Mat

«Eg vil at mat skal vere enkelt, men fantastisk»

Salat med varm geitost.
Salat med varm geitost.
Publisert

Det er for mykje no i mai, av både det eine og det andre. Korps, til dømes, men eg heiar likevel på korpsmusikk, ikkje minst fordi eg sjølv blei kasta på hovudet ut av Løren skolekorps på grunn av dårleg oppførsel. Min eigen versjon, og mor mi støtta meg sjølvsagt i den, er at det var den elendige trompeten dei gav meg, det var noko gale med.

Eg fekk ikkje lyd i han. Det var kul i havet, som eg sa på min Oslo aust-dialekt. Det kom berre halvkvelte eselraut og ikkje det eg ville ha ut av han, brillefine tonar eg hadde høyrt på radio og 78-plater.

Jazz

Hadde eg klart det, kunne eg vore den nye Miles Davis no. Turnert verda rundt med stadig fleire epokegjerande nye stilartar i jazzlandskapet. Blanda rock og jazz på ein uhøyrd og frekk maner. Flotta meg med fotomodellar.

Miles var ein gong i eit cocktailselskap, og ei rik, eldre og litt overlegen kvit dame spurde han, den einaste svarte i selskapet, kva han heldt på med her i livet. Miles likte ikkje kvite menneske så godt, særleg ikkje viss dei verka arrogante og uvitande, så han svarte: «Eg har revolusjonert jazzen fem gongar. Og du?»

Men eg er ikkje som Miles, eg er ein lat, men utolmodig fyr. Ting må skje straks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement