Arktisk feber 78 grader (nord)
Barentsburg på Svalbard er ein russisk gruveby på – til alt hell – norsk territorium.
Men kvifor og korleis er Svalbard norsk?
Illustrasjon: Bjørk Bjarkadottir
Illustrasjon: Bjørk Bjarkadottir
Lytt til artikkelen:
Midt mellom to bustadblokker og den gamle felleskantina står hovudet til Lenin på sokkel og stirer rett fram, vestetter, over Grønfjorden, mot ørsmå elektriske lys attmed røyr med eldgamalt brevatn i det fjerne. Derifrå vert ferskvatnet pumpa gjennom fjorden, inn til Barentsburg, og fordelt til hotell og skule, kulturhus og postkontor, eit russisk-ortodoks kapell jamsides arbeidarbustader og, sjølvsagt, det statlege gruveselskapet Trust Arktikugol med kontor og gruveinngang i hovudgata. Attom kamerat Lenin har det sidan 1974 stått skrive «Vårt mål – kommunisme!» på russisk på ein betongkonstruksjon. Framføre han er der bilete av snøkvite fjell og grøne skogar på kantineveggene. Der står òg diktet om arktisk feber skrive – av poeten Robert Rozjdestvinskij (1932–1994). Velkomen til Barentsburg: 56,3 russiskeigde kvadratkilometer i utkanten av Noreg.
Eg er komen til Barentsburg for å sjå meg om – og for å tenkja gjennom kva Svalbard til sjuande og sist er. På papiret, i paragraf 1 i lov om Svalbard, står det svart på kvitt at «Svalbard er en del av kongeriket Norge». I Stortinget i 1925 var det likevel delte meiningar om den ordlyden. I Odelstinget 30. juni røysta 55 tingmenn for at Svalbard skulle sjåast på som ein del av kongeriket, medan 44 røysta for den alternative og noko mildare formuleringa «Svalbard er underlagt kongeriket Norges suverenitet». Talsmenn for det sistnemnde synet peika på at Svalbard er eigenarta – ikkje eit fylke, ikkje eit herad, ikkje valdistrikt, berre «et syssel» og «mere som et vinterseterbruk». I Lagtinget 7. juli røysta 20 for og 17 mot at lova skulle slå fast at Svalbard er ein del av kongeriket. «Det vil då siga inn i folkemedvitet, at dette landet høyrer Norig til.» Statsminister Johan L. Mowinckel bad om ordet «som utenriksminister» (han var jo det òg), og åtvara mot å gjera Svalbard til «en utpost, et utland, et «uthus» – som er det blitt sagt – til landet.» I Odelstinget hadde han uttala at vi no var i den «meget gledelige stilling at kongeriket Norges grenser utvides, at en del av det som hørte til norrønt rike før i tiden atter blir norsk».
Barentsburg verkar likevel framand. Fattigsleg og forfallen. Det bur berre om lag 500 menneske i byen som for berre nokre tiår sidan var den folkerikaste på Svalbard. Det er tale om både russarar og russisktalande ukrainarar frå Donbass-området i Ukraina. Brorparten av dei driv med utvinning av kol. Eg kjem dit sjøvegen frå Longyearbyen; vestetter Isfjorden fram til sidefjorden Grønfjorden. Det fyrste eg ser av gruvebyen: den grå røyken frå dei to skorsteinane til kolkraftverket som blandar seg med skyene som heng over fjorden.
Eintydig gråe er òg dei såkalla finske husa som ligg på rekkje og rad – som langsetter ein linjal – rett ovanfor kaia. Dei vart sette opp i 1946. I direktørvillaen attom dei budde den legendariske sovjetiske dansaren, jødiske Maja Plisetskaja (1925–2015) fire år i Barentsburg i 1930-åra. Gjennom ein mannsalder var ho prima ballerina assoluta ved Bolsjojteateret i Moskva. Til Barentsburg kom ho fyrst med tog via Berlin og København til Oslo, dinest vidare med båt i 1932, i lag med far sin – gruvedirektør og konsul – og resten av familien. Ho mintest at dei til jul eit år fekk appelsinar i gåve av den norske sysselmannen på Svalbard. Og her, «ved enden av verda», dansa ho offentleg for fyrste gongen. Ho kom aldri hit att, men mot slutten av livet skreiv ho om midnattssol og polarnetter. Og snø: rein, kvit, krystallisk, glødande snø. Og gruvearbeidarar som innimellom laut gå hand i hand gjennom snødrevet med andlet som alle såg like ut for jentungen.
Far hennar var òg kvit som snø i andletet då han seinare fall i unåde og vart arrestert. Dottera var då elleve år gamal, og ho såg han aldri att.
– Det er andre tider no, seier den russiske kjentmannen som fortel meg kvar Maja Plisetskaja heldt hus i Barentsburg.
Vi går i lag og talar om farne tider inne på det lokale museet (den gamle konsulatbygningen). Inntrykket mitt er ei blanding av hummar og kanari. Meir presist propaganda og geologi: Eitt rom er tapetsert med sovjetisk plakatkunst som hyllar atomdrivne isbrytarar, romfart og supersoniske fly, i eit anna rom ligg det svære kolklumpar på pidestallar. Omvisaren min fortel meg at kolet dei vinn ut i Barentsburg, er relativt «ungt», om lag 16 millionar år gamalt.
For lenge sidan skal Grønland ha «kollidert» med Svalbard. Det russiske språket hyser eit slags ekko av denne geologiske storhendinga all den tid det russiske namnet på Svalbard – Grumant – er ein variant av nett Grønland. Stadnamnet Svalbard kjem derimot av dei gamalnorske orda svalr («kald»), og bard («rand»), og er offisielt namn på «Bjørnøya, Vest-Spitsbergen, Nordostlandet, Barents øy, Edge øy, Kong Karls land, Hopen, Prins Karls Forland og alle andre øer, holmer og skjær mellem 10° og 35° lengde øst for Greenwich og mellem 74° og 81° nordlig bredde», som det står i Svalbardlova. Er det rett at nordmenn (eller islendingar?) oppdaga Svalbard i 1194? Den nederlandske sjøfararen Willem Barents fann i alle høve Spitsbergen i 1596 (på jakt etter nordlege leia til Kina). Men: Det fyrste huset i Barentsburg vart bygt av nordmenn i 1912. Eit nederlandsk selskap kjøpte området åtte år seinare. Så gav nederlendarane byen namn. Frå og med 1932 har (sovjetiske, seinare russiske) Trust Arktikugol hatt gruvedrift der.
Gatebiletet i Barentsburg er tilnærma folketomt. Eg ser ein og annan gruvearbeidar i arbeidsklede. Dei er ei slags påminning om at Svalbard fyrst og fremst har vore ein arbeidsstad før turistane byrja reisa hit i hopetal. Svalbard var gruvedrift, fangstliv og særs mannsdominert. Ei av gatene i Barentsburg er forresten oppkalla etter den russiske fangstmannen Ivan Starostin (? – 1829). Han var konge på haugen: overvintra på Svalbard 39 gonger, var den fyrste som budde her fast, gav arktisk feber eit andlet. Eg er berre innom, går framom postkontoret (med norsk postskilt) og stoggar framføre skulen. Veggen er laga av teglstein og dekt av veggmålarstykke i disige fargar. Har du sett på maken? Over inngangsdøra ser eg Vestfronten til Nidarosdomen. Litt ned til venstre for det biletet ei kunstnarleg attgjeving av Bryggen i Bergen. Ein slags norsk glasur.
Rett attmed skulen vitjar eg bryggjeriet og skjenkjestova Kracnij Medwed (Den raude bjørnen). Her er det skikk og bruk å ta av seg skorne når ein kjem innomhus. I garderoben til Den raude bjørnen skifter eg til plasttøflar. Oppetter veggene står det russiske langrennsski tett i tett, stort sett utan bindingar. Inne på skjenkjestova sit det berre norske turistar på gjennomreise. Kringom på veggene heng frampartar av snøscooterar. Frontlysa fungerer som innelys. Ein ekte, falskt raudmåla isbjørn står utstilt på golvet. På ein vegg ser eg ei arkitektteikning av eit av finskehusa i byen. Den russiske teksten under er diverre heilt gresk for meg, medan omsetjinga til norsk bokmål må vera hastverksarbeid.
Meir uforståeleg er den digre gruvetelefonen dei har montert på ein annan vegg her. Jamvel røyret er blytungt. Med ujamne mellomrom durar og brummar telefonen høglydt. Einkvan staden freistar ein russar å få kontakt – med nokon, om noko. Taket er lettare å tyda. Det er eit einaste stort Svalbard-kart. Gledeleg nok vert offisielle stadnamn på Svalbard skrivne på nynorsk i samhøve med ein kongeleg resolusjon dagsett 28. april 1933. Såleis vart Moskushavn (området der 17 moskusdyr frå Grønland vart sette ut i 1929) endra til Moskushamn, medan Mount Garborg vart omsett til Garborgnuten. Mannen bak namnepolitikken, professor Gustav Indrebø, er elles heidra med oppkallinga Indrebøbreen. Men altså: Rett over bordet der eg sit, får eg auga på Wedel Jarlsberg Land – om lag 1600 kvadratkilometer og ein del mil sør for oss.
Fredrik Hartvig Herman («Fritz») Wedel Jarlsberg (1855–1942) var diplomat (av yrke) i rundt rekna femti år. Ubunden av den norske adelslova nytta han tittelen baron. Gjennom livet gjorde han teneste i Stockholm, Wien, London, Madrid, København og ikkje minst i Paris frå 1906. Den franske hovudstaden var eit fast punkt for Wedel Jarlsberg fram til den tyske hærtakinga i 1940. Nokre av dei finaste dagane hadde han på tampen av og rett etter fyrste verdskrigen. Alt 19. mars 1918 sende han eit notat til Utanriksdepartementet med ei liste over moglege norske krav etter freden. Sentralt stod Spitsbergen (Svalbard) og «fuld erstatning for vore tap paa sjøen». Det kom ikkje noko svar frå Kristiania, og Wedel Jarlsberg byrja sonderingar på eiga hand. Mellom anna lufta han i dei diplomatiske sirklane tanken om ein norsk koloni i Aust-Afrika og tenkte høgt rundt eit Norwegian East African Chartered Company under norsk suverenitet. Dette reagerte derimot den norske utanriksministeren, Nils Claus Ihlen, på. Han truga med å gå av om Wedel Jarlsberg ikkje kom på andre tankar. Statsminister Gunnar Knudsen greip då inn og sa seg samd med statsråden sin.
Korkje Russland eller Tyskland sat rundt bordet og tinga under fredskonferansen i Versailles. Wedel Jarlsberg for sin del krinsa om det på hyperaktivt vis. 10. april 1919 spelte han inn «en indgaaende fremstilling av vore krav paa Spitsbergen». Heile våren og sommaren førte han «stadige underhandlinger med Frankrike, England og Amerika». Etter eit personleg møte med den franske statsministeren Georges Clemenceau fekk sistnemnde ordna det slik at fredskonferansen hadde Svalbard-saka føre «i sidste øyeblik». I lag med loveksperten i det franske utanriksdepartementet, ein M. Fromageot, skreiv Wedel Jarlsberg så «et forslag til den internationale overenskomst angaaende Spitsbergens avstaaelse til Norge». Utkastet vart vedteke nesten ubrigda seinstundes i september 1919.
Men siste ord var ikkje sagt. Lord Curzon ville òg ha eit ord med i laget. Han var tidlegare visekonge av India og no (slik Wedel Jarlsberg sjølv skreiv) «understatssekretær» i det britiske utanriksdepartementet. Den engelske lorden tok til ords for at «England» skulle «reservere Spitsbergen for sig selv». Men den norske baronen konfererte, konspirerte og inviterte den britiske ambassadøren til Frankrike heim på frukost i paleet sitt i Paris. Til sist kom lorden til kort andsynes baronen. Kravet om norsk herredøme vann fram. Dinest vart traktaten underskriven 9. februar 1920 og tok til å gjelda 14. august 1925 etter at Japan – som den siste av signatarstatane – ratifiserte han 2. april same året. (Etter kvart har talet på signatarstatar auka til 44, inkludert folkerike land som India og Kina.)
Før var Svalbard eit tilnærma lovlaust ingenmannsland. No vart det eit allemannsland med norsk administrasjon og rettsorden.
Kva meinte dei fråverande russarane? Jo, den nye sovjetregjeringa sende i februar og mai 1920 telegram til fleire signatarstatar, der ho gjorde dei kjende med at ho ikkje ville vera juridisk bunden av nokon traktat som Russland ikkje hadde medverka og gjeve samtykke til. Tida var på vår side: 16. februar 1924 godkjende Sovjetunionen norsk suverenitet over Svalbard, og slutta seg til traktaten elleve år seinare. Etterpå, heilt fram til for ei par tiår sidan, har det heile tida vore flest (sovjet)russarar på Svalbard.
Attende til Barentsburg: Er eg i Noreg idet eg set føtene på russisk eigedom her, utan korkje pass eller visum? Svalbardlova svarer ja, men ho regulerer «berre» det statsrettslege tilhøvet mellom Svalbard og Noreg. Folkerettsleg er det Svalbardtraktaten som gjeld. Han er eit juridisk janusandlet. På den eine sida erklærer traktaten «Norges fulle og uinnskrenkede høihetsrett over Spitsbergenøgruppen». Samstundes skal alle innbyggjarar i land som har slutta seg til traktaten, ha rett på lik line med nordmenn til å fara til Svalbard, halda til der og uavhengig av føremål og på uhindra vis driva allslags maritim-, industri-, bergverks- og handelsverksemd – så lenge dei klarer seg sjølve. Dette kjem òg fram i odelstingsproposisjon nr. 48 (1925) Lov um Svalbard: «Øyane kjem i ei viss serstoda, samanlikna med statsviddi som no er, sidan traktaten i ymse måtar set grensor for suvereniteten.» Og som ein odelstingsmann peika på i ordskiftet om lova: «Der finnes intet prerogativ for en nordmann på Svalbard, som ikke kan opnåes av innvånere av negerrepublikken Liberia, den dag den undertegner traktaten om Svalbard».
Med eigne ord: Svalbard er ein tankevekkjande del av kongeriket. Ei arktisk gråsone, eit folkerettsleg eksperiment, ein hybrid mellom norsk styringsrett og tilnærma opne grenser, cirka 62.000 avmilitariserte norske kvadratkilometer som fleire milliardar menneske fritt kan oppsøkja, slå seg ned og arbeida på, i minsto i teorien. I praksis finst det ikkje noko liknande nokon stad. Kva Svalbard er? Mest ein arktisk feberfantasi.
Morten Søberg
Morten Søberg er direktør for Samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen.
Bakgrunn
Svalbard-traktaten 100 år
9. februar 2020 er det 100 år sidan Svalbard-traktaten vart signert i Versailles. Traktaten gav Noreg herredøme over Svalbard og er den einaste av avtalane frå fredskonferansen etter fyrste verdskrigen som framleis gjeld.
Morten Søberg skriv to essay om Svalbard.
No ein rapport frå Barentsburg.
Neste veke: Svalbard-pengar.