Reportasje
Ein arbeidsdag støypt i fjell
Synest du det tek lang tid å få ferdig ein tunnel? Då veit du ikkje kva som skal til for å lage han.
Lys i mørket: Boreriggen er rigga med tre borestavar, ei arbeidskorg og godt med arbeidslys.
Alle foto: Siri Helle
Dag og Tid er med folk på jobb. Denne veka: tunneldrivaren
Det er boredag i det sørgåande løpet på Sollihøgdtunnelen. Ein dryg kilometer inn i fjellet, djupt under Sollihøgda og litt austanfor vegtraseen som E16 følger i dag, sit skiftbas og tunneldrivar Sondre Breistrand bak spakane på ein diger, trearma borerigg.
Klokka er halv sju om morgonen, han har sete her i ein halv time, og han skal vere her i elleve og ein halv time til. I løpet av denne dagen skal han bore over éin kilometer med hol i fjellet, men noko smell vert det ikkje: Sollihøgdtunnelens sørgåande løp, arbeidslag nord, kjem ikkje til å verte éin einaste centimeter lengre akkurat i dag. Slik er det å vere tunneldriver iblant, men heldigvis ikkje altfor ofte.
Sondre Breistrand er 30 år, fødd i Harstad og busett i Östersund i Sverige. Han byrja i si tid på studiespesialisering, men vart aldri student. I staden vart sommarjobben med måling av anleggsbrakker starten på ein karriere i fjelldjupet. Målingsjobben vart til småjobbar inne i tunnelen, og med eitt hadde Breistrand fast jobb som tunneldrivar. Så fort realkompetansen var på plass, kunne han ta fagbrevet.
Den vanlege vegen inn i tunnelarbeidet byrjar med bygg og anlegg-linja på vidaregåande skule. År to vel ein framtidig tunneldrivar anleggsteknikklinja, før ein går ut i lære i fjell- og bergverksfaget. Då kan ein til dømes jobbe med vegtunnelar, kraftverk eller gruvedrift.
– Eg skjøna fort at det var dette det skulle verte, seier Breistrand enkelt, samstundes som han like enkelt styrer to av dei tre boremaskinene som er monterte på riggen hans.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.