JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssayFeature

Oppsynskvinna

Kor lenge kan eg gå fritt blant furuene i skogen før dei stengjer han?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7101
20240202

Skogen

May Linn Clement går i skogen for å koma nærare røtene sine.

Siste del

maylinnclement@hotmail.com

Skogen endrar seg når det er mørkt. Fargane, luktene og lydane. Det som er så kjent og ope i dagslys, vert framandt. Sjølv med lommelykt er det vanskeleg å finna stien. Difor går eg berre om dagen. Eg likar å sjå trea, og sjå kor eg trør.

«– Det kunne ha blitt et furuhelvete.» Eg skjøner jo kva dei meiner, alle Schibsted-avisene som sist veke trykte den same saka med denne same tittelen, om familien som bygde hus i trematerialar (mykje ask, ikkje berre furu), i same stil som alle dagsturhyttene som dei siste åra har poppa opp over ein låg tursko, slik at folk har ein stad å gå inn når dei går ut.

Den siste tida har eg blitt var på furu og alt som har med treet å gjera. Eg likar ikkje når folk dissar furua. Det verkar som ho ofte er andrevalet. Fyrst til utsjånaden, der det er naturleg å samanlikna furu med gran. Grana er stolt, streit og stødig. Strekkjer seg rett opp, og om folk får velja, er det grana dei vil krone med ei stjerne til jul.

Furuer, derimot, kan finna på å veksa i finurlege formasjonar. På eit tidspunkt tek eg meg sjølv i å le, heilt åleine i skogen, fordi ei fure er så imponerande morosam. Stammen har fyrst vakse oppover, men ser ut til å ha ombestemt seg etter nokre meter og teke ein u-sving ned igjen før ho heldt fram sidevegs. Kva kan ha skjedd? Var det ein vinter med tung snø som gjorde det, tru?

Furua er ikkje forfengeleg. Hadde grana kunna, ville ho teke nål-extensions eller brukt tupé om ho såg at ho vart tynn i tuppane. Oftare og oftare lurer eg på om eit grantre i ei stove er ekte eller ikkje, slik eg i mitt stille sinn lurer på håret og vippene til folk.

Det er mykje festlegare med furu, eg er ikkje i stuss om kven eg ville vore av trea i skogen. Eg ville vore ei furu, vennane mine ville vore furuer, og me ville ha baksnakka den konforme grana, spesielt edelgrana. Me ville ha ledd av henne – Edel, som trur ho er noko berre fordi nokon har gjeve henne eit gjævt namn, dei same nokon som vil tena pengar på henne.

«På eit tidspunkt tek eg meg sjølv i å le, heilt åleine i skogen, fordi ei furu er så imponerande morosam.»

Ein gong sa eg dette til onkel Kjell, tankane mine om gran versus furu.

– Gran, hmf!

Han bles slik besto pla gjera.

– Hadde det vore opp til meg, ville det aldri vore ei gran i stova mi. Men det er ikkje eg som bestemmer, sa han og viste taust til tante Helga.

Papsen handsama gran som om det var gull. Såg han ei lita spire av gran i skogen, kunne han rydda vekk tjue furuer rundt henne, slik at ho fekk veksa opp.

Dette var sant nok på 50- og 60-talet.

Eg har snakka med to andre naboar, begge menn, om temaet. Uavhengig av kvarandre seier dei nett det same. Det er kona som plent skal ha gran til jul.

Det freistar å sitera eit av William Blakes (1757–1827) «Ordtak fra helvete»: «En dåre ser ikke det samme treet som den vise ser», men eg skal ikkje gjera det.

Så til innhaldet, veden. Ifylgje Ildstedet.no er furu andrerangsved, slått av rogn, bøk, eik, ask, løn og bjørk. Osp, gråor og gran kjem dårlegast ut, så klart, sidan dei brenn fort og gjev minst brennverdi.

Men Lars Mytting kan i Hel ved fortelja at det er motar og myter knytte til kva tresortar som er best ved. Det var furu og gran, ikkje dagens moteved bjørk, som heldt nordmenn varme under andre verdskrigen.

Apropos mote. Ingen som nokon gong har møtt far min, tenkjer at dette er ein mann som er oppteken av mote eller fasade. Tvert imot. Men når det vert snakk om trevarer, då vaknar den indre Jan Thomas til live i han.

– Ein ting som er sikkert, sa han for nokre år sidan, då alle moteriktige stover skulle ha lyst, einstava eikegolv.

– Det er at trestava furuparkett alltid vil koma på mote igjen.

Det er fleire enn eg som har skrive om den evinnelege furu­–gran-striden, og eg var nøgd då eg såg at Jan Erik Vold tok mitt parti i saka, alt i 1968, med diktet «Furukonglesang»:

«(...) det er noe ved furukongla/ som grankongla aldri får. Jeg ser det klarere/ år for år.»

Sløyfa eg plar gå i skogen, byrjar ute på trappa. Derfrå går eg sørover den smale, asfalterte Larsavegen heilt til endes, forbi og bak huset til Helge og Laila, og så er eg i skogen. Etter å ha gått på stiar i tjue minutt, kjem eg til ein traktorveg. Denne har eg lenge brukt å fylgja heilt til eg er på asfalt, rett ut i fylkesvegen, like før der fartsgrensa går frå 60 til 80.

Dei tankane eg måtte ha i skogen og på traktorvegen, sloknar i overgangen til asfalt, og alt eg konsentrerer meg om, er å kombinera det å smila og helsa på bilistar med å unngå å bli påkøyrd. Dette strekket er så langt og rett at då fylkesvegen vart bygd på 60-talet, kom ungdommar reisande med ferje frå nabokommunane for å køyra fort nettopp her. No er det her den lokale køyreskulen set opp svarte dokker utan refleks og komande bilistar tek mørkekøyringa. 

I femti meter har eg gått langs dette utsette strekket, før eg kunne smetta bak ein trafostasjon og vera i skogen att, og nesten heime.

Kvar gong har eg tenkt at ein eller annan stad langs traktorvegen må det då finnast ein sti gjennom skogen, mellom furuene, slik at eg slepp å hamna på fylkesvegen, på asfalt.

Like før jul fann eg denne stien. I same sekund fall spørsmålet ned i hovudet mitt: Kor mange steg eg gå på asfalt mellom skogen og heime?

Då eg var lita og besøkte besteforeldra mine, pla eg leika tikken med syskenborna mine på hellene utanfor inngangsdøra. Det var fri i kvar ende av huset, og ein vart ute om ein trakka på strekane.

Når eg no skal telja kor mange gongar eg er nedi asfalten, har eg det litt på same viset. Hadde eg sett meg sjølv utanfrå, ville eg lurt på kva som feila meg, men her er fasiten: Går eg i grøfter og tek lange skritt når eg er nøydd til å kryssa vegen, klarar eg meg med 14 asfaltsteg éin veg. 28 totalt per tur. Det kan eg leva med.

Men det spørst kor lenge denne nyoppdaga stien kan nyttast. Det er kome ei mørk sky over skogen. Folk i Austevoll vatn og avløp vil etablera eit nytt vassverk i kommunen, og det vil dei helst ha her.

Om dei bestemmer seg for å gjera drikkevatn av Kvednavatnet, som ligg på andre sida av fylkesvegen og er det beste fiskevatnet i kommunen, vil dei leggja beslag på nedslagsvatnet her i skogen, Ljosavatnet, der me stod på skeiser no i januar.

Onkel Norvald går rundt Ljosavatnet kvar dag og kan fortelja at éin runde tek rundt 3000 skritt. 15. mars 2022 møtte han nevøen sin, og syskenbarnet mitt, Ståle, i skogen. Ståle talde rundane sine rundt Ljosavatnet, så det ville onkel Norvald òg byrja med. I skrivande stund, måndag 29. januar 2024, har han 925 rundar på blokka.

Eit vassverk vil truleg verka inn på all ferdsel her i skogen, både uttak av ved, aurefiske, hjortejakt, bading, skeising og – min favoritt – berre å gå og tenkja.

Men kven er eg mot Austevoll vatn og avløp? Berre eit kundenummer med fast trekk frå kontoen.

Stengjer dei skogen, treng eg sko som er eigna til å gå på asfalt.

Eg må koma meg heim før det vert mørkt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis