Reportasje

Eit lik får nytt liv

– Kva? Er ikkje Ole Johan ein kalv?

Publisert

Utanfor den gamle skulestova møter eg tilfeldigvis Bjørn Enes, som har flytta inn i etasjen under meg i diktarbustaden for to netter. Han driv med munnleg historie og forteljekunst, og han er i Dale for å gjera nokre intervjuopptak. No kjem han nett frå eit intervju med niesa til ein Sivert Sunde.

– Kven er det for ein fyr, spør eg.

Sivert Sunde var ein biletkunstnar frå andre sida av fjorden, fødd i 1904. Han ville ta kunstutdanning i København, men faren lét han ikkje reise. Han ville guten skulle få seg eit arbeid som genererte inntekt. Dei vart uvenar, og Sivert flytta heimanfrå og inn på ein nabogard, der han fekk teikna som han ynskte.

Det gjekk ikkje godt for Sivert. Det er ikkje dei nydelege blyantteikningane – portrett, landskap og nakne kroppar – han er best hugsa for.

Sivert tok livet sitt juni 1927 og vart liggjande to veker i sommarvarmen før han vart funnen. Han er meir kjend under namnet Ole Johan og som ei makaber skildring av eit lik.

So fann dei han Ole Johan,/ langt burte i Håsteins-hagen./ Der låg han og rotna og brann,/ med solsteiken rett i magen./ Og magen var grøn og blå,/ av steinklaka gorr og slim,/ og flugor og kvitmark små,/ aula i yrjande stim.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement