JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DyrFeature

Viltkjøt til å bli sjuk av

Trikinar er ei gruppe parasittiske rundormar, som enno er eit stort folkehelseproblem. Ein av grunnane ligg i tradisjonen med å ete rått eller lite varmebehandla viltkjøt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dyr blir vanlegvis ikkje sjuke av trikinar, men folk kan bli sjuke.

Dyr blir vanlegvis ikkje sjuke av trikinar, men folk kan bli sjuke.

Foto: Holger Krisp via Wikimedia Commons

Dyr blir vanlegvis ikkje sjuke av trikinar, men folk kan bli sjuke.

Dyr blir vanlegvis ikkje sjuke av trikinar, men folk kan bli sjuke.

Foto: Holger Krisp via Wikimedia Commons

5612
20240405
5612
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Den svenske draumen om å erobre Nordpolen krasjlanda 14. juli 1897 etter ei kort og uvørden ballongferd over drivisen. Ingeniøren Salomon August Andrée og dei to andre polfararane tok med seg det dei kunne berge av mat og utstyr frå ballongvraket, og gjekk for livet sørover mot Svalbard, der ekspedisjonen hadde starta tre dagar tidlegare.

Knappe to månader seinare var alle tre daude. Mot slutten av turen skreiv Andrée i dagboka si at dei hadde fått smaken på rått isbjørnkjøt. Mange har difor hevda at karane døydde av ein akutt infeksjon med trikinar, ein vanleg parasitt hos fleire dyr i Arktis, blant anna isbjørn. Til støtte for denne teorien blir det hevda at i den siste leiren, saman med telt, skiutstyr og polfararskjelett, blei det også funne restar av isbjørnkjøt med trikinar.

Var det isbjørnkjøt med trikinar som tok livet av Salomon August Andrée og dei andre svenske polfararane?

Var det isbjørnkjøt med trikinar som tok livet av Salomon August Andrée og dei andre svenske polfararane?

Foto via Wikimedia commons

Alvorleg

Trikinane er ei gruppe parasittiske rundormar som står for ein av dei mest kjende zoonosane i verda, det vil seie sjukdom som kan gå frå dyr til menneske. Parasittane er små og lite imponerande, dei vaksne ormane som lever i tynntarmen på menneske og andre varmblodige dyr, er berre nokre få millimeter lange. Trikinane har heller ikkje funne på nokon innfløkt eller imponerande livssyklus med mange mellomvertar, men for nokre artar har trikinlivet teke ei (for verten) litt utriveleg vending.

Hos det vi kallar kapseldannande trikinar, borar hoene seg inn i tarmveggen og sender ei ladning larver rett inn i blodet. Larvene vandrar ut i kroppen til verten og finn seg til rette i blodrike organ, best trivst dei i aktivt muskelvev som mellomgolvet og dei små musklane kring auga. Etter å ha funne seg til rette i ein høveleg muskel kapslar larva seg inn bak ein vegg av bindevev og ventar tolmodig på at verten skal bli eten.

Her kan vegetarianarane kjenne seg trygge, for ein er nøydd til å ete kjøt for å bli smitta. I magesekken til den som er uheldig å ete infisert kjøt, vil enzymet pepsin saman med magesyra bryte ned kapselveggen og frigjere parasittlarva. Etter det ventar ein rask pubertet og ei kort og hektisk paringstid i det vernande og næringsrike miljøet i tynntarmen.

«Trikinar av mange slag finst over heile verda, med unnatak for Antarktis, der det ikkje finst landlevande dyr som kan halde oppe ein smittesyklus.»

Larver på vandring

Dyr blir vanlegvis ikkje sjuke av trikinar, sjølv etter store smittedosar, noko som er eit godt døme på den typen koevolusjon som er vanleg mellom parasittiske rundormar og vertane deira. Men folk kan bli sjuke. Kor alvorleg kjem an på kor mange parasittar dei får i seg, og kor larvene hamnar i kroppen.

Eit stort parasittangrep kan gje fleire veker med magesmerter og diaré, og etter det feber og smertefulle og hovne musklar. Eit særleg typisk teikn på trikinose er ødem og hevelse i muskulaturen kring auga. Parasittlarver som går seg vill i dei mange finmaska nettverka av blodårer rundt om i kroppen, kan hamne i hjartet, lungene, netthinna eller hjernen. Desse larvene vil ikkje overleve, men skadane kan bli så store at verten òg døyr.

Trikinar av mange slag finst over heile verda, med unnatak for Antarktis, der det ikkje finst landlevande dyr som kan halde oppe ein smittesyklus. Den mest kjende arten, Trichinella spiralis, førekjem hos både tamme og ville pattedyr og har truleg følgt menneske og gris i fleire tusen år. T. spiralis er ein vanleg infeksjon hos smågnagarar, og gris kan bli smitta ved å ete levande rotter eller smitta kjøtrestar. Derifrå er det kort smitteveg til oss menneske. Interessant nok er hestar også kjøtetarar som kan knaske i seg smågnagarar og bli smitta.  

Grisen er ein altetar og kan bli smitta med trikinar ved å jafse i seg smågnagarar som er vert for dei plagsame parasittane.

Grisen er ein altetar og kan bli smitta med trikinar ved å jafse i seg smågnagarar som er vert for dei plagsame parasittane.

Foto: Myrabella / Wikimedia Commons

Arktiske variantar

Det siste kjende tilfellet av trikinar på norske grisar var i Vestfold i 1994. Det siste tilfellet av menneske som blei smitta av å ete kjøt her i landet, var i 1980. Likevel har slakteria framleis instruks om å kontrollere alle grisar og hestar for trikinar før kjøtet kan seljast. Gris er svært mottakelege for infeksjon. Dei aktive musklane i mellomgolvet vil vere fullpakka med innkapsla larver, og det er nok med ein bit på 1 gram kjøt for å avdekkje om dyret er smitta eller ikkje.

Tørking og røyking drep ikkje trikinlarvene. T. spiralis er mogleg å drepe ved å varme opp kjøtet til 68 grader eller ved å fryse det til minus 20 grader i eit par veker. Hos ville pattedyr i nordområda, som polarrev, isbjørn og kvalross, er det vanleg med spesielle kuldetilpassa variantar, som T. nativa, med larver som ikkje blir drepne av frost.

Ein av grunnane til at trikinar enno er eit stort folkehelseproblem, ligg i den tradisjonen mange folkegrupper har med å ete rått eller lite varmebehandla viltkjøt. I Europa er det til dømes mange tilfelle i Kroatia og Bulgaria, der det er vanleg å jakte på og ete villsvin. Medan i Alaska og Canada er lettkokt kvalross ein tradisjonell og litt utrygg festmat.

Årsaka til den tragiske slutten på den svenske polarekspedisjonen kan godt ha vore noko anna enn parasittar, til dømes svolt, forfrysingar, kolosforgifting eller rett og slett at dei vart angripne av isbjørn. Men i Alaska, Canada og Grønland er tradisjonelle festmåltid med isbjørnkjøt framleis ei kjend helseutfordring, ikkje berre for bjørnane. På ein stor grillbuffé for eit politisk seminar på Grønland i 2016 var hovudretten grillspyd med isbjørnkjøt og steikt paprika. Fleire av dei over 50 gjestane fekk – fortent nok, vil kanskje mange seie – akutt trikinose, med diaré, feber og muskelsmerter.

Arve Nilsen

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén
Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge
Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis