Dag og Tid er med folk på jobb. Denne veka: frisøren
Å kome inn døra til frisørsalongen Floke i Bergen sentrum ein slapstung vinterdag er som å kome inn i ei anna verd: frå mørkt, vått og ufyseleg til varmt, lyst, venleg og velduftande.
– God morgon! helsar frisør Kristine Ytredal, nett så blidt og nesten syngande som ein ventar at ein frisør skal høyrast ut.
Ja, for det er ein del forventningar til eit frisørbesøk, er det ikkje? Ikkje berre skal ein gå ut att vakrare enn ein gjekk inn – ein skal ha ei heil oppleving undervegs. Hårvasken er ikkje berre vask og næring til håret, men òg massasje i hovudbotnen, før det akkurat passe lunkne skyljevatnet nærast umerkeleg etterlèt håret mjukt og glansfullt.
Tida ein ventar på at hårfargen skal sette seg, vert fylt med vekeblad eller aviser, kaffi eller te. Og under klippinga – ja, då kan ein verkeleg få tømt seg, med eit lytteviljug medmenneske så tett innpå kroppen at ein nesten kan kviskre ut dei inste løyndommane sine. Kor slitsamt er det eigentleg å vere i andre enden?
For Kristine Ytredal ser det ikkje slitsamt ut der ho lett og med entusiasme tek imot dagens fyrste kunde. Det fyrste ho gjer når ho får ein ny kunde i stolen, er å sjå, kjenne og spørje «kva skal vi gjere i dag?», samstundes som hendene stryk gjennom håret, dreg litt i det, legg ein bustete tust bak øyret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.