Mat

«Eg blir invitert på krepselag årleg. I år var eg så heldig å kunne stikke av med restane, nærare bestemt to fulle bereposar med krepseskal.»

Krepsen er genial fordi han smakar fantastisk: Først når han ligg på fatet, så når han er blitt suppe.
Krepsen er genial fordi han smakar fantastisk: Først når han ligg på fatet, så når han er blitt suppe.
Publisert Sist oppdatert

Det er harde tider. Handle­posen kostar lett tusen kroner, og då er han ikkje eingong full. No er tida inne for å nytte ressursane betre, og det kan gjerast på fleire måtar. Eg har tidlegare lovprist rekeskal her i denne spalta, ein ressurs som vi på ingen måte må skusle bort, men lage ei episk skaldyrsuppe på.

Så er eg så heldig å verte invitert på krepselag årleg. Det er same datoen kvart år, og det er litt av ei forsamling: kunstnarar, forfattarar, reklamefolk, karikaturteiknarar, alle saman frå øvste hylle.

Krepsen kjem inn i biletet fordi verten feirar fødselsdag, og det må jo markerast, denne gongen fylte han godt over dei åtti. Men like sprek og fyrig som nokon gong er han. Bordet er dekt med store krepsefat til gud veit kva for ein totalpris. Det kjem frå byens beste delikatessebutikk, så eg hadde aldri hatt råd til det. Men i år var eg så heldig å kunne stikke av med restane, nærare bestemt to fulle bereposar med krepseskal. Dei bar eg med meg heim, så det er bokstaveleg talt berekraft me skal lage i dag.

Ja, eg veit betre enn mange at ein blir trøytt og sliten etter å ha hatt ein diger gjeng lystige vener rundt bordet, og at det fyrste ein tenkjer på, helst er å få oskoreia ut av huset før klokka blir for mykje. Så eg takka pent for meg med dei to fulle posane, og putta dei resolutt i frysaren.

Så har eg altsåkvar veke fotballkveld, der eg og to nære i familien samlar oss om favorittlaget i Premier League. Det kan jo gå både godt og dårleg, og går det dårleg, treng me trøyst, og går det bra, må det feirast på alle vis. Eg steller derfor alltid til middag etter kampslutt, og denne gongen blei det altså skaldyrsuppe på kreps.

Det er ein del jobb og styr med det, men tenk berre på at du har ei «gratis» råvare som gir eit eventyrleg resultat. Fyrst må du altså dagen før ta skala ut av frysaren. Eg tinte heile posen i ei bøtte i kjøleskapet over natta. Når dei er heilt tinte, skal du altså frese dei kraftig i olje. Somme brukar olivenolje, men eg tykkjer rapsolje er betre, den toler høgare temperatur og er nøytral på smak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement