Utholing av demokratiet
Nav-skandalen har retta søkjelyset mot eit demokratisk ustyrt, elitejuridisk maktmiljø rundt Statsministerens kontor og Regjeringsadvokaten.
Pax Forlag var gjennom fleire tiår eit samlingspunkt for den breie, udogmatiske venstrerørsla. For nokre av oss vart forlagstidsskriftet Kontrast eit intellektuelt sentrum. Dette var på den tida «den store politiske vekkinga» heimsøkte landet vårt. Oppgjeret med den maoistiske ml-stalinismen stod sentralt i Kontrast-krinsen.
Pressemannen Steinar Hansson, som også høyrde til Kontrast, var ein av dei som på 70-talet brukte år av livet sitt på stalinistisk konfrontasjon. Hansson var mellom dei som alt tidleg på 2000-talet med ei viss undring observerte dei tilbakevendande reprisane av post festum-oppgjer med 70-talsstalinismen. Oppgjeret med ml-stalinismen vart gjennomført i 70- og 80-åra, og i motsetnad til i ein del andre land var det i Noreg venstrefløya sjølv som stod for det.
Ein av dei som i 70-åra gav ei poetokratisk legitimering av den venstreekstreme vekkinga gjennom forfattarskapen sin, var Dag Solstad. Han har i seinare tid stadfesta at han framleis sit fast i 70-talsvillfaringane. Konfrontert med massedrapa under den kinesiske kulturrevolusjonen kommenterte han nærast vørdslaust til Dag og Tid tidlegare i år: «Eg reknar med at folk måtte døy i kampen for og mot maoismen. Men dette vil eg ikkje gå inn på.»
Dei rettkomne formaningane frå venstrefløya om at den politiske høgresida har eit særskilt ansvar for å ta eit oppgjer med høgreekstremismen, slik venstrefløya i si tid hadde gjort med venstreekstremismen, vert forkludra ved slik poetokratisk bagatellisering. I denne saka ser eg Dag Solstad som representativ stort sett berre for seg sjølv. Men det er ei påminning om at også den venstreradikale Solstad, den viktigaste forfattaren i sin generasjon, vandrar Paa gjengrodde Stier.
Sjølv vart eg tidleg vaksinert mot ein dogmatisk marxisme, ettersom eg vart ført til Marx via den verdikonservative Lars Roar Langslet og hans introduksjon av den unge Marx. Eg skreiv i 1963 ein oppglødd omtale av Langslets Den unge Karl Marx og menneskets «fremmedgjørelse» i Morgenavisen, den no nedlagde lokalavisa for bergensborgarskapen.
Eg vart straks invitert inn til redaktøren, Jacob R. Kuhnle. Redaktør Kuhnle hadde nok forventa at eg ville finne min plass i Unge Høgre. Slik gjekk det ikkje – men eg har halde på sansen for Høgre-folk, dei danna mellom dei.
1970-åra kulminerte for mitt vedkomande i føredraget «Sosialisme på norsk», som eg heldt som nyvald nestleiar på SVs landsmøte i 1979. Eg avslutta føredraget med ei indirekte helsing til Karel Kosík, ved å gje til kjenne ein parallell mellom Pariskommunen i 1871 og Prahavåren i 1968. Begge eksperimenta vart slått brutalt ned; Pariskommunen vart likevel eit vendepunkt for arbeidarrørsla: «Praha-våren kan komme til å vise seg som et tilsvarende vendepunkt for europeisk sosialisme både i vest og øst.» Slik gjekk det ikkje.
I eit oppfølgjande føredrag året etter, «Sosialisme på norsk II», var horisonten ein raudgrøn sosialisme. Ein nøkkelperson i dette føredraget var André Gorz, ein uavhengig, nytenkjande ideolog som gjennom dei føregåande tiåra hadde medverka med innovative analysar av «nykapitalismen» og dei endra strategiske utfordringane for den. I føredraget trekte eg òg fram pamfletten hans Adieu au prolétariat («Farvel til proletariatet»), som var komen ut i Paris eit par veker før og eg hadde fått tilsendt frå Gorz. Oppgjeret med den kultiske dyrkinga av proletariatet slo ikkje godt an korkje her eller der.
«Som politisk og rettslig teori er liberalismen marxismen overlegen, som økonomisk og sosial teori marxismen liberalismen overlegen», hevda eg i En liberal marxisme? (1982). Synspunktet vart sjølvsagt hovudristande avvist av dei doktrinære marxistane – men også av venstresosialistiske professorar som Vilhelm Aubert, Thomas Mathiesen og Tove Stang Dahl.
For meg var denne debatten ei av drivkreftene bak etableringa av Nytt Norsk Tidsskrift. Hausten 1982 melde eg meg for direktør Tor Bjerkmann i Universitetsforlaget og tilbaud meg å jobbe som redaktør der på det vilkår at eg fekk gje ut to bokseriar og eit tidsskrift. Direktøren takka ja. Viktigast var tidsskriftet.
I første omgang fekk eg med Francis Sejersted og vossafilosofen Hans Skjervheim, etter kvart også statsvitaren Øyvind Østerud. Ifølgje Gudleiv Forr i Dagbladet var Nytt Norsk Tidsskrift ein «rød-blå koalisjon». I SV, der eg hadde sete i leiinga i store delar av 70-åra og inn på 80-åra, vart Nytt Norsk Tidsskrift sett på som eit intellektuelt klassesamarbeid, rett nok på relativt høgt nivå. Det vart vår intellektuelle arena gjennom 25 år til 2009.
Den politiske og rettslege liberalismen vart eit sentralt tema i Nytt Norsk Tidsskrift, slik det også hadde vore i historikarkontroversen i 1970-åra mellom Jens Arup Seip og Francis Sejersted, mellom «venstreopposisjonens historiker» og «Høire-sosialisten». I opningsheftet i 1984 skreiv Sejersted om «1884 og den liberale tradisjon», og det kom eit omfattande indirekte tilsvar frå Seip i neste hefte. Sosiologen Dag Østerberg vêra straks den liberal-ideologiske faren og åtvara i ein stor artikkel mot «Den konstitusjonelle treerbanden: Elster, Sejersted, Slagstad».
I 1814 var Noreg eit demokratisk føregangsland med ei på den tida radikal demokratisk forfatning. Det har ikkje alltid vore like påakta at Noreg også høyrde til den liberale avantgarden. Noreg var slik i dobbel forstanden i utakt med dominerande straumdrag i Europa.
Som det fyrste europeiske landet fekk denne utposten i den nordvestlege periferien på 1800-talet den liberale ordninga med at domstolane kunne prøve vedtak som var gjorde i folkevalde organ, mot føresegnene i Grunnlova. Over 100 år seinare har dette institusjonelle vernet om individets rettar vorte eit grunnleggjande element i dei liberale demokratia. Rettsstatskontroversane mellom historikarane i 70-åra hadde dermed ei tung forhistorie i det norske systemet, juridisk reaktualisert ved Høgsteretts bruk av prøvingsretten i Kløfta-saka i 1976.
Smått om senn nådde rettsstatsdebatten også politikarane. Den liberale grunnlovsreforma i 2014–2015 kan sjåast som éin utløpar av denne debatten. Det var eit litt pussig fenomen at det var det tradisjonelt ikkje konstitusjonelt orienterte Ap – ikkje Sejersteds rettsstatlege Høgre – som då førte an. Den som i røynda stod i spissen, var den konstitusjonelt reflekterte Ap-proletaren Martin Kolberg, med Høgre-juristen Michael Tetzschner som festbrems.
Den liberale, konstitusjonelle vendinga, igangsett av historikarar, nådde etter kvart også universitetsjuristane for fullt, med aktuelle innslag knytte til Nav-skandalen i seinare tid. Her forsvarte – forsvarer – Regjeringsadvokaten ved Fredrik Sejersted, ein av styringsjusens fremste agentar, det styringsjuridiske handlingsrommet mot opponerande liberalt orienterte jusprofessorar i tradisjonen frå Francis Sejersted. Vi er vitne til ein fascinerande familiedialektikk.
Nav-skandalen har i det siste fått ei ny styringsjuridisk omdreiing. Medan politikarane dreiv med valkamp, gjorde det juridiske embetsverket ved Statsministerens kontor, ved ekspedisjonssjef Therese Steen, eit aldri så lite styringspolitisk kupp. Den klare retten Stortinget i plenum har til å krevje innsyn i alle offentlege dokument – også dei forvaltningsinterne – har som ved eit trylleslag vorte ein «uavklart» rett i dei endra retningslinene.
Utan ein slik rett kan ikkje Stortinget kontrollere regjeringa, slik Grunnlova legg opp til. Utan den kan ingen kontrollere regjeringa, faktisk – etter at regjeringa Solberg innførte ei ny lov som avskar Sivilombodets høve til innsyn i slike dokument sjølv i alvorlege saker. Dei nye retningslinene ved Statsministerens kontor inneber ifølgje jusprofessor Christoffer Eriksen «at Statsministerens kontor ikke tar Grunnlovens ordlyd eller Stortingets uttalelser og praksis på alvor».
Her trengst det om ikkje ei ny maktutgreiing så i alle fall ein studie av det ekspansive og demokratisk ustyrte elitejuridiske maktmiljøet rundt Statsministerens kontor og Regjeringsadvokaten. Det er ein makttematikk som ligg på tvers av politikkens høgre–venstre-akse.
Rune Slagstad
Institutt for samfunnsforsking
Denne serien er ein omarbeidd versjon av føredraget som Rune Slagstad heldt ved lanseringa av boka Mine dannelsesagenter. En politisk idéhistorie tidlegare i haust.
Medan politikarane dreiv med valkamp, gjorde det juridiske embetsverket ved Statsministerens kontor, ved ekspedisjonssjef Therese Steen, eit aldri så lite styringspolitisk kupp.
Punktnedslag i norsk samtidshistorie
3.12.: Prestar og dissidentar
10.12.: Utholing av demokratiet
17.12.: Det sosialdemokratiske hamskiftet
24.12.: Eit land utan leiarskap?