På tomannshand

Ein introvert ekshibisjonist

Ragnar Hovland fyller 70 år og har framleis to–tre bøker igjen å skrive. Om han berre kjem seg i gang.

Ragnar Hovland fyller 70 år omtrent på denne tida.
Ragnar Hovland fyller 70 år omtrent på denne tida.
Publisert

­­– Det er litt annleis her no enn sist du var her, seier Ragnar Hovland og trakkar tungt opp trappa til andre etasje, inn døra, gjennom gangen og ut i den lyse stova i tomannsbustaden på Nordberg.

Her er høgt og fritt, og langt der nede, mellom nabohusa, skimrar Oslofjorden i vårsola. Han stiller seg opp på stavparketten, held hendene laust i dongeribuksa og har elles på seg ei appelsinoransje skjorte. Den lange, oskegrå luggen heng leikent på sida.

– Ja, seier han.

Ja, så var vi her igjen, og det er 20 år og ti bøker sidan sist. Den gongen hadde han gitt ut romanen Vinterreise, fått kritikarprisen og ein hurv med nye lesarar. Etter intervjuet skreiv eg i dagboka mi: «Trefte Hovland. Tung å prate med var han.»

– Hne-hne, kneggar Hovland.

– Vidare står det: «Kjøkenet skulle pussast opp. Alt i kassar. Eit jævla rot.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement