Teknologi
Enkle maskiner
Hero av Alexandria, her skildra i eit gresk manuskript frå det niande hundreåret, definerte seks enkle maskiner:
Dersom du spør folk om å nemne døme på teknologi, tenkjer dei truleg på fly, datamaskiner og robotar. Dette er avansert maskineri som har endra verdssamfunnet dramatisk. Ikkje berre mekanikk, men også elektromagnetisme vert utnytta til det ytste.
Men det finst òg enklare maskiner. Økser er blant dei eldste og enklaste teknologiane til menneska. Kileforma gjer det mogeleg å presse frå kvarandre til dømes fiberen i trestokkar ved å bruke kraft på øksa. Slik kløyving ville i praksis vore umogeleg med rein handkraft.
Opp gjennom historia har det skjedd ei utvikling frå dei mest grunnleggjande reiskapane til dagens høge teknologinivå, men samstundes held vi fram med å bruke dei enkle maskinene.
Arkeologar og historikarar forskar på kva tid ulike teknologiar oppstod, kva dei vart brukte til, og kva sosiale samanhengar som fanst rundt dei. Vi veit for eksempel at økser i bronsealderen hadde ein viktig rituell funksjon, langt utover det å kløyve ved (og hovudskallar).
Opp gjennom vitskapshistoria har det òg vorte gjort forsøk på å forklare meir grunnleggjande kva ein reiskap eller ei maskin er. Slike tilnærmingar har ikkje noko namn, men kan gjerne kallast maskinfilosofi. Det er i slike samanhengar omgrepet enkle maskiner dukkar opp.
Ei enkel maskin er ei mekanisk innretning som endrar retninga eller styrken på ei kraft som følgje av måten innretninga er sett saman på. Enkle maskiner utnyttar det faktum at faste stoff er formbare og kan overføre krefter. Jernet i øksehovudet skapar motkrefter når vi støyter det mot noko, og desse motkreftene utfører arbeidet som maskina er laga for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.