Prestar og dissidentar
Rune Slagstad har hatt ein livslang fascinasjon for tvilande teologar og marxistiske dissidentar, som korkje trur på Gud eller på Marx.
Albert Schweitzer, teologen, lækjaren og Bach-fortolkaren med mottoet «ærefrykt for livet», var helten min i ungdomen. Eg ville verte prest som han.
Den teologiske interessa mi var nok skjerpa av åra som avisbod for Dagen frå eg var åtte til eg var fjorten. Distribusjonen av det ikkje spesielt kroppsinteresserte hovudorganet for den lågkyrkjelege vestlandspietismen vart god dagleg trim for ein liten gutekropp, for i det aktuelle villastroket på grensa mellom Bergen og Fana var det langt mellom tingarane.
Mellom dei var Anna og Per Lønning, foreldra til dei noko meir kjende Inge og Per. Som avisbod vart eg kjend med gymnasiasten Inge, som seinare skulle verte eksaminator ved den einaste teologieksamenen min. Dei to avhandlingane Per skreiv om Kierkegaard og Blaise Pascal gav næring til den teofilosofiske interessa mi då eg sjølv var gymnasiast.
Då eg etter ein vinter som lærarvikar på Senja kom til Oslo for å studere, var eg uviss på om det skulle verte teologi, filosofi eller jus. Det vart teologien – i nokre år. Eg tok farvel med teologien via omsetjinga (saman med Trond Berg Eriksen) av Heinz Zahrnts Die Sache mit Gott, som kom ut på Gyldendal i 1969 med tittelen Saken gjelder Gud under den legendariske redaktøren Sigmund Hoftun.
Boka tok for seg protestantisk teologi i det 20. hundreåret, sentrert rundt tre personar: Karl Barth, med ein antifilosofisk dogmatikk som stod sterkt i norsk kyrkjeliv; Rudolf Bultmann, med eit Heidegger-inspirert avmytologiseringsprogram som var for radikalt for norsk teologi; og Paul Tillich, med ein sosialistisk eksistensteologi som var marginal i norsk samanheng, men tiltala meg. On the Boundary er tittelen på Paul Tillichs sjølvbiografiske skisse. Eg har kjent meg att i Tillichs skildring av den intellektuelle grensevandringa.
Ingrid Bjerkås, den fyrste kvinnelege presten vår, var på sitt vis ein grensevandrar som eg sommaren 1962 hadde følgt frå kyrkjelyd til kyrkjelyd langs yttersida av Senja med presteskøyta «Viken». Bjerkås var prestevigd av den liberalt opposisjonelle Hamar-bispen Kristian Schjelderup, som tidleg i 1950-åra hadde tala helvetesapostelen Ole Hallesby midt imot. I gravferda hennar i 1980 forretta den nyinnsette Høvik-presten Helge Hognestad, ein religiøst avvikande teolog med overveldande folkeleg støtte i søkjande miljø, men motarbeidd av den kyrkjelege makteliten. Bjerkås, Hognestad og Schjelderup var alle teologiske dissidentar.
Via sosiologiseminara mine på Blindern vart Hognestad og eg etter kvart førte nærare saman. Hognestad tok initiativ til boka Gud skapt i vårt bilde? på Gyldendal i 1980, via Hoftun, med bidrag av Ebbe Reichelt og underteikna (i realiteten to teologar og éin skapteolog). Undertittelen var ein graffitidialog eg hadde oppdaga på Londons undergrunnsbane: «’Gud er død. Nietzsche’ – ‘Nietzsche er død. Gud’».
Den sosiologisk reflekterte norske teologen Tor Aukrust vart i 1970-åra, via Helge Sivertsen, som stod Einar Gerhardsen nær, ein nytenkjande ideolog for Ap. Den nye kursen frå Ap-landsmøtet i 1975 bygde på ei utgreiing leidd av Sivertsen, men der sentrale delar, blant anna om tilhøvet kristendomen har til kapitalisme og sosialisme, var ført i pennen av Aukrust.
Ap hadde sidan 1923 sett på den religiøse innstillinga til den einskilde som ei privatsak. For eit marxistisk parti var det eigenleg «skadeleg og dumt» å ta stilling til religiøse spørsmål. For dermed ville dei politiske motstandarane få høve til å drive agitasjonen over frå økonomi til religion i eit spørsmål som likevel ville forsvinne under sosialismen.
Det kyrkjeframande Ap fekk slik i 1970-åra ein teolog som retningsgjevande ideolog, då partiet i 1975 gjorde kristendomen til ein del av den offisielle ideologien sin. Jesus vart sosialdemokrat – ei norsk oppfinning. Nokre år seinare kalla Einar Førde, den gong kyrkjeminister og nestleiar i partiet, samanstillinga av kristendom og sosialisme noko «kliss».
I midten av 1990-åra gjekk derimot den nye kyrkjeministeren i partiet, Gudmund Hernes, sjølv presteson, vidare med det nye KRL-faget langs den retninga 1975-landsmøtet hadde peika ut: kristendomen som nasjonal integrasjonsideologi for eit fleirkulturelt samfunn. Nokre år seinare fekk vi eit nytt kapittel i den forunderlege, eigenarta dialektikken sosialdemokrati-kristendom: Sosialdemokratiske teologar gjekk i spissen for avviklinga av statskyrkja, også i den sosialdemokratiserte varianten.
Sjølv om eg forlét teologien, var eg framleis interessert i teologi. Tiåra omkring 2000 markerte atterkomsten til religion i ulike variantar i dei vestlege sekulariserte samfunna, samstundes som teologane var fråverande i det offentlege rommet, også i Noreg.
Filosofane, ved nokre av dei, tok hand om det heilage som tematikk.
Jürgen Habermas, den fremste av dei kritiske marxistane i 1960-åra, feira 90-årsdagen med eit teofilosofisk tobandsverk. Den kanadiske filosofen Charles Taylor, også han til venstre for sentrum, skreiv eit stort verk om kva plass religion har i ei sekulær tid. Den verdikonservative Egil A. Wyller, den kanskje fremste av norske filosofar, la fram ein eigenarta fusjon av Platon og Kristus. Religionshistorikaren Gro Steinsland, som slektar på sosiologen Emile Durkheim, høyrer òg heime her. Ho har tematisert dei kultiske og mytiske dimensjonane i religionen og slått eit slag for ein «kosmisk religiøsitet», som ho sjølv finn på vidda på Dovrefjell, men ikkje berre der.
Tidleg på 1900-talet hadde OL-ideologen Pierre de Coubertin formulert sportsreligionen som ny samtidsreligion, religio athletae, som han kalla det. Den olympiske rørsla var ei stadionlaus rørsle som vart stadionproduserande med det klassiske OL-stadionet som romma to geometriske figurar: rektangel i ein oval. Sidan er stadion i det postmoderne vorte augneblinkskatedralar: eit sentrum for tilbakevendande rituelle feiringar, også for pavar.
Sjølv gjekk eg frå teologien til filosofien, og i tråd med tidsrytmen hamna eg i sosiologien. Dialektik der Aufklärung (Opplysningens dialektikk), signert Max Horkheimer og Theodor Adorno, er eit legendarisk sosialfilosofisk verk, eit av dei viktigaste samtidsdiagnostiske verka i det 20. hundreåret. Det er òg eit nøkkelverk i Frankfurterskulen, nemninga på den revisjonen av marxismen som vart lansert i 1930-åra av Horkheimer, Adorno og Herbert Marcuse, og som fekk eit revidert framhald gjennom Habermas i 1960-åra. Adornos og Habermas’ førelesningar og seminar, som eg følgde i Frankfurt på slutten av 1960-åra, vart ei skilsetjande røynsle.
Dialektik der Aufklärung var nedteikna av to desillusjonerte filosofar. Sovjetkommunismen hadde diskreditert marxismen. Heller ikkje den «statskapitalistiske» utviklinga i «den frie verda» gav grunn til håp. Desse «filosofiske fragmenta», undertittelen på nedteikningane deira, vart nærast sende ut i Stillehavet som «flaskepost» med eit løynleg håp om at dei ein dag skulle verte oppdaga «som ei lita stjerne» som vi knapt ville kunne sjå i vår formørka natt, slik Horkheimer formulerte det i eit brev til Paul Tillich. Verket vart gjeve ut i 1947 på eit emigrantforlag i Amsterdam.
Ein av dei som ovundra verket, var Michel Foucault, som først mot slutten av livet vart kjend med dette og andre av dei tidlege skriftene frå Frankfurterskulen: «Dersom eg hadde vorte kjend med desse filosofane i ungdomen, ville eg kan hende ha vorte så begistra for dei at eg ikkje kunne ha gjort noko anna enn å kommentere dei.»
Karel Kosik var ein austeuropeisk pendant til Frankfurterskulen. Den filosofiske studien hans Det konkretes dialektikk, som vart gjeven ut på tysk i 1967, høyrde til min faste bagasje. Då eg sommaren 1973 reiste til Praha, var det med eit håp om å treffe denne tsjekkiske dissidenten, som hadde vore ein av ideologane bak Prahavåren i 1968, med parolen om «sosialisme med eit menneskeleg andlet».
Eg fann han til sist på ein bakgardskafé der nokre av regimekritikarane møttest, og han inviterte meg heim til sitt vesle krypinn neste dag. (Det synte seg å vere den 21. august, femårsdagen for den sovjetiske invasjonen.)
Kosik var på det tidspunktet ribba for det meste, bortsett frå bøkene. Det var særleg tre spørsmål han gjerne ville høyre mitt syn på: utviklinga av Frankfurterskulen, Hamsun og hans støtte til Hitler og korleis det var å leve i eit land der det var mogeleg å vandre i dagevis i naturen utan å møte eit menneske.
To år seinare gjennomførte politiet ein razzia i husværet hans og tok med seg alle manuskripta, deriblant eit stort manus om «Sannhet».
Rune Slagstad
Institutt for samfunnsforsking
Denne serien er ein omarbeidd versjon av føredraget som Rune Slagstad heldt ved lanseringa av boka «Mine dannelsesagenter. En politisk idehistorie» tidlegare i haust.
Jesus vart sosialdemokrat – ei norsk oppfinning.
Punktnedslag i norsk samtidshistorie
3.12.: Prestar og dissidentar
10.12.: Fiendar av det opne samfunnet
17.12.: Det sosialdemokratiske hamskiftet
24.12.: Eit land utan leiarskap