Restaurering

Eldre verktøy livar opp att skamfarne hus

I alle tider har folk gjort det vakkert rundt seg. Hus som står igjen frå mellomalderen, er ikkje berre solid bygde av øvde hender og utvalde stokkar. Mange er rikt utrusta med detaljar til glede for auget.

Ein profilhøvel har same forma på undersida av trestykket som på høveltanna. Heilt til høgre ligg høvelstokken ned på den flate fjøla og stansar høvlinga når profilen er så djup som han skal vere.
Ein profilhøvel har same forma på undersida av trestykket som på høveltanna. Heilt til høgre ligg høvelstokken ned på den flate fjøla og stansar høvlinga når profilen er så djup som han skal vere.
Publisert

Det tiltalande var ein del av funksjonen, bygt inn i sjølve huset. Ikkje som utsmykking etterpå. Stovehus og loft var rimeleg nok dei mest påkosta, dei som gav eigaren vørdnad i bygda. Særleg i inngangspartiet – døra og beitskiene ved sida av – vart det lagt mykje arbeid i form og figurar. Breie og utbuka beitskier, dei er tjukkare på midten enn oppe og nede, treng ikkje dette for å styrkje sin del av huset. Det var til pryd. Det var til glede for dei som hadde sitt liv i tunet.

Den dag i dag kan vi sjå kva dei la vekt på, og det som var gjort, skulle vare lenge. Inn mot beitskiene var veggstokkane smalna av. Her har dei mange stader fått dekorative mønster. Til og med i sjølve veggflata, der stokkane ligg på kvarandre, er det profilar å finne. Ikkje uvanleg var det at flatene på novendane fekk holrenner, gjerne med v-riss ved sida av. Dei tohøgda lofta, med lager nede og gjesterom oppe, var særleg påkosta, særleg i veggen inn mot tunet. Undermannen – ein stokk som ligg under dei som stikk ut og ber svalgangen – har mange stader fått figurar på sidene. Stolpar i svalveggene er ofte runde med varierande diameter og valkar som gjev dei litt preg som søyler.

Skavjarn

Kva for reiskapar dei hadde til dette i mellomalderen, er det visst ingen som veit godt. Attåt øks og kniv må dei truleg ha brukt stemjarn med flat egg og med bogeforma, liknande vanleg treskjerarverktøy. Dei som vil lage nye delar og kopiere forma på profilane, treng òg reiskapar som er kopi av dei gamle, som følgjer dei originale formene.

I eldgamle graver har dei funne restar av skavjarn som vart brukte til å lage render på bjelkar, tiljer (ståande veggbord), beitskier og andre delar. Jarna er eggstål som dei drog langs kanten, og som lét etter seg grunne renner og riss. Ein variant med ei holrenne (vid og u-forma) og ei smal v-forma renne på kvar side finst i Borgund stavkyrkje i Lærdal og fleire i loft rundt om. Ei grunn og flatbotna renne – eller fleire ved sida av kvarandre og med ulike breidde – har òg vore brukt. Det profilerte stålet var festa til ei stong med handtak eller lengre skaft. Arbeidet gjekk ut på å dra egga fleire gonger langs veden, til stålet stansa mot flatene ved sida av spora. Utstyret hadde identisk profil på motsett kant, slik at dei kunne lage same mønsteret på begge sidene av ein bjelke og på flata under. Dei kunne snu jarnet om dei møtte motved. Fullt utnytta har eit slikt jarn plass til to ulike profilar.

Viser ideala

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement