Essay

Det mørknar

Ljoset frå byen gjev ein slags tryggleik, om dei mørke og ruvande fjella står tause og verkar skumle i mørkeret.
Ljoset frå byen gjev ein slags tryggleik, om dei mørke og ruvande fjella står tause og verkar skumle i mørkeret.
Publisert Sist oppdatert

Longyearbyen: I den tredje veka i november kjem mørkeret, og dei høge fjella i Longyearbyen blir borte; det tette polarmørkeret verkar å vere fullstendig samanpakka, liksom pakka saman av stride, arktiske vindar frå alle kantar, om enn temperaturen svingar frå minus ti til null gradar, så slepper ikkje den alltid pågåande vinden, ofte stiv kuling, taket, men det tek ikkje bort at mørkeret samtidig har ein slags lun varme.

Og da er det byens ljos eg tenkjer på, og at ljoset frå byen gjev ein slags tryggleik, om dei mørke og ruvande fjella står tause og verkar skumle i mørkeret, og utan snø er alt veldig mørkt, men så, med eitt, som ikkje er med eitt, det berre verkar slik, skin månen, og ein ser konturane av fjelltoppane, og havet er kolsvart, som kveldsmørkeret, men måneljoset legg spor av ljos på den urolege ytre vassmassen til havet.

På formiddagen er det alt kveld, frå der eg sit og glanar, ser eg ikkje noko anna enn ljoset frå nabohuset; det høge Hiorthfjellet er ute av syne, det som var så kvitt av snø da eg kom, og som dominerte landskapet i Longyearbyen; alt er forandra, og det er det tette, arktiske mørkeret som pregar heile landskapet; ikkje aleine, ettersom ljoset frå byen set opp mange punkt av ljos, som stødige faklar i saumane til eit uryddig skjold.

Det som har mest ljos i Longyearbyen, er huset til Sysselmannen, det skin sterkt, som om det skjer noko der, eit filmopptak, eller noko anna og dramatisk, liksom ein parallell til den gongen det var gruver som drifta Svalbard, for eg har vore på tur til Gruve 7, som er den siste gruva som er i drift, og der er det mykje ljos, Gruve 7 ligg høgt oppe i ei fjellside, og fjellet heiter Gruve 7-fjellet, det ligg høgt, fordi kolet ligg høgt på Svalbard.

Det er også mykje ljos frå flyplassen og frå Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og eit godt steinkast frå Sysselmannen ser eg Svalbard kyrkje, og der er det også mykje ljos, og ein ser godt det skrådekte kyrkjetaket, elles så er det fire raude ljospunkt langs pipa til kolkraftverket. Og det som er eit høgt bygg, ikkje som det høgaste punktet i Longyearbyen, men det er høgt; over huset til Sysselmannen står det tomme og ubrukte huset, eller ei samling av fleire hus på stylter, det var sentralen for taubanen, enno står det att mange taubanebukkar i Longyearbyen; nokre av dei er som store tårn, og ein kan jo tenkje på kor mykje det må ha larma då taubanen frakta kol i tunge kolvogner; oppe på Platåfjellet er det fleire ljos, sikkert for å vere eit varsko for flytrafikken.

Så er månen oppe, og det er fullmåne, og ljoset får toppen av Hiorthfjellet til å skine kvitt, det er stadig vekk snø heilt øvst, så er det fleire ljos under månen og det buldrar frå eit helikopter, det køyrer langs Adventfjorden, eg kan ikkje sjå vatnet frå der eg står, eg er ute i den skarpe arktiske vinden, det er kaldt, men det hjelper med ullfrakk, men eg har gløymt stillongs heime på hybelen, og dressbuksa er tynn, så eg dreg sokkane opp over bukseleggen, det hjelper, så er det på med topplue, som eg har kjøpt i ein sportsbutikk i Longyearbyen, det same med vottar, skjerfet kjøpte eg i Berlin og det er som eit pledd; eg er nesten kledd for å vere på Svalbard.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement