Teknologi

Eksplosjonsteknologi

Kvinner blandar dynamitt i Nobels Ardeer-fabrikk i 1897.
Kvinner blandar dynamitt i Nobels Ardeer-fabrikk i 1897.
Publisert

Vi les om krigen i Ukraina og vert sjokkerte over dei materielle øydeleggingane og alle menneska som vert drepne. Hærane sprengjer bruer, bombar bustadblokker og skyt sund stridsvogner, og soldatane skyt både kvarandre og sivile. Det er forferdeleg og heilt normalt.

Eksplosjonsteknologiar er baserte på kjemiske reaksjonar, normalt oksidering eller forbrenning. Desse reaksjonane skaper gassar som gjev ein rask og vesentleg trykkauke rundt eit brennstoff. Trykkauken utfører mekanisk arbeid, som igjen kan brukast til både militære og sivile føremål.

Han kan brukast militært til å øydeleggje og drepe ved å skyte ut kuler og granatar, og han kan brukast sivilt til for eksempel å sprengje ut hustomter og tunnelar.

Krig har alltid vore ein drivar for teknologiutvikling, og militærhistorikarar snakkar om oppfinninga av krut som den største revolusjonen i krigshistoria. I Kina brukte dei det til fyrverkeri frå 800-talet, og i Europa som drivmiddel for prosjektil frå skytevåpen frå 1300-talet.

Med krutet kunne piler, steinar og andre prosjektil erstattast av stein- og jernkuler som med stor fart vart drivne fram gjennom eit utskytingsrøyr. Militærteknologane fekk fyrst til å bruke krutet i kanonar av jern og bronse, og deretter også i gevær og andre handvåpen.

Krut er eit resultat av eksperiment gjorde av alkymistar og andre som blanda ulike væsker og pulver. Dei kom fram til ei blanding av trekol, svovel og salpeter som vert kalla svartkrut. Det tok lang tid å finne eit godt blandingsforhold, men etter kvart vart det klart at 75 prosent salpeter, 10 prosent svovel og 15 prosent trekol var det beste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement