🎧 Då Dovre fall
Same kor Sigrid Undset kom under flukta nordover: Det var vår, nydeleg vêr, storslåtte landskap og tyske bombefly som sette norske bygder i brann.
Tilbake til framtida
Då Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940, var Sigrid Undset i Oslo. Nobelprisvinnaren kom seg heim til Lillehammer, men ti dagar seinare stod tyske styrkar rett sør for byen. Den kjende antinazisten Undset måtte flykte nordover. Med bil, båt, tog, fly og på slede reiste ho mest jorda rundt: Oslo–Lillehammer–Gudbrandsdalen–Åndalsnes–Mo i Rana–Sverige–Russland–Japan–San Francisco–New York.
Om fluktreisa skreiv Undset boka Tilbake til fremtiden, først utgitt i USA i 1942 (Return to the Future).
I denne serien tek forfattaren Morten A. Strøksnes føre seg reisa og boka, som han meiner er ein gløymd klassikar. Essayet bygger på eit foredrag ved Undset-senteret på Bjerkebæk i fjor haust.
Del 2 av 6

Lytt til artikkelen:
Det er ettermiddag laurdag 20. april 1940. Sigrid Undset tar på seg hatten og skinnkåpa, opnar døra til Bjerkebæk og går ut i ein norsk «militærbil». Dei siste timane har ho i all hast brent brev og dokument tyskarane ikkje må få tak i. Berre halvanna veke tidlegare trudde knapt nokon i Noreg at krigen ville kome til landet. På Lillehammer hadde folk, også Undset, vore overtydde om at han i alle fall ikkje kom heilt dit. No er alt begge sønene til Undset i krigen. Engelskmennene har gitt opp stillingane nord for Lillehammer, og tyske soldatar kan når som helst okkupere byen. Norske styresmakter skjøner det kanskje litt seint. Den verdskjente forfattaren må straks evakuerast nordover.
Det blei eit kjapt og usentimentalt farvel med Bjerkebæk, den staselege tømmervillaen som hadde vore Undsets heim i over tjue år. Her hadde ho fostra barna sine og fått ro til å skrive romanane som gjorde henne rik og verdskjend. Ein god del av pengane hadde ho brukt på kunst, kunsthandverk og tradisjonsmøblar av høg kvalitet. Som ho skreiv til venninna Nini Roll Anker i 1924: «Det nye huset er blitt så vakkert, at du kan ikke tro det før du har sett det. Stuen og kleven er sånn at jeg kan absolut ikke få det mer præcis efter min smag.»
Det mest verdifulle i heimen var boksamlinga. I likskap med foreldra hadde ho mest heile livet vore lidenskapleg opptatt av bøker. Biblioteket var proppfullt av svært sjeldne og kostbare band, mange systematisk samla innan fagfelt som norrøn litteratur, teologi, folkloristikk, naturvitskap og arkeologi. Blant banda var sjølvsagt doktoravhandlinga til faren Ingvald på tysk og norsk: «Jernalderens begynnelse i Nord-Europa».
Også gamle, verdifulle reiseskildringar stod på rekkje og rad i bokhyllene. Undset skulle no ut på ei tvungen reise med hundre kroner i lomma, lånte av hushalderska Mathea, fordi bankane var stengde og Undset hadde gitt bort kontantane ho hadde heime. I ein handkoffert hadde ho pakka nokre toalettsaker og slikt som er mest naudsynt for ei kort reise.
Reisa Undset skulle ut på, var fleire tusen mil lang, men det visste ho ingenting om då ho gjekk ut døra på Bjerkebæk. Ho visste heller ikkje om ho nokon gong fekk sjå heimen sin att. Hagen med dei mange hundre plantene ho stelte med? Biblioteket? Hundane? Sønene? Framtida såg ikkje lys ut, ho var meir som ein trugande mørk sekk av uvisse.
Undset klagar ikkje over noko av dette når ho skriv om flukta i Tilbake til fremtiden. Skildringa er fri for sjølvmedkjensle og resignasjon, tonen er meir prega av Undsets nøkternt observerande blikk.
Langs vegane er det eit kaos av militære kjøretøy og soldatar som gjer seg klare til å møte tyske åtak, men bilen når fram til Hundorp folkehøgskule (mellom Ringebu og Vinstra) utan problem. Undset blir der møtt av rektor Lise Stauri, dei var gamle kjende gjennom leikarringen. Då ho såg at det var Undset som kom, sa ho, skriv biografen Bjørn Fontander: «Du store tid, det er Sigrid Undset! Hun må ha sterk kaffe!»
Fleire prominente flyktningar var samla på Hundorp denne kvelden: redaktøren og Ap-politikaren Olav Scheflo, den radikale forfattaren Helge Krog, som Undset kjende og likte, og to gode vener: litteraturprofessor Fredrik Paasche og litteraturhistorikar Anders Platou Wyller. Paasche hadde med seg familien (og hushjelpa), mens Wyllers familie alt var i Stockholm.
Wyller hadde vore lektor ved Sorbonne og skrive doktoravhandling og bøker om Paul Claudel og var i samtida ein kjent antifascistisk humanist. No hadde han meldt seg til teneste og skulle arbeide for NRK frå Nord-Noreg. Paasche hadde òg vore Wyllers mentor og ven heilt frå midten av 1920-åra.
Ved å trykke på nokre tastar (Gud signe Nasjonalbiblioteket) får eg mange av Wyllers private, handskrivne brev til andre kjende nordmenn opp på skjermen. Alt som 19-åring skreiv han eit langt personleg brev til Nansen for å dele tankane sine og uttrykke beundring. I 1924 sende han eit liknande brev til Paasche etter å ha høyrt han tale på Studentersamfundet i Oslo, og slik starta eit nært venskap.
Kor nært venskapet var, viser eit brev frå 1928. Paasche hadde svensk mor, og den første kona hans var svensk, men døydde i Tyskland i 1917. No hadde Paasche forelska seg og fridd til den svenske overklassejenta Eva Kristina («Stina») Mörner. Wyller sette seg ned og skreiv eit brev til henne. (18. august 1928): «Kjære, jeg er ung – fem og tyve år og bare en student – men endda sier Fredrik Påsche at jeg er hans ven og jeg har lov til at bære frem for Dem denne hilsen. Fredrik Påsche var i alfall den første jeg kunde fortelle om min egen lykke den gang den signet mig, og i dag gav han mig del i sin. Aldri vil jeg glemme de sekunder som fulgte da han sa mig: Jeg har noget å fortelle dig. Det er hendt mig noget. Jeg gifter mig i januar.»
Grunnen til at Wyller skrev til Mörner? Jau, også Wyller var gift svensk, med dotter til August Strindberg, som han møtte i Paris og flytta til Noreg med i 1926. «Og Anne Marie sier at Norge er et vakkert land å bo i også for en svensk.» Framstøyten til dei to norske venane var vellukka, for i november same år gifta Stina Mörner seg med Paasche, og paret hadde blitt buande i Oslo sidan.
No var ikkje Noreg lenger eit vakkert land å bu i. Heile 1930-åra hadde Paasche jobba for å hjelpe politiske flyktningar, dei siste åra i organisasjonen Nansenhjelp. No skulle han, Stina og dei to barna flykte til Stockholm. Kona og sønene til Wyller hadde alt reist.
Undset og Wyller må ha blitt kjende i 1937, då han flytta til Lillehammer for å bygge opp Nansenskolen. Han var ein av stiftarane av skulen og utarbeidde planane for ein akademisk «heimstad for humanismen» saman med Kristian Schjelderup – og den same Fredrik Paasche. Wyller og Paasche var lutherske humanistar, Undset katolikk og ekstremt kritisk til Luther og reformasjonen. Ho hadde mellom anna skulda reformasjonen for å tyne song ut av sjela til folk i dei reformerte «Nordlandene».
Undset var ofte motstraums og eigenrådig, men no er alle i same bøling. Sjølv om lyden av kvar bjølle er ulik, er alle tre no fyrst og fremst patriotar på flukt.
Neste morgon held følgjet fram nordover Gudbrandsdalen. På Otta stansar bilen, for der skal Undset og Paasche tale til det norske folket frå eit improvisert NRK-studio i eit uthus på Otta stasjon. Undset har førebudd seg på dette. Lydopptaket som blei spelt inn, finst ikkje lenger, så langt eg skjøner, men det gjer manuset til talen: «Kjære landsmenn! Vår fredsommelighet har i århundrer vært en dyd av nødvendighet, og en dyd efter vårt eget hjerte er den også blitt. Men vi har i og for seg ikke gitt verden grunn til å tro at vi er et feigt folk.» (Sitert etter biografien til Gidske Anderson). Og så bortetter, med klar tale om motstand og kamp mot den tyske fienden – ord som gjorde Joseph Goebbels rasande.
Frå Otta går turen vidare opp til Dovre. Tyske fly har nyleg bomba bygda Dombås, og små trehus er smadra til pinneved. Det er enno små brannar i ruinane. Ikkje lenge etterpå går flyalarmen på nytt. Ei mengd menneske freistar å kome seg inn i eit skogholt. Undset blir liggande langflat i snøen ved sida av ein soldat. I Tilbake til fremtiden blir hendinga skildra slik: «Det var sånn en vidunderlig vinter-vårdag som vi har i Norge i april. Det lukter godt av sneen som smelter, det lukter av furubar, det lukter mose og våt muld, hvor en steinete knaus stikker opp av sneen. Og gjennom trekronene suser det søtt og sakte – en sus som ble hørbar hver gang motorduren av flyene fjernet seg litt og det ble pause i ildgivningen.»
Som ein disiplinert reporter lèt ho den dramatiske situasjonen tale for seg – men ein stor forfattar er også godt synleg i blandinga mellom naturskildring og krigsjournalistikk.
Undset blei liggande i to timar. Soldaten ho låg ved sida av, kjende ein av sønene hennar og hadde vore på dansemoro på Bjerkebæk. Soldaten fortalte seinare at Undset ikkje berre var lyrisk, der ho låg. «Fan ta Hitler», sa ho, sitjande i ei snøgrop mellom tre furutre.
Målet til tyskarane då dei bomba små bygder i Gudbrandsdalen må nesten ha vore jernbanen og vegane. Men dei trefte hus, bilar og folk med bomber og mitraljøser. I det same angrepet som Undset opplevde, blei kaptein Robert Mossat Losey drepen av ein bombesplint då han stakk hovudet ut av ein jernbanetunnel. Losey var amerikansk militærattaché, og offisielt den første amerikanaren som blei drepen i andre verdskrigen. Namnet hans står no på eit minnesmerke på Dombås. Hadde Undset blitt drepen her, ville ikkje Loseys namn stått øvst.
Paasche-familien og Undset blei ønskte velkomne på Dovre prestegard (Skjelstad gard). Under vanlege tilhøve hadde Undset elska å vere her, i dei solbrente tømmerhusa høgt oppe i dalsida, med utsikt over Gudbrandsdalen og fjellheimen bak. Landskap og bygder som dette er tallause gonger skildra i Undsets historiske romanar, pilegrimsruta til Kristin Lavransdatter går rett forbi. No var Undset med og stelte for utmatta norske soldatar som kom innom for å få seg mat eller sove.
Eva (8), ein av ungane til Paasche, fortalde etterpå om Undset. Forfattaren underheldt med snodige barnerim, men kunne òg vere streng. Éin morgon buste jenta inn på rommet til Undset. Forfattaren bad morgonbøn i himmelsenga, i nattkjole og med rosenkrans i hendene – med små opphald, for å røyke ferdig ein sigarett.
Etter nokre dagar var tyskarane komne farleg nær Dovre. Paasche-familien, Undset og resten av følgjet måtte vidare, over fjellet til kysten. Paasches spesialfelt var alt norrønt, tysk mellomalderlitteratur og norsk kulturhistorie. Han hadde omsett Njåls saga, boka Undset las som niåring på ferie i Trondheim, og som blei eit «vendepunkt» i livet hennar. Om det ikkje var for at dei reiste i ein full militærbil forbi brennande bygder med Wehrmacht i hælane, ville Paasche og Undset aldri sloppe opp for samtaleemne. Paasche hadde på toppen av det heile vore krigskorrespondent i Tyskland under første verdskrigen. No var Undset òg i ferd med å bli krigsreporter.
Bilen kom seg over fjellet og ned Romsdalen. Dei engelske styrkane som hadde kome opp frå Åndalsnes og over til Gudbrandsdalen, var mest gutar utan erfaring og med lite utstyr. Dei var sjanselause mot den tyske krigsmaskinen og var no i full retrett. Englands krigføring i Noreg imponerte ingen, i alle høve ikkje tyskarane eller Sigrid Undset.
På Åndalsnes brann hus på begge sider av vegen etter tyske flyangrep. Og: «Nedover fjellsidene sprutet bekkene vannfulle, soldatene bar hvitveis på uniformsjakkene. De første vårblomster var sprunget ut, her og der ved sjøen» (Tilbake til fremtiden). Overalt der dei kom, tok folk imot dei, med kost og losji eller transport. Ingen ville ta imot pengar, skriv Undset.
I to netter venta flyktningane på garden Åfarnes mens Molde og Åndalsnes blei bomba. Då flyktningane kunne reise vidare med ei fiskeskøyte, kom dei til eit Molde som enno brann.
Frå ei fiskehamn i nærleiken av Molde bar det vidare med ein ganske liten og overfylt båt. Dei fleste passasjerane var unge norske soldatar som ville fortsetje å slåst i Nord-Noreg. Sør-Noreg var tapt. 36 personar måtte dele seks køyeplassar. Ein «snild» soldat delte soveposen sin med Undset. Dei sov på skift, og når soldaten låg i posen, sat Undset på ei ammunisjonskasse og studerte utsikta, skriv ho i Tilbake til fremtiden. Undsets språk hadde til no stort sett lege under eit tynt lag av snø og is, nedkjølt og klart. Men av og til smelta det. «Vi seilte om nettene, om dagene lå vi gjemt i uthavner mellom de ytterste øiene. Og dag efter dag lå havet stille og blankt, natt etter natt gikk rødmen fra solnedgangen over i morgenrøde. Og hver våken time og stund tror jeg vi alle tenkte det samme – at dette landet vårt, det er så skjønt (...) og det er vårt, vårt.»
Planen var å følgje kysten nordover heilt til Tromsø. Men ved Bodø snudde båten, då dei fekk rapportar om krigshandlingar og minelagt hav lenger nord. Om båten hadde halde fram, ville Undset mest sannsynleg, eller i beste fall, enda i London. No gjekk ho og resten av flyktningane i land i Mo i Rana.
Etter ei natt på hotell køyrde ein lastebil dei vidare mot svenskegrensa, opp bratte fjellvegar som var blitt til leire i snøløysinga. Sjåføren dreiv det framover som reine linedansaren, skriv Undset, men til slutt blei det umogleg. Flyktningane heldt fram til fots, og litt lenger inne fekk dei skyss av privatbilar vidare austover mot grensa. Dei nådde ei fjellstue der dei kunne overnatte.
Herfrå måtte dei halde fram på ski. Men Undset var ikkje lenger fysisk skikka for ein slik tur. Utrustninga var heller ikkje ideell. Ho hadde framleis berre fotsid skinnkåpe og låge byskor på beina. Å kalle henne slank ville vore klart misvisande. Dessutan var det tjue år sidan ho sist hadde ski på beina. Ho lét seg overtale til å sitje på ein høyslede saman med Olav Scheflo, som nesten var invalidisert av reumatisme. Seks sterke karer, vegarbeidarar frå Mo-traktene som var på fjellstua der følget hadde overnatta, drog sleden. Dei trong kreftene, for på grenseinnsjøen Storuman var det sørpe og overvatn.
Dette er eit vêrhardt fjellområde der ein godt kan kome ille ut, også i slutten av april. Men natta dei gjekk gjennom, var stille og månelys. Då eit tysk fly kom over dei, sprang dei fleste for å finne skjul. Undset blei sittande heilt roleg, mintest Eva Paasche mange år seinare.
Enno er det fleire kilometer å gå, etter at dei har kryssa grensa til Sverige, men til sist finn dei ei brakke der to svenske arbeidarar ligg og søv. Svenskane vaknar, set på kaffi, finn fram pølse, ost og brød og veit ikkje kva godt dei kan gjere for dei norske flyktningane. Klokka er fem om natta den 10. mai. Undset vedgår for éin gongs skuld at ho er fullstendig utsliten. Men ho er i Sverige, og ho er trygg. No ber det strake vegen til Stockholm.
Etterskrift: I juni kom Wyller seg frå Tromsø til England med kryssaren HMS «Devonshire». Men etter kort tid i London – Wyller hadde knapt starta å arbeide for BBC – blei det oppdaga at han hadde kreft. Wyller ville heim til Noreg for å døy i heimlandet. Han kom seg til Stockholm, der han ble foreina med kona og sonen, men døydde 2. oktober 1940. Etter krigen blei han gravlagd på Vestre Gravlund i Oslo. Sonen Arne blei ein kjent astrofysikar. Undset skriv i Tilbake til fremtiden at Wyller er ein av dei «edleste, mest uselviske idealister jeg har møtt i mitt liv».
Familien Paasche blei verande i Stockholm, der professoren arbeidde for Noregs sak. I 1941 blei han æresdoktor i teologi ved universitetet i Uppsala. Paasche og Undset skreiv brev til kvarandre heilt til hausten 1943, då Paasche plutseleg døydde, 57 år gamal. Det planlagde storverket om Noreg blei aldri ferdig, berre første band kom ut: Landet med dei mørke skibene (1938).
Morten Strøksnes
Morten Strøksnes er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då eit tysk fly kom over dei, sprang dei fleste for å finne skjul. Undset vart sittande heilt roleg.
Fleire artiklar
Keith Jarrett har med seg bassisten Gary Peacock og trommeslagaren Paul Motian.
Foto: Anne Colavito / Arne Reimer / Jimmy Katz / ECM
Peiskos på første klasse
Keith Jarrett byr på fleire perler frå Deer Head Inn.
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement