JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Makrellterna over vatnet

Gjennom oppveksten var ei av dei sterkaste opplevingane mine å oppdage den fyrste makrellterna blant hettemåsane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Terner og måsar er to underfamilier av den store måsefamilien, men skil seg vesentleg frå kvarandre i utforming, flukt og levestil. Terner har ei kløft i halen og spisse vengjer.

Foto: Naïd Mubalegh

5924
20240830

Fugleperspektiv

Naïd Mubalegh skriv om fuglar for Dag og Tid.

Oslofjorden, slutten av juli: Eg sit på ferja som køyrer frå Gressholmen til Rådhuskaia, nesten svevnig etter ein solfylt dag i skjergarden. Eg hadde ikkje vore på øyane på fleire år. Dei siste somrane har eg heller opphalde meg i brenneslene på ei attgrodd fylling der eg har speida etter myrsongarar – ein fugleart som melde seg for meg ganske seint i livet, men hugtok meg ved fyrste møte.

Eg har gløymt korleis indre Oslofjord ser ut. I tillegg er byen sommartom og kjennest som ein annan enn seg sjølv: Turen i nærmiljøet er ei lita reise. Eg ferdast ikkje åleine, og fuglar står ikkje i fokus i dag, men eg går med kikkert kring halsen. Ferja køyrer mjølkerute. På småholmar mellom øyane kviler storskarvar med opne vengjer og individ av ulike måseartar.

«Opphaldsstader og hekkeplassar kan variere frå år til år: Ternene følgjer fiske­stimane.»

Plutseleg, i einsleg flukt over vatnet, syner han seg: ein kjend figur, men ikkje frå Oslofjorden i fyrste omgang. Synet framkallar ei stemning som vart til i ei anna tid, ein stad som ligg to tusen kilometer herifrå – byen Blois i Loire-dalen, der eg voks opp.

Fargane i fjørdrakta på denne fuglen liknar på hettemåsen i sommardrakt. Kroppen er lysegrå, nebbet raudt og hovudet dekt av ein svart kalott, men flukta er annleis, kvikk, elegant, stundom lada med spenning. Vengjene er spisse, halen har ei kløft. Denne sjøfuglen liknar eigentleg meir på ei svale. Han har fått det vitskaplege namnet Sterna hirundo. På latinsk tyder hirundo svale.

På norsk heiter han makrellterne, og det er ein av dei to terneartane som hekkar i Noreg. Den andre er raudnebbterna, som flyg fram og attende mellom Arktis og Antarktis og held rekord i lengd på trekket blant alle fuglar. Når det gjeld utsjånaden, er artane like kvarandre. For å skilje dei kan du sjå på den ytste tuppen av det raude nebbet: Er han svart, er det ei makrellterne.

Ein viktig del av kurtisen hjå makrellterna er at hannen fangar fiskar og gjev dei til hoa.

Foto: Sveinung Lindaas

Korleis ho fekk det norske namnet sitt, er uklart, men det viser i alle fall ikkje til eit tilhøve mellom rovdyr og bytte. Grunnen er heller at makrell og nett denne ternearten ofte kan sjåast i dei same områda langs norskekysten, der begge følgjer etter stimar med småfisk, sild eller ansjos, som dei jaktar på.

Også av den grunn er synet av ei makrellterne i stand til å opne portalar mellom fjerne stader. I ferskvatnet i Loire-elva finst korkje makrell, sild eller ansjos. Der heiter makrellterna sterne pierregarin og fiskar laue og mort. Ved sida av fisk er også insekt og skaldyr ein del av kosthaldet.

I Noreg så vel som i Frankrike finn ein bestandar som hekkar ved kysten, og andre som hekkar ved ferskvatn i innlandet. Det gamle ordet pierregarin er ei samansetjing av pierre (stein) og garin, som er avleia frå garer (i dagens målform, «parkere»), eit eldre slangord som tyder «å slå seg ned» – i fuglespråk: å hekke.

Kvart år gjennom oppveksten var ei av dei sterkaste opplevingane mine å oppdage den fyrste makrellterna blant hettemåsane som til alle årets tider flyg over elva eller rastar på sandøyane. Det er flukta som røpar henne: Terna kan halde seg ei stund i lufta på same plass medan ho ser ned mot yta, før ho plutseleg kastar seg nedover i ein stupdykk.

Nokre gonger flyg ho oppover igjen før ho treffer vassyta: Kanskje det var eit insekt ho skulle fange, eller fisken har flytta på seg? Men dersom han ikkje har rokke å symje bort i løpet av det korte stupet, dykkar terna det meste av kroppen ned i vatnet, fangar han og flyg raskt oppover igjen.

Kontakten med vatnet er alltid kort, terna held gjerne vengjene utanfor: Sjølv i enden av den vellukka styrten syter ho for at dei skal vere så tørre som mogleg. Dei er ikkje vassavstøytande, i motsetnad til måsevengjer.

Denne fyrste terna som syner seg om våren, har kome frå vinterkvartera sine ein plass langs afrikakysten. Nokre av makrellternene som hekkar i Nord- og Vest-Europa, trekkjer så langt sør som til sørspissen av Sør-Afrika. Opphaldsstader i vinterhalvåret, men også hekkeplassar om sommaren, kan variere frå år til år: Ternene følgjer fiskestimane.

Som det franske namnet pierregarin viser til, liker dei å leggje egg på stein- eller sandgrunn. I eit system som Oslofjorden og i kystområde vel dei anten sandstrender, holmar eller skjer. I elvar slår dei seg ned på sandøyar. Dei hekkar oftast i koloniar, stundom enkeltvis, frå USA og Canada i vest til Japan i aust. Det vert skilt mellom fire underartar.

Hannmakrellternene byrjar å kome til hekkeplassen før hoene. Par vert danna gjennom ein ritualisert kurtise der hannen kjem til hoa med fisk og matar henne. Makrellterner synest å leve i snitt opptil ti–tolv år, det vil seie ganske lenge. Rekorden, som vert fastslått takka vere gjenfangst av ringmerkte fuglar, ligg på 34.

Fleire studiar har synt at dei som oftast vel å ha den same partnaren år etter år. Etter at dei har funne kvarandre og danna parband, forsvarar makane eit lite revir. Der vert egga — mellom eitt og tre — lagde og ruga på i eit svært enkelt reir. Trass i den rudimentære utsjånaden tel reiret til makrellterna blant dei mest utarbeidde i ternefamilien.

Egga klekkjer etter cirka 25 dagar, og ungfuglane held seg i reiret i tre dagar før dei gradvis utforskar omgjevnadene. Med gråbeige spraglete dun er dei godt kamuflerte på stein- og sandgrunn. Tre veker etter klekking byrjar dei å øve på å flyge. Då er det ikkje lenge før dei tek til vengjene og forlèt hekkeplassen.

Ungfuglane som har overlevd fram til flygedugleik, spreier seg fyrst i ulike retningar, før dei byrjar trekket sørover. Det er ikkje før i treårsalderen dei blir kjønnsmodne og kjem attende til området der dei vart fødde.

Naïd Mubalegh

Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

I valkampen før guvernørvalet i Tokyo i juli blei politikk til farse, meiner mange japanarar. Ein av dei mange meir eller mindre seriøse 56 kandidatane som figurerte i sosiale medium og offentlege rom, var «KI-borgarmeisteren», profilert som robot.

Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

PolitikkSamfunn

Ei god tid for løgnarar

Når det politiske bildet blir forfalska ved hjelp av kunstig intelligens, lid demokratiet.

Marita Liabø

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis