Respekt for landskapet
Noreg gjennomgår no den mest eksplosive utbygginga av natur og open mark i historia, ein aukande del av dette er invaderande, naturframande og miljøskadelege bygningsformer.
Kjøpesenteret Amfi i Ørsta sentrum.
Foto: Ronny Spaans
Kjøpesenteret Amfi i Ørsta sentrum.
Foto: Ronny Spaans
I denne prosessen har den såkalla modernistiske arkitekturen spelt ei ynkeleg rolle. Det starta i mellomkrigstida med ein sosial bodskap og ønske om å skape betre liv for småkårsfolk. I dag er denne arkitekturen ein servil handlangar for storkapitalen og omsynslause utbyggjarinteresser, i eit ran av det norske landskapet som går føre seg utan avbrot, med dei mest brutale fotavtrykk.
For kvar dag vert stadig større delar av landskapet lagde under betong, asfalt og stein, med og utan grønvasking, i eit invaderande formspråk og i naturframande materiale, fylgt av hole festtalar om klima og miljø.
Det skjer nesten utan motstand, fordi motkrefter mellom dei som har makta i politikk, kultur og næringsliv, knapt nok finst i dagens Noreg.
Ingen har eksakt oversyn over storleiken på det årlege arealtapet for natur og jordbruksland ved utbygging summert opp for verda totalt. Alle som fylgjer med og har auge til å sjå, kan likevel få med seg at tapet er enormt.
Landskapet
Nedbygginga av naturen har kome så langt at vi er nøydde til å syne atterhald i forbruket av han, syne respekt for landskapet, føye bygningane inn i landskapet og prøve å spele på lag med mangfaldet i former som landskapet byd oss.
For meg som har studert historie, ligg det nær å rette særskild merksemd mot kva vi byggjer og korleis. Det er fordi arkitektur er den av kunstartane som i særskild grad speglar dei ulike historiske epokane, utviklingsstega i samfunnstilhøve, makttilhøve, mentalitet og teknologi – og tilhøvet mennesket har til omgjevnadene sine.
Kva i naturen og landskapet er ei invaderande bygningsform? Det er bygningar med eit formspråk som er absolutt framandt for landskapet sitt eige formspråk. Det er ikkje minst i dei rettvinkla og linjalrette formene, som ikkje finst i naturen. Ofte vert dette understreka av ein materialbruk som er framand for naturens eigne førekomstar.
Banale argument
Den tradisjonelle og klassiske arkitekturen vart tabu å føre vidare, fordi funksjonalistane hadde forkynt at han var gamaldags, og storkonserna kunne gni seg i hendene når dei høyrde det. Men dei greidde ikkje heilt å bortforklare at den tradisjonelle og klassiske arkitekturen likevel har eit fortrinn i høve til det nye brutale byggjeriet, fordi han har eit større mangfald i former, som står i betre samsvar med den vrimmelen av ulike former som finst både i naturen og i menneskekroppen, og med ein materialbruk sterkare basert på lokale ressursar.
Då arkitekturopprøret fekk tyngd utpå vinteren 2021, rykte dei ut i tur og orden, talsmennene for den brutale arkitektur og deira etterplaprarar i media, for å gå til åtak på opprøret. I mangel av argument som heldt mål, gjekk det igjen som eit refreng: «Vi kan ikkje byggje som for hundre år sidan. Vi kan ikkje skru klokka hundre år tilbake.»
Dette er ei tåkelegging av realitetane i saka som er lett å gjennomskode. Det dreier seg ikkje om å skru klokka hundre år tilbake. Det dreier seg om å stagge utskeiingane i den brutale arkitekturen. Det nokre saknar, er at det skal vere lov å byggje hus med rikare former, mjukare og ikkje berre linjalrette, bygningar med innslag av fargar, former, av variasjon, av sanselegdom.
Venlege hus
Noko av det viktigaste med arkitekturopprøret er at det etterlyser hus som er venlege. Sjølv har eg delt inn bygningane våre i tre grupper: dei venlege husa, dei likegyldige husa og dei fiendtlege husa. Eg treng venlege hus for å overleve med fred i sinnet.
Dette har ingenting å gjere med å skru klokka hundre år tilbake. Det har å gjere med dei mest sjølvsagde menneskelege behova uavhengig av hundreår eller tidsalder, gjennom tusenvis av år. Om nokon skulle ynskje å byggje hus med fasadar som dei gjorde for hundre år sidan, så gjerne for meg, utan at dei skal behandlast som spedalske av kollegaene sine av den grunn. Eller om dei vil byggje som den erkeøkologiske Hundertwasser frå vår tid, som den nyskapande amerikanaren Frank Lloyd Wright, eller i psykedelisk stil, som vidareføring av art nouveau, eller postmodernistiske for den saks skuld, eller som vidareføring av det historiske norske, eller som hus frå eventyret.
Dette er i stor grad eit spørsmål om temperament. For min eigen del kjenner eg meg fjern frå all puritanisme, eg treng fargar og former og festlege innslag som eit livsbehov, fargar er frelsa i eit kaldt land der naturen er utan fargar halve året. Derfor var folkekunsten og bunadene til forfedrane våre så fargerike, og samekuftene òg, det var overlevingskunst, for å halde motet oppe i det kalde nord.
Det lettvinte refrenget om å skru klokka hundre år tilbake kjem i mangel av argument for den brutale arkitekturen som held mål. Det arkitekturopprøret ber om, slik eg har oppfatta det, er at det skal vere plass til anna enn den fiendtlege einsretta arkitekturen.
Brutale bygningar
Ein gong tilbake i 1972 hamna eg i ein heftig avisdebatt om kva som er miljøvenleg arkitektur. Dette var etter at Studentersamfundet i ein resolusjon hadde kritisert det nybygde studenthuset Chateau Neuf i Oslo, teikna av arkitektane Lund og Slaatto. Dei hadde teikna studenthuset med industribygg som førebilete, og eg viste med fotografi at det nye huset til studentane hadde ein komplett ytre likskap med det nye store søppelforbrenningsanlegget i Ballerup utanfor København som var bygd på same tid.
Dei harde, rette, geometriske formene er framande for naturen fordi dei ikkje finst i naturen. Dermed blir brotet med naturen så mykje sterkare markert i slike bygningar. Av og til kan dei modernistiske bygningane avvike frå kasseforma og tre fram som nonfigurative skulpturar i terrenget. Også desse blir som regel framandelement i landskapet på grunn av det avvikande i former og materialbruk.
Verdsett modernisme
Men det finst unntak der modernistane har lukkast med byggverk som nonfigurative skulpturar. Eitt eksempel er operabygget til Snøhetta-arkitektane i Oslo, det kan oppfattast som ei etterlikning av ein norsk isbre på det aller inste punktet i Oslofjorden, så langt som det er mogleg å segle inn i landet i Aust-Noreg. Ved å liggje så eineståande til og med den utforminga tiltrekkjer operabygget folk som kjem, og som liker å vandre på den tilsynelatande isbreen. Dermed vart Operaen det første modernistiske bygget i hovudstaden som vart elska av folk.
Av modernistiske kyrkjebygg i Noreg har Jan Inge Hovigs Ishavskatedral frå 1965 – eigentleg Tromsdalen kyrkje – mange tilhengarar. Desse eksempla vitnar om at modernistisk byggjekunst kan vere inspirerande på mange utanom den modernistiske skaren, men vilkåret er ein modernisme som er venleg og mjukare i formene, som ikkje er brutal og invaderande.
Korleis hus skal sjå ut, er i stor grad avhengig av ulikt sinnelag hos ulike menneske. Eitt er likevel ugjendriveleg: Den brutale arkitekturens gjennombrot på midten og slutten av 1900-talet innebar ei grunnleggande forvandling som gjekk langt vidare enn dei jamlege skifta i herskande smak og mote i tidlegare tider.
Fiendskapen til historia
Det var ein vesensskilnad, fordi grunntanken i denne retninga var å bryte totalt med tidlegare tider og tidlegare formgjeving. Ho ynskte medvite å vende ryggen til historia. Retninga erstatta alle tidlegare estetiske prinsipp med prinsippet om at berre funksjonen skulle vere avgjerande for utforminga. Det nye førebiletet var at bygget skulle vere seg sjølv nok og bryte med omgjevnadene.
Og framfor alt: Den brutale arkitekturen utraderte alle nasjonale og lokale dialektar innan byggjekunsten, slik at alle bygningar verda over skulle formast etter dei same modellane, frå Los Angeles til Shanghai. Dermed vart signalet gjeve for ei einsretting av verda som hadde vore utenkjeleg i tidlegare tider. På denne måten vart gjennombrotet for funksjonalismen og brutalismen ein tragedie for verdsarkitekturen. Denne einsrettinga av all bygningskultur i verda kom i tillegg til invaderinga av naturen og landskapet med eit formspråk framandt for formene i natur og landskap.
Dette er verkeleg annleis enn i alle tidlegare tider. Det som nokre kalla «the international style», inneber at om denne utviklinga held fram lenge nok, vil gradvis alle byar og stader verda over kome til å sjå like ut, med minkande leivningar av ein lokal arkitektur som får museumspreg. Tidlegare tiders hus uttrykte nettopp ulike språk og dialektar i byggjeskikken.
Her i landet kunne vi sjå opphavet til huset, om det var sørlandsk eller trøndersk, om det røpte eit opphav frå kystripa eller frå dalstroka innanfor, om det var hollandsk, sentraleuropeisk eller orientalsk, i fortidas tallause variasjonar. Det kunne skje at ein bygning avslørte seg som ein vaskeekte bergensar, kanskje med ein lettsindig vipp i takprofilen på gavlen, eller den sirlege fasaden fortalde om ein sorenskrivargard frå fjordbygda eller ein sindig gudbrandsdøl i laft.
Dei aller mest kyndige kunne hevde å dra kjensel på ein detalj frå eit særskilt bygdelag. Lett var det å peike ut dei som høyrde til i engelske bakgater i raud murstein, eller i ei middelhavsverd med kvitkalka vern mot sola. Kinesisk stil var sjeldan til å ta feil av, eller thai, eller dei mange variantane av indisk. Slik hadde alt sin eigen framtoning.
Verda blir einsretta
I det 21. hundreåret var dette forbi, nesten overalt. Det vart umogleg å tyde kvar eit nytt byggjeprosjekt høyrde heime, om det var oppført i Førde, Bjørvika, Los Angeles eller Yokohama. Dette er den arkitektoniske sida ved globaliseringa som vi alle er underlagde.
Gradvis blir dei menneskeskapte omgjevnadene våre lausrivne frå stadens signatur, nasjonalt, regionalt og lokalt. Den retninga i arkitekturen som lenge har hatt overtaket, vil måtte hevde at å gjenskape ein lokal dialekt i byggjeriet er utanpåklistra staffasje som må avvisast strengt, fordi verda er blitt ei og byggjeteknikken likeins. Dette har vore eit paradoks i våre dagar då mange så gjerne vil halde på sin dialekt når dei snakkar.
Den internasjonale stilen inneber at kvar gong ei bygd eller ein by seier ja til forvandling etter vår tids modell, er det eit steg på vegen til å bli kvar som helst. Mange har erfart at når vi sjølve er på reise, så blir vi tiltrekte av stader som har sitt eige ansikt og sin karakter i behald, mens den staden som er blitt kvar som helst, stiller vi oss likegyldige til. Den byen eller bygda som får høgst verdi, er den som maktar å halde på sitt eige ansikt, for ein lagar ikkje lenger slikt i våre dagar.
I mi levetid er mange norske byar og tettstader blitt forvandla, frå å vere stader med sitt eige ansikt til å bli stader med ansiktet skamfert etter omsynslaus juling. Vi kan sjå når vi reiser utanlands at landsbyar og småbyar på det europeiske kontinentet og på dei britiske øyane ofte har klart seg betre, trass i at kapitalkreftene er like sterke der. Forklaringa kan vere at tradisjonen og den kulturelle motstandskrafta i dei gamle europeiske nasjonane har vore meir robust, medan han har vore meir spinkel i byar og tettstader hos oss.
Det kunne også påpeikast at utdanninga til arkitektane var mangelfull, fordi ho romma praktisk talt ingenting frå dei psykologiske, sosiologiske, nevrologiske, miljømessige og økologiske konsekvensane av byggjeri og stadplanlegging.
Det gjer ikkje saka betre at dei faglege omtalane innan arkitektur – til liks med dei faglege omtalane innan biletkunst – påfallande ofte er prega av ugjennomtrengjeleg ordbruk og rein svada, ofte med eit lågt presisjonsnivå og uklare omgrep.
Nettopp luftig omgrepsbruk, svada og lågt presisjonsnivå er velkjende verkemiddel for å dekkje til at ein ikkje strekkjer til intellektuelt i forsøket på å grunngje den brutale arkitekturen. Til dømes når arkitektkomiteane skal rettferdiggjere tildeling av prisar som arkitektane gjev kvarandre, og utpeike vinnarar av arkitektkonkurransar. I slike tilfelle kan ein oppleve at det opnar seg eit svart hòl av svada.
Fornekting av fortida
Eit av dei fremste kjenneteikna ved gjennombrotet for modernistisk byggjekunst i det 20. hundreåret var å ta farvel med dei klassiske og historiske stilideala for å lage noko heilt nytt, urørt av tidlegare tider.
Dette vart modernismens og brutalismens fremste dogme. Å vidareutvikle tidlegare tiders byggjetradisjon vart den største synd av alle. Det som vart kalla ein byggjestil «for vår tid», skulle vere ein stil som braut med alle tidlegare stilartar frå før tida omkring 1930.
Ut frå denne dogmatismen vart ei vidareutvikling av tidlegare byggjetradisjonar utelukka frå utdanninga av arkitektar. Undersøkingar har vist at studentane ofte byrja på arkitektutdanninga med eit estetisk syn som ikkje skilde seg så mykje frå det som var vanleg blant folk flest, men etter kvart som dei kom vidare i utdanninga, utvikla dei eit syn i samsvar med prinsippa i modernismen. Dette kunne tolkast som auka innsikt og visdom, eller det kunne tolkast som indoktrinering, for ikkje å seie det nokon vil kalle hjernevask.
Men etter kvart som tida går, byrjar kravet om å forme husa i «vår tids stil» å lyde meir og meir holt. For det dei kallar «vår tids stil», har no vore førebiletet for dei tonegjevande arkitektar sidan om lag 1930, «vår tids stil» strekkjer seg med andre ord eit hundreår attende. Å «etterape tidlegare stilartar» er tabu. Men å etterape 1930-talsfunkis, det er heilt i orden og blir til og med lovprist. Men det er og blir etteraping av ein snart hundre år gamal stil, det også.
Vi hadde ein av dei finaste tradisjonane i verda for bygging i tre. Det har vore eit av dei fremste symbola på Noreg. Dersom denne bygningstradisjonen ikkje vert vidareført, vil han med tida bli borte i det nye.
Ulf Andenæs
Ulf Andenæs er utdanna historikar og har vore journalist i Aftenposten. I fleire tiår har han vore oppteken av arkitektur og byggjeskikk, mellom anna som medlem i redaksjonen for blada Fortidsvern og Fremtid for fortiden.
I løpet av mi levetid er mange norske byar og tettstader blitt forvandla, frå å vere stader med sitt eige ansikt, til å bli stader med ansiktet skamfert.
Arkitektur på villspor
Ulf Andenæs skriv om den brutaliserande arkitekturen som har heimsøkt landet og landskapet vårt dei siste 70 åra.
Del 1 av 3