Reportasje

Ein syklist kryssar sitt spor

Og sanneleg seier eg dykk, det blei salme ved reisas slutt.

«Ida» frå 1958 er Danmarks eldste treferje og går mellom Falster og Bogø. Og sjå kor dannebrog flagrar i vinden!
«Ida» frå 1958 er Danmarks eldste treferje og går mellom Falster og Bogø. Og sjå kor dannebrog flagrar i vinden!
Publisert Sist oppdatert

Sommaren 1219 sigla danskekongen Valdemar Seier inn Austersjøen med kurs for Estland. Om bord var erkebiskop Anders Sunesen, for dette var eit heilagt korstog som skulle frelse dei estiske heidningane frå evig fortaping ved å gjere dei kjende med den miskunnsame og einaste sanne Gud.

Dei danske styrkane ankra opp utanfor Tallin, og alt om kvelden gjekk estarane til åtak. Framstøyten kom bardus på, og det gjekk mot eit katastrofalt nederlag for danskane. På ein bakketopp over slagmarka knela erkebiskop Sunesen i bøn og strekte armane mot himmelen.

Straks rykte dei danske styrkane fram. Når han trøytna og senka armane, blei danskane drivne bakover. Slik bølgja fronten fram og attende. Då slaget var på sitt mest intense, skjedde eit nytt mirakel.

Eit raudt klede med kvit kross dala langsamt ned frå himmelen. Dette Guds heilage teikn gav kong Valdemar og danskane tru og styrke, og snart etter var estarane drivne på flukt. Etter slaget gjorde kongen det kjent at frå denne dag skulle dannebrog vere flagget til kongeriket Danmark.

15. juni feirar danskane valdemarsdag til minne om denne smått utrulege hendinga.

Det er valdemarsdag, og eg ligg likeglad og tiltakslaus i dobbeltsenga på eit sterilt rom i fyrste etasje på eit konferansehotell i Nykøbing Falster. Det er ikkje her eg vil vere. Mellom gardinene ser eg ut i ei rundkøyring, og bak den biomasseanlegget på staden. Damp stig opp av dei slanke pipene. Det er ikkje her eg vil vere. I den setninga ligg ei erkjenning som brått blir eksistensiell. Kor vil eg vere i livet? Eigentleg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement