte valde som reirplass av den minst skye og minst fargerike av dei tre erleartane som hekkar i Noreg, linerle, vintererle og gulerle. Det er vanleg for linerlepar å få to kull mellom april og august, til og med tre lenger sør.

«Også i nærleiken av menneske kan linerla vere kreativ når det gjeld reirbygging.»

Under trekket og om vinteren samlar linerler seg i store flokkar om kveldane og søv på felles soveplassar, til dømes i takrøyrskogar. Om dagen held nokre av dei seg enkelt- eller parvis innanfor faste revir, medan andre beitar i felles område.

I Noreg er linerla for mange eit viktig vårteikn. Meir enn det – for dei som ser dei vende attende kvart år til same stad, anten det er til garden eller stølen, verkar linerlene nærmast som slektningar. «Det er vel dei same som kjem attende år etter år», reknar dei med.

Den solide kjelda Norsk fugleatlas, som «viser de norske artenes utbredelse i hekkesesongen, basert på innsatsen til hele 1400 personer i perioden fra 1970 til 1989» fortel at «[l]inerlene er svært stedtro, og både voksne og unge fugler ofte vender tilbake til det samme området der de er klekket ut».

Begge foreldra tek del i matinga av ungane, som går ut av reiret etter cirka to veker. Då får dei framleis mat av foreldra ei stund. Det tek to–tre år før dei får vaksen fjørdrakt, med stadig meir svart på toppen av hovudet.

Foto: Sveinung Lindaas

I 2020 vart eg kjend med ein ornitolog og ringmerkar som var med på eit nytt prosjekt der linerler vart fanga og utrusta med fargeringar for å hjelpe til med individuell attkjenning i felt. Til grunn for innsatsen låg nettopp tanken om at desse trekkfuglane vender attende til dei same stadene år etter år.

Men når eg no tek kontakt i 2024 for å høyre om oppdateringar, vert svaret at kampanjen, der hundrevis av linerler har fått fargeringar i Noreg, har gjeve forbausande dårlege resultat: Dei merkte linerlene vert veldig sjeldan sette igjen, verken her eller i utlandet, noko som er uventa.

Det er sjølvsagt langt vanskelegare å tolke overveldande fråvær av observasjonar enn det motsette. Like fullt vert noko dermed fortalt, men dette er eit tilfelle for fuglegravejournalistikk. Rimelege hypotesar, som ikkje utelukkar kvarandre, er at dødstala har vorte særs høge på trekk og i overvintringsområda, eller at nokre bestandar er mindre stadtru enn ein har trudd.

På eit breiare plan har tidlegare gjenfunn av ringmerkte fuglar synt at linerler som held seg i Noreg om sommaren, trekkjer til Sør-Europa, Nord-Afrika, der dei del held seg i oasar i Sahara, i Sør-Europa og Midtausten, av og til lenger mot søraust, truleg til Sudan og Etiopia.

Arten hekkar over store delar av Europa og Asia (derfrå finn nokre individ også vegen til Alaska), Nord-Afrika og Midtausten. Nokre bestandar er stadfaste, mange trekkjer, som i Noreg. På grunnlag av markante skilnader i fjørdrakt som svarar til geografiske tilhaldssoner, har det lenge vore skilt mellom eit titals underartar. Også dei evolusjonære tilhøva mellom dei har så vidt byrja å røpe sine løyndomar, og det vil krevje sitt av spissbioteknologi å forstå seg på «dissonansar» mellom svak genetisk variasjon og sterk og stadbunden variasjon i utsjånad.

I Noreg er den typiske underarten Motacilla alba alba. Han har kvitt andlet, svart på toppen av hovudet og på brystet, og grå overkropp. Går du saman med ein ornitolog og vedkomande plutseleg vert oppslukt av ei linerle, kan du ganske sikkert vedde på at hen har sett eit individ av underarten M. alba yarelii, som har hovudtilhald på Dei britiske øyane. Denne underarten har svart rygg, derav namnet «svartryggerle», og dukkar sparsamt opp i Sør- og Vest-Noreg.

Eit anna særtrekk ved linerla, og ved erler generelt, er at dei held seg mykje på bakken, der dei går, stadig gyngande, med den lange, vippande stjerten. Også fluktlinjene er karakteristiske, bølgjete, elegante, med tsitsi-tsitsi-ropa ytra frå lufta. På engelsk har erler fått namnet wagtail. På norsk, der ho tel blant fugleartane med flest lokalnamn, vert linerla også kalla vippestjert.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Sveinung Lindaas

Ein vårdag for lenge sidan sat eg på universitetsplassen i hjartet av Paris saman med ei veninne som studerte gamalgresk. Ein liten fugl med iaugefallande gul underkropp og lang hale avbraut plutseleg samtalen mellom oss då han kom gyngande inn i synsfeltet hennar. Ho spurde meg kva det var. Jøss, vintererla (eit uvanleg syn på denne plassen som låg langt frå rennande vatn) var komen på vitjing. Men det fuglen hadde lekamleggjort for henne, var eit verb ho hadde støytt på i gamalgreske tekstar utan å skjøne opphavet. Ho tok til å forske på det. Verbet dukka opp som instruks til skodespelarar i nokre komediar, og det synte seg at det sannsynlegvis kunne la seg omsetje med å erle – å røre seg gyngande som ei erle.

Ofte når eg ser dei fyrste linerlene kome, må eg tenkje på det. Det er ikkje kvar dag ein fugleinteressert biologistudent får skode ein fugl utan at namnet kjem støyande mellom synet og auga – og for ei oppleving når det skjer...

Naïd Mubalegh

naid.mubalegh@gmail.com

Høyr linerla synge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis