Det sosialdemokratiske hamskiftet
Medan Ap i 1970-åra hadde hatt eit «tenkjeloft» rundt sosialøkonomen Per Kleppe, heldt partiet seg i 90-åra med det marknadsorienterte analyseselskapet Econ med Jens Stoltenberg, Rune Bjerke og Jonas Gahr Støre.
Oppbrotet frå arbeidarpartistaten vart kanalisert mellom anna gjennom to 70-talsrørsler knytte til kvinner og miljø som begge fekk Gro Harlem Brundtland som politisk omdreiingspunkt. Makta hennar auka parallelt med frammarsjen til kvinnene. Ho vart leiar for Ap i 1981, same året som ho vart Nordens fyrste kvinnelege statsminister.
I 1986 danna ho den andre regjeringa si, der 8 av 18 medlemmer var kvinner. Ho symboliserer meir enn nokon annan det Helga Hernes har kalla «statsfeminismen»: vekst i kvinnemakt via auka statsmakt, basert på ein reformstrategi som kombinerer aktivistisk feminisme nedanfrå med reguleringsfeminisme ovanfrå.
Miljørørsla fekk ikkje eit tilsvarande gjennombrot som den nye kvinnerørsla i det norske systemet. Brundtland vart i 1974 utnemnd til miljøvernminister i eit departement oppretta to år før som det fyrste av sitt slag i verda. Konfliktane omkring oljeboring utanfor Midt- og Nord-Noreg og utbygging av Alta-vassdraget skapte ei spenning som har vart ved, ikkje minst i arbeidarrørsla, mellom vekst og vern, symbolisert med Gro på den eine sida og industriminister, etter kvart oljeminister Bjartmar Gjerde på den andre.
Noreg vart ikkje den miljøpolitiske avantgardenasjonen som oppbrotet omkring 1970 hadde bore bod om. Ein grunn var at det grøne oppbrotet i tid fall saman med Noregs overgang til oljealderen, med tunge politiske-industrielle krefter som satsa meir på vekst enn på vern. Oljen gjorde at vi slutta å tenkje.
Landsmoder Gro utøvde ein transformerande leiarskap i trefaldig forstand: Med henne fekk kvinnekampen gjennombrot på høgaste politiske nivå; på miljøfeltet tamde ho, i ein periode, den kraftsosialistiske politikken; endeleg bana ho veg for Aps marknadsteknokratiske hamskifte, fullført av Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre.
Det skjedde ein revolusjon i det norske styringssystemet med den politiserande embetsmannen Tormod Hermansen som sentral strateg – ein sosialøkonomisk sosialdemokrat innsett som finansråd av Høgres Kåre Willoch. Hermansen-utgreiinga (NOU 1989:5 En bedre organisert stat) la grunnen for det styringspolitiske hamskiftet.
«New public managements moderdokument» har Høgres Torbjørn Røe Isaksen kalla Hermansen-utgreiinga. Det tradisjonelle byråkratiet skulle erstattast av eit målstyrande og kontrollerande revisjonsbyråkrati. Byråkratiet skulle temjast og trimmast etter modell av det marknadsstyrte næringslivet, men revisjonseksplosjonen førte i staden til eit ekspanderande kontrollapparat med vekt på mål og måling: management by numbers.
Makt- og demokratiutgreiinga (1998–2003), leidd av Øyvind Østerud, dokumenterte det etter kvart sterke gjennomslaget for new public management og målstyring: «et virus som har satt seg fast i forvaltningsapparatet». Gjennomslaget kom som følgje av ein reformkoalisjon av politikarar frå skiftande regjeringar (Willoch, Brundtland, Bondevik, Stoltenberg), ideologiproduserande forskingsmiljø og reformorienterte byråkratar og økonomar i gamle og nye gevant.
Den nærmast umerkelege overgangen til new public management ville knapt vore mogleg utan ved sosialdemokratisk mellomkomst – utan eit Ap som var ideologisk fristilt frå sin eigen tradisjon. Arbeidarpartistaten og den eigenarta sosialdemokratiske samfunnsforma han stod for, ei tredje samfunnsform mellom kommunisme og kapitalisme, var kulminasjonen på ei lang historie.
Éi av sjølvsagt fleire forklaringar på at ein marknadsteknokratisk ideologi kunne gli så lett inn, var at Ap som det tonegjevande partiet ikkje hadde ein teori om det norske systemet som var på høgd med det eigenarta systemet partiet hadde vore hovudarkitekt for. Slik kunne Ap, meir eller mindre medvite, gå i spissen for avviklinga av sentrale trekk ved den sosialdemokratiske samfunnsforma som eigentleg var vindskeiv i høve til den marknadsliberale styringsideologien i samtida.
Her kom det økonomiske analyseselskapet Econ til å spele ei ikkje alltid påakta ideologisk transformatorrolle. Medan Ap i 1970-åra hadde hatt eit «tenkjeloft» rundt sosialøkonomen Per Kleppe, heldt det seg i 1990-åra med det marknadsorienterte Econ, etablert i 1986 av Kjell Roland, ein sosialøkonomiske ven av Jens Stoltenberg. Roland var nokre år tidlegare, i 1979, vald inn i SVs sentralstyre som representant for partiets venstrefløy («SVOPP»).
Eg hadde same år vorte nestleiar i SV, Berge Furre var framleis leiar (to skapteologar). Roland var i 1979 sett inn for å vakte på det han og somme andre såg på som den høgreorienterte leiinga, før Roland få år seinare sjølv tok ein kraftig og varig høgresving.
Stoltenberg var styreleiar i Econ før han i 1993 vart energi- og næringsminister. Etterfølgjaren hans som styreleiar var Rune Bjerke, som tidlegare hadde vore partisekretær i Oslo Ap og seinare via direktørposisjonar i Aker og Hafslund enda som konserndirektør i DNB. Jonas Gahr Støre var i fleire år fram til 2003 arbeidande styreleiar i Econ. Tidlegare Statoil-direktør Harald Norvik vart partnar i Econ i 2001.
Nokre nettverk har større politisk innverknad enn andre. Det høyrer med til historia at Jens Stoltenberg i den utførlege framstillinga om det politiske virket sitt i Min historie (2016) har sett parentes om Econ. Denne krinsen av sosialdemokratiske EU-tilhengarar utvikla dei berande ideologiske elementa i plattforma til Stoltenbergs fyrste regjering, som meir eller mindre medvite vende ryggen til det eigenarta ved det sosialdemokratiske prosjektet i norsk versjon.
Tre strategiske element var sentrale: norsk EU-medlemskap, delprivatisering av Statoil og omgjering av sjukehusa til helseføretak. Det fyrste målet lukkast dei ikkje med, og det vart verande ikkje-tematisert i ettertid, medan dei to andre vart realiserte. Jens Stoltenberg vart strategen i dette sosialdemokratiske hamskiftet.
Sjølv Stoltenbergs kritikarar frå venstre skjøna nok at det i ein stadig meir globalisert økonomi ikkje lenger var så lett å forsvare Gerhardsen-epokens keynesianisme i eitt land. Like lett er det derimot ikkje å forstå kvifor ein av den grunn måtte underminere grunnleggjande trekk ved det sosialdemokratiske velferdsstatsprosjektet. Så vel utdannings- som helsefeltet vart underlagde eit regime av overbetalte, institusjonsframande styringsbyråkratar. Den ekspanderande kontrollånda med mottoet kontroll, kontroll, kontroll vart eit felleseige mellom høgre og venstre fløy og underminerte noko av det beste i landet.
På utdanningsfeltet var overgangen til det nye regimet ein gradvis prosess. Sosiologen Gudmund Hernes, den fremste utdanningsreformisten etter Helge Sivertsen, hadde til forskjell frå dei hegemoniske sosialøkonomane søkt å peike på dei eigenarta trekka ved det sosialdemokratiske regimet med omgrep som «blandingsadministrasjon» og «forhandlingsøkonomi».
Men som eg hevda i årelange kontroversar med denne «yndlingsfienden» min, vart Hernes på utdanningsfeltet ein viktig, men tvitydig overgangsfigur som sosialdemokratisk iscenesetjar av det postsosialdemokratiske regimet. Hernes’ val av Astrid Søgnen som statssekretær fekk mykje å seie: ein tvitydig Hernes vart til den eintydige Søgnen. Frå posisjonen som utdanningsdirektør i Oslo (2000–2018) opererte Søgnen i tospann med eit OECD som vart ein stadig viktigare utdanningspolitisk premissleverandør.
Gjennombrotet for den marknadsteknokratiske styringsideologien vart langt meir brått og dramatisk på helsefeltet. Omforminga av sjukehusa til helseføretak, styrt på grunnlag av rekneskapslova, var eit initiativ i 2000 frå Stoltenberg I, med Jonas Gahr Støre som viktig medspelar.
Tore Tønne vart henta inn som iverksetjande helseminister. Stoltenberg hadde ikkje minst late seg imponere av Tønnes rolle som omstillingsekspert i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, der han hadde reformert distriktspolitikken ved å leggje ned alle fylkeskommunale næringskontor.
Omlegginga av helsepolitikken skjedde i høgt tempo med minimal debatt. Det var ifølgje Stoltenberg «den største endringen mellom forvaltningsnivåer som er gjennomført i Norge»: «Så store reformer blir vanligvis utredet i mange runder av offentlige utvalg. Alle grupper av ansatte, pasienter og lokalpolitikere tas med på råd.» Men Tønne skjøna, skriv Stoltenberg i sjølvbiografien sin, at dei ikkje kunne følgje denne norske modellen ved helseføretaksreforma: «om vi gjorde det på den vanlige måten, ville det sannsynligvis aldri bli gjennomført. Motkreftene ville organisere seg og bli for sterke.»
Helseføretaksmodellen er ifølgje Stoltenbergs historieforteljing ei rein suksesshistorie. Her er det vel på sin plass å minne om Hans Magnus Enzensbergers åtvaring mot sjølvbiografisjangeren: «Man trenger hverken å være kriminolog eller erkjennelsesteoretiker for å vite at vitneutsagn i egen sak ikke er tilforlatelige. Det er en flytende overgang fra bevisst løgn til stilltiende forbedring, fra åpenbare feil til raffinert selviscenesettelse.»
Rune Slagstad
Institutt for samfunnsforsking
Denne serien er ein omarbeidd versjon av føredraget som Rune Slagstad heldt ved lanseringa av boka «Mine dannelsesagenter. En politisk idéhistorie» tidlegare i haust.
Helseføretaksmodellen er ifølgje Stoltenbergs historieforteljing ei rein suksesshistorie.
Punktnedslag i norsk samtidshistorie
3.12.: Prestar og dissidentar
10.12.: Utholing av demokratiet
17.12.: Det sosialdemokratiske hamskiftet
24.12.: Eit land utan leiarskap?